Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, viser til at Stortinget i proposisjonen blir bede om å samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen, om å innlemme Europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/39/EF, om ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet. Dette er eit endringsdirektiv til det eksisterande postdirektivet. Postdirektivet har som føremål å skape felles rammevilkår for postoperatørar i den indre marknaden, og sikre ålmenta eit landsdekkjande tilbod av grunnleggjande posttenester (universelle tenester) av god kvalitet og til ein rimeleg pris.

Komiteen viser til at gjennomføring av direktiv 2002/39/EF føreset at det blir gjort endringar i postlova, og at desse endringsforslaga blir fremja i Ot.prp. nr. 41 (2002-2003). Direktiv 2002/39/EF fastset ein plan for ei ytterlegare gradvis liberalisering av marknaden for posttenester.

Komiteen understrekar at hovudformålet med postlova er å sikre eit landsdekkande formidlingstilbod av postsendingar til rimelege prisar og god kvalitet. Direktivet endrar ikkje at dei krava til det tilbodet av posttenester til rimeleg pris og god kvalitet som medlemsstatane har ei plikt til å sikre, er tilgjengeleg i alle delar av landet (det universelle tenestetilbodet).

Komiteen viser til at Posten i dag har einerett til jamnleg å formidle mot vederlag lukka adressert brevpost med vekt inntil 350 gram og med pris inntil fem gonger grunntaksten. Frå 1. januar 2003 blir det tillatne einerettsområdet i EU avgrensa til brevpostsendingar med vekt inntil 100 gram og med pris inntil tre gonger grunntaksten.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, støttar at frå 1. januar 2006 blir einerettsområdet sendingar med vekt inntil 50 gram og med pris inntil to og ei halv gonger grunntaksten. Marknaden for grensekryssande utgåande post skal som utgangspunkt opnast fullt ut for konkurranse frå 2003. Fleirtalet støttar følgjeleg at einerettsområdet til Posten blir endra i tråd med framlegget i proposisjonen.

Fleirtalet viser til at endringsdirektivet trekkjer snevrare rammer for høvet til å reservere marknaden for utgåande grensekryssande post enn gjeldande postdirektiv og dei fleste land i Europa, rettsleg og/eller faktisk har opna marknaden for grensekryssande utgåande post for konkurranse. Fleirtalet meiner difor at det er best i samsvar med direktivet at denne marknaden liberaliserast fullt ut frå 2003.

Fleirtalet viser til at ein reduksjon av einretten vil kunne medverke til at Posten får lågare inntekter. I kva grad dette vil skje, er uvisst, og følgjer m.a. av eventuelle effektivitetsgevinstar som auka konkurranse kan gje, og korleis Posten forsvarar marknadsposisjonen sin mot eventuelle konkurrentar. Fleirtalet viser til at det er usikkert om ein reduksjon av eineretten vil verke inn på statlege innkjøp.

Fleirtalet viser til at endringsdirektivet ikkje gjer det naudsynt med endringar i forhold til det universelle tenestetilbodet eller til kravet om lik porto over heile landet. Fleirtalet viser til den varsla stortingsmeldinga om verksemda til Posten Norge AS, der Stortinget vil få høve til å drøfte desse meir generelle postpolitiske spørsmåla.

Medlemene i komiteen, Arbeidarpart­iet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at ein reduksjon av eineretten vil kunne medverke til at Posten får lågare inntekter. Det kan føre til at Posten får mindre overskot å bruke til ulønnsame posttenester. Anten kan dei ulønnsame delane av verksemda bli redusert, og somme postkundar får dårlegare tenester, eller det inneber at statleg kjøp må aukast.

Desse medlemene viser til at kravet om lik porto over heile landet gjeld tenester som er omfatta av eineretten til posten, og ein reduksjon av eineretten inneber at ein mindre del av brevposten vil vere omfatta av dette kravet. Desse medlemene har som føresetnad at lik porto over heile landet blir oppretthalde for einerettområdet som ein viktig del av tenestenivået til Posten.

