I dokumentet fremmes følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringa på ein
eigna måte, og seinast i samband med statsbudsjettet for
2004, fremje forslag om å styrkje og byggje ut drifta og
forvaltinga av nasjonalparkane og andre verneområde."
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Sylvia Brustad, Rolf Terje Klungland og Synnøve
Konglevoll, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Siri
A. Meling og Leif Frode Onarheim, fra Fremskrittspartiet, Øyvind
Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Sosialistisk Venstreparti,
Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, fra Kristelig Folkeparti,
Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og fra Senterpartiet, Hans
Seierstad, viser til brev fra miljøvernministeren
datert 11. april 2003 (vedlagt), hvor det sies at spørsmålet
om økte bevilgninger til arbeidet med drift og forvaltning
av nasjonalparkene vil bli vurdert på vanlig måte
i forbindelse med de årlige statsbudsjettene.
Komiteen viser til at spørsmål
knyttet til økt turistmessig bruk av nasjonalparksentre
er omtalt i Revidert nasjonalbudsjett, og at spørsmålet
derfor vil behandles der.
Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet
og Sosialistisk Venstreparti viser til den breie omtalen
nasjonalparkane har fått i Revidert nasjonalbudsjett 2003,
og at Regjeringa i kap. 1427 post 70 Tilskot til nasjonalparksentra,
foreslår å styrke innsatsen med 3 mill. kroner.
Dette er heilt i tråd med intensjonen i forslaget i denne
saka, kor forslagsstillarane vil ha ei styrking av innsatsen i samband
med forslag til statsbudsjettet for 2004.
Desse medlemene meiner det er
viktig å følge opp dei positive signala som miljøvernministeren
kjem med i forslaget til Revidert nasjonalbudsjett 2003. Ikkje minst
om innhaldet i omtalen i revidert budsjett skal ha meining og gje
det resultat miljøvernministeren ynskjer seg.
Desse medlemene tek difor opp
forslaget framsatt i Dokument nr. 8:62 (2002-2003).
Komiteens medlem fra Senterpartiet vil understreke
statens ansvar når det gjelder nasjonalparkene. Fordi det
er staten som oppretter parkene, må det også være
statens oppgave å finansiere forvaltning, inkludert tilsyn.
Når de vedtatte planene for nasjonalparker og landskapsvernområder
er gjennomført, vil dette berøre ca. 1/8
av landets areal. På denne bakgrunn er det viktig at staten
legger til rette for lokal næringsaktivitet og bærekraftig
utvikling på ulike måter.
Dette medlem støtter
forslaget i Dokument nr. 8:62 (2002-2003) og viser til at Senterpartiet
i forbindelse med budsjettbehandlingen for 2003 foreslo å øke bevilgningene
til statlig naturoppsyn i nasjonalparkene og til støtte
til nasjonalparksentrene. De som skal drive informasjon og tilsyn
i nasjonalparkene bør ha forankring i lokalsamfunnene,
og oppgavene kan gjerne løses ved å kjøpe
tjenester fra lokalt fjelloppsyn.
Forslag fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:
Stortinget ber Regjeringa på ein eigna måte, og seinast i samband med statsbudsjettet for 2004, fremje forslag om å styrkje og byggje ut drifta og forvaltinga av nasjonalparkane og andre verneområde.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Dokument nr. 8:62 (2002-2003) - forslag fra
stortingsrepresentantene Øystein Djupedal, Hallgeir H.
Langeland og Heidi Grande Røys om å styrkje og
byggje ut nasjonalparkforvaltinga - vedlegges protokollen.
Eg syner til brev dagsett 06.03.03.
Nasjonalparkar og andre store verneområde
er viktige element i regjeringa sitt arbeid med å ta vare
på den norske naturarven for oss sjølve og etterslekta.
Eit sentralt utgangspunkt for utvalet av område er at dei
skal vere i mest mogleg naturtilstand; vere mest mogleg urøyrde
i høve til bruk. Gjennom etablering av store verneområde
har samfunnet valt å regulere bruken av desse områda
slik at verneføremålet ikkje blir skadelidande.
Verneplanpolitikken er utforma av Storting og regjering
gjennom eigne meldingar og gjennom dei årlege budsjetta.
Ved sida av barskogvernet er arbeidet med gjennomføring
av nasjonalparkplanen høgt prioritert av Regjeringa. Til
no er 11 av dei om lag 50 framleggja gjennomførde, av desse
8 i perioden 2001 fram til no. I perioden 2003 til 2006 skal ytterligare
30 verneplanar sluttførast.
Nasjonalparkane våre ligg i det alt
vesentlege i eller tett opp til fjellområda. Men dei er
ulike når det gjeld storleik og bruk. Medan t d Rago, Ormtjernkampen
og Børgefjell nasjonalparkar har lite tilrettelegging og bruken
er liten, er nasjonalparkane på Hardangervidda, i Jotunheimen
og Rondane mykje brukte opp gjennom tidene, og det satt opp ulike
innretningar som har blitt snytt i samband med m a landbruksdrift
og friluftsliv/turisme.
Denne bruken er likevel i omfang mykje mindre
enn det ein finn i nasjonalparkar mange andre stader i verda. Om
ein t d ser på Abruzzo nasjonalpark i Italia som ofte er
trekt fram som eit eksempel til etterfølging for norsk
nasjonalparkforvalting, er denne bevisst avgrensa slik at det skal
være mogleg med utvikling av ulike typar av verksemd så som
reiselivstilbod som omfattar både overnatting, mat, lokale
produkt og aktivitetar innanfor nasjonalparken
sine grenser. Det tyder at ein i nasjonalparken har tatt med områder
der denne type aktivitetar kan gå føre seg utan
at dei naturfaglege verdiane i nasjonalparken elles blir skadelidande.
I Noreg er grensene medvite trekte slik at områder som
vert brukte eller kan brukast til tyngre tilrettelegging, blir liggjande utanfor nasjonalparken. Om t d Jotunheimen
nasjonalpark hadde blitt avgrensa på same måte
som Abruzzo-området ville truleg både vegen over
Valdresflya (Rv51) og Sognefjellsvegen (Rv55) vore inkludert i nasjonalparken,
og dermed òg Sognefjellshytta og Turtagrø. Kan
hende ville Lom sentrum kunne blitt ein del av nasjonalparken som spesiell
utviklingssone for nasjonalparkbasert reiseliv. Ulike tradisjonar
i etablering av nasjonalparkar kring i verda og stor variasjon i
omfanget av bruk, fører òg til at dei ulike nasjonalparkane
har valt ulike forvaltingskonstruksjonar med ulik omfang i bruk
av tilsette.
Dette er tilhøve ein må legge
til grunn når ein skal samanlikne organisering av forvaltinga
av nasjonalparkane i Noreg og utlandet. Organiseringa den norsk
nasjonalparkforvaltinga skil seg soleis på mange måtar
ut frå kva ein finn andre stader i verda. Vi er knytt til
den skandinaviske forvaltningstradisjonen med ein framtredande offentleg
styringsmodell gjennom departement, direktorat og fylkesmann. Denne
modellen omfattar utøving av forvaltningsmynde, skjøtsel
og oppsynsteneste. Informasjonsoppgåvene knytt til våre nasjonalparkar
er eit offentleg ansvar, og mange av desse oppgåvene vert
gjennomførte av m.a. autoriserte nasjonalparksentra som
er lokalisert kring fleire av nasjonalparkane. Friviljuge organisasjonar
som Den norske Turistforening og andre private entreprenørar driv
miljøbasert reiselivsverksemd og tilrettelegging elles
i eller opp mot fleire av våre nasjonalparkar. Desse gjer
på mange måtar mykje av det arbeidet som nasjonalparktilsette
gjer i utlandet.
Forslagsstillarane seier at det bør
byggjast opp "ei slagkraftig, lokal drift av nasjonalparkane gjennom nasjonalparksentra".
Vi har i dag 10 autoriserte nasjonalparksentra i Noreg. Dei er sjølvstendige,
privatdrivne stiftingar og har i første rekkje bygd opp
si kompetanse kring naturinformasjon. Eit avgrensa antall senter,
eigarstruktur og kompetanse gjer dei i dag ikkje eigna til å ta
over hele forvaltingsansvaret for verneområda våre.
Eg ser likevel ikkje bort ifrå at vi i framtida kan overføre
fleire oppgåver til slike sentra. Statens naturoppsyn har
t d allereie lokalisert fleire av sine kontor til desse sentra.
Vi vil ha ein laupande vurdering av om andre oppgåver òg
kan leggjast ut til sentra. Eg vil likevel presisere at drifta av
nasjonalparksentra òg i framtida bør baserast
på ein privat driftsstruktur, vere viktige kunnskapsformidlarar
om natur og forvalting av våre verneområde samt
vere viktige møtestader for lokal verksemd innanfor natur
og kultur generelt.
Eg vil vidare nemne at Stortinget har bede regjeringa gjennomføre
prøveprosjekt med lokal forvalting av tre verneområde
i nasjonalparkplanen: Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane, Forollhogna
og Verdal/Snåsa/Lierne. I tillegg har
regjeringa lagt opp til eit liknande prøveprosjekt for
forvaltinga av den utvida nasjonalparken på Dovrefjell.
Desse erfaringane skal evaluerast, og regjeringa vil kome attende
til Stortinget med resultatet av desse. Stortinget får
då høve til å drøfte ulike sider ved
nasjonalparkforvaltingsordninga på nytt.
Når det gjeld ulik bruk av våre
nasjonalparkar og andre større verneområde har
som kjend Stortinget bede Regjeringa kome attende innan 1. oktober
med ei utgreiing om økt turistmessig bruk og verdiskaping
av våre fjellområde.
Eg har merka meg forslagsstillarane sitt ønskje
og framlegg om økte ressursar til drift og forvalting av
våre nasjonalparkar og andre større verneområde.
Spørsmålet om økte løyvingar
til dette arbeidet vil bli vurdert på vanleg måte
i samband med dei årlege statsbudsjetta.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 4. juni 2003
Bror Yngve Rahm
leder |
Øyvind Korsberg
ordfører |