Nytt sjømålsmissil (NSM) er
eit utviklingsprosjekt som vart etablert på midten av 1990-talet
med forventa avslutning i 2000, jf. St.prp. nr. 1 (1994-1995). Bakgrunnen
var behovet for å utvikle nye sjømålsmissilar
til m.a. dei nye fregattane og dei nye MTB"ane. Det er Kongsberg
Defence & Aerospace (KDA) som står for utviklinga
på grunnlag av ein fastpriskontrakt frå 1997. Ferdigstillinga
av utviklingsprosjektet er vorte forseinka fleire gonger. Den gjeldande
planen for ferdigstilling er slutten av 2005, jf. omtale i St.prp.
nr. 1 (2003-2004).
Det har vore ein føresetnad at det
skulle leggjast fram eit nytt prosjekt for sjølve nyskaffinga
av missilsystemet, samstundes med avslutninga av utviklingsprosjektet.
Som omtala i St.prp. nr. 1 (2003-2004) er det enno ikkje tilstrekkeleg
grunnlag til å ta stilling til eit nyskaffingsprosjekt.
Det vil verte lagt fram for Stortinget når avgjerdsgrunnlaget
er tilfredsstillande.
Prosjektet med å skaffe til vege missilsystemet
vil omfatte alle leveransar, dvs. produksjonsførebuingar, leveransar
av skipsfast utstyr, testmissilar, serieproduksjonen mv. Dermed
er både fregattprosjektet og MTB-prosjektet avhengig av
leveransar som høyrer til missilsystemprosjektet.
På grunn av forseinkingane i utviklingsprosjektet NSM,
og at nyskaffingsprosjektet ikkje enno er starta, må ein
imøtekome spesielle behov i det pågåande
fregattprosjektet.
I samsvar med byggekontrakten med det spanske verