Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 vart det vedteke at vedlegg XI til EØS-avtala skal endrast slik at det omfattar europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/39/EF av 10. juni 2002 om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet.

Postdirektivet (97/67/EF) har som føremål å skape felles rammevilkår for postoperatørar i den indre marknaden, og sikre ålmenta eit landsdekkjande tilbod av grunnleggjande posttenester (universelle tenester) av god kvalitet og til ein rimeleg pris. Postdirektivet gjev medlemsstatane høve til å reservere visse tenester til den eller dei postoperatørane som utfører den universelle tenesta, i den grad dette er naudsynt for å sikre eit universelt tenestetilbod. Dei tenestene som kan reserverast, er innsamling, sortering, transport og utlevering av innanlands og grensekryssande brevpostsendingar med vekt inntil 350 gram og med pris inntil fem gonger grunntaksten for eit prioritert brev innanfor den første vektklassen.

I direktiv 2002/39/EF er det fastsett ein plan for ei ytterlegare gradvis liberalisering av marknaden for posttenester, utan at det er sett ein dato for når postmarknaden skal vere fullt ut opna for konkurranse.

Frå 1. januar 2003 blir det tillatne einerettsområdet i EU avgrensa til brevpostsendingar med vekt inntil 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten for eit prioritert brev innanfor første vektklasse.

Frå 1. januar 2006 blir einerettsområdet redusert endå meir, til sendingar med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ei halv gonger grunntaksten.

Frå 1. januar 2003 skal som utgangspunkt all utgåande grensekryssande post vere liberalisert, men medlemsstatane kan gjere unntak dersom det er naudsynt for å sikre den universelle tenesta.

Vidare skal Kommisjonen gjere ein studie når det gjeld effekten av liberaliseringa for den universelle tenesta. Dersom studien viser at full liberalisering er mogleg i 2009 utan at det går ut over den universelle tenesta, skal Kommisjonen innan 31. desember 2006 gjere framlegg overfor Parlamentet og Rådet om at full liberalisering skal finne stad i 2009.

Direktivet inneheld òg andre føresegner. Mellom anna er det fastsett utdjupande reglar om prisfastsetjinga for operatørar med leveringspliktige tenester og høve til kryssubsidiering. Vidare er det presisert at medlemsstatane kan fastsetje klageordningar utanfor området for dei leveringspliktige tenestene og innanfor området av dei leveringspliktige tenestene der tenestene blir tilbydde av operatørar utan samfunnspålagde leveringsplikter.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for godkjenning frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendringar, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.

Fristen for å melde frå til EØS-komiteen om at Stortinget har gjeve samtykke er 6. juni 2003. Gjennomføringsfristen for direktivet er den same.

Samferdselsdepartementet har fremja ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg til naudsynte lovendringar (jf. Ot.prp. nr. 41 (2002-2003)). Elles blir norsk rett rekna for å vere i samsvar med direktivet.

Administrative og økonomiske konsekvensar

Ein reduksjon av eineretten vil kunne medverke til at Posten får lågare inntekter.

For å møte moglege reduserte inntekter som følgje av ein reduksjon av einerettsområdet - i tillegg til den inntektsreduksjonen som selskapet opplever no som følgje av at kundane i aukande grad nyttar elektroniske kommunikasjonsløysingar - gjennomfører Posten ei monaleg effektivisering av verksemda og ei omfattande satsing på betre service og nye potensielt lønsame tenester. For 2002 og 2003 har det vore lagt til grunn at det ikkje vil liggje føre overskot frå einerettsområdet. Etter gjeldande modell for statleg kjøp av posttenester er det Posten som ber risikoen ved eit eventuelt underskot på einerettsområdet. Det er usikkert om ein reduksjon av eineretten vil verke inn på statleg kjøp.

Det er vanlegvis venta at større konkurranse vil føre til at brukarane får eit betre og meir variert tenestetilbod til ein lågare pris. Samferdselsdepartementet reknar med at det same vil gjere seg gjeldande ved ei gradvis liberalisering av postmarknaden. Ettersom kravet om lik porto over heile landet gjeld tenester som er omfatta av eineretten til Posten, vil ein reduksjon av eineretten innebere at ein mindre del av brevposten vil vere omfatta av dette kravet.

Ein reduksjon av eineretten til Posten vil neppe få nemnande administrative konsekvensar.

Fråsegn frå utanrikskomiteen

Utanrikskomiteen har i brev av 21. mai 2003 meddelt at dei har ingen merknader til utkast til innstilling frå samferdselskomiteen.