Desse medlemene viser til at postdirektivet fastset eit minstekrav til fem dagars omdeling av post, medan vi i Noreg har postombering til så å seie alle husstandar og verksemder alle verkedagar, det vil seie seks dagar i veka. Desse medlemene meiner at postomdeling alle verkedagar er ein viktig del av kvaliteten på posttilbodet.

Desse medlemene meiner at distribusjon av post framleis må vere ei infrastrukturteneste der samfunnet har eit ansvar for å gje likeverdige tenester til alle innbyggjarar. Det må oppretthaldast eit mest mogleg likt posttilbod til lik pris over heile landet. Alle basistenester (formidling av brevpost, aviser og blad i abonnement og lettgods inntil 20 kg) og grunnleggjande banktenester skal vere tilgjengeleg i alle kommunar i landet.

Medlemene i komiteeen frå Arbeidarpartiet syner til artikkel 23 i direktivet som seier:

"Uten hensyn til artikkel 7 skal kommisjonen hvert annet år, og første gang ikke senere enn 31. desember 2004, framlegge for Europaparlamentet og Rådet en rapport om anvendelsen av dette direktiv, særlig om økonomiske, sosiale, teknologiske og sysselsettingsmessige forhold samt om tjenestens kvalitet. Rapporten skal eventuelt være vedlagt forslag til Europaparlamentet og Rådet."

Ut frå dette ville det, etter desse medlemene si vurdering, vere meir naturleg å vente med vedtak om ytterlegare liberalisering frå 1. januar 2006, til etter den første evalueringa. Desse medlemene syner òg til tidlegare merknader om kor viktig det er å oppretthalde likeverdige tilbod over heile landet, og vil difor utsetje avgjerda om ytterlegare liberalisering til 2005. Dette er ei sakshandsaming som ikkje vil seinke den vidare prosessen.

Desse medlemene vil som konsekvens av dette, foreslå eit tillegg i forslag til vedtak slik:

"… med unnatak av avgjerda om å redusere einerettsområdet til Posten AS til 50 gram frå 1. januar 2006".

Desse medlemene fremjer difor følgjande forslag:

"Stortinget gjev samtykke til at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen nr. 168/2002 av 6. desember 2002 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsdirektiv 2002/39/EF om endring av direktiv 97/67/EF med omsyn til ytterlegare opning for konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet, med unnatak av avgjerda om å redusere einerettsområdet til Posten AS til 50 gram frå 1. januar 2006".

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til høyringsuttala frå Kommunal- og regionaldepartementet som er referert i Ot.prp. nr. 41 (2002-2003). Kommunal- og regionaldepartementet viser til at liberalisering sannsynlegvis vil kome sentrale strøk til gode, medan det i mindre sentrale strøk berre vil vere rom for ein aktør, og i somme strøk må staten truleg kjøpe posttenester. Kommunal- og regionaldepartementet uttalar vidare at forslaget vil redusere verdet av einskapsportoen som prinsipp fordi einerettsområdet blir redusert. Det kan derfor bli nødvendig å setje i verk tiltak som medverkar til å gje eit likeverdig tilbod av posttenester til konkurransedyktige prisar i alle delar av landet dersom ein liberalisering fører til økte skilnader med omsyn til prisar og tilbod. Dei seier at det på denne bakgrunnen er viktig å utrede konsekvensane av liberalisering for distrikta.

Desse medlemene viser til debatten om distriktspolitikk i Stortinget i mai 1995 der det vart vedteke:

"Stortinget ber Regjeringa fastlegge rutiner som sikrer at konsekvensene for distriktspolitikken blir utredet som en del av beslutningsgrunnlaget, når Stortinget skal avgjøre om politikken på viktige samfunnsområder skal legges om.

Desse medlemene kan ikkje sjå at det er gjort ein slik utredning av konsekvensane for distriktspolitikken i denne saka, og bed om at det blir gjort før det gjennomførast ytterlegare liberalisering av postmarknaden.

Desse medlemene går på dette grunnlaget imot å innlemme direktiv 2002/39/EF og å gjere dei foreslegne endringane i postlova. Endringane vil svekke prinsippet om mest mogleg like tenester til lik pris over heile landet og vil ikkje gagne norske forbrukarar.

Desse medlemene vil difor stemme imot forslaget i proposisjonen.