Forsvaret er i ferd med å innrette
seg mot å bli eit nettverksbasert forsvar på line
med våre nærmaste allierte i NATO. For å sikre
interoperabilitet med våre allierte og for å følgje
utviklinga innanfor transformasjonen av NATO, er det naudsynt å skaffe
seg LINK-16 til overføring av eit felles situasjonsbilete
mellom Forsvaret sine taktiske einingar, og mellom nasjonale og
allierte einingar. Eit felles situasjonsbilete vil gje ein raskare avgjerdsprosess,
der avgjerdene er baserte på felles forståing
av den aktuelle situasjonen. Dette er føremonar som ikkje
berre vil gjelde for det nasjonale forsvaret, men òg for
norske styrkar som opererer saman med allierte styrkar i internasjonale
operasjonar.
Prosjektet vart første gong omtala
i St.prp. nr. 1 (2002-2003) under prosjekt i konsept-, definisjons- eller
utviklingsfasen. Her vert både formålet og målet for
prosjektet presentert. Det vart, av omsyn til tidsplanen for bygginga
av dei nye fregattane og den alt vedtekne modifiseringa av F-16
jagarflya, fremja to delprosjekt for å skaffe til vege
LINK-16 til desse plattformene. Desse prosjekta vart godkjende av
Stortinget gjennom å auke kostnadsramma for fregattprosjektet og
oppgraderingsprosjektet for F-16, ref. Innst. S. nr. 225 (2002-2003),
jf. St.prp nr. 50 (2002-2003). Vidare inngår LINK-16 i
prosjektet for dei nye Skjold-klasse MTB"ane, som Stortinget
godkjende gjennom handsaminga av Innst. S. nr. 11 (2003-2004), jf.
St.prp. nr. 82 (2002-2003). I St.prp. nr. 1 (2003-2004) informerte departementet
om at hovudprosjektet vil verte lagt fram for Stortinget så snart
den naudsynte avgjerdsdokumentasjonen er utarbeidd og har vore til
ekstern kvalitetssikring.
Prosjektet vil skaffe til vege LINK-16 til dei
resterande jagarflya og luftvernsystemet NASAMS. Hærens
kommandoplassar og den foreslåtte ISTAR-kapasiteten vil
verte knytte til LINK-16-nettverket ved at dei får mobile
kommunikasjonsmodular, som kan nyttast både nasjonalt og
internasjonalt. Kommunikasjonsmodulane kan òg nyttast til å understøtte
styrkebidrag frå andre forsvarsgreiner i internasjonale
operasjonar. I tillegg må ein skaffe seg naudsynt bakkeutstyr,
utdannings- og treningsmateriell og logistikkstøtte.
For å etablere LINK-16-kapasitet, er
det naudsynt med mindre organisatoriske endringar innanfor den eksisterande
organisasjonen i Forsvaret. I tillegg vil det verte etablert eit øvingsområde
for LINK-16 utanfor Ørlandet, der ein kan trene på nettverksbaserte
operasjonar, også i samarbeid med allierte styrkar. Noreg
vil på denne måten kunne tilby ein øvingskapasitet
som er etterspurt i NATO.
Prosjektet har vore kvalitetssikra eksternt.
Dei største utfordringane i prosjektet er knytte til integrasjon
av LINK-16 til dei eksisterande kommando- og kommunikasjonssystema.
Det er elles tryggleik knytte til sjølve LINK-16-terminalane,
då desse er skaffa direkte frå amerikanske styresmakter.
Som følgje av ein viss risiko i prosjektet,
er det etablert ei kuttliste.
Det vil bli kravd gjenkjøp i hendhald
til gjeldande retningsliner for etablering og gjennomføring
av gjenkjøp ved Forsvarets kjøp frå utanlandske
leverandørar.
Kostnadsramma for prosjektet på post
45 er 934,4 mill. kroner. Gjennomføringskostnadene på post
1, er 98 mill. kroner. Kostnader knytte til eigedom, bygg og anlegg
(EBA) på kapittel 1710 post 47 er på 13,6 mill. kroner.
Totalprosjektet si kostnadsramme er 1 046 mill. kroner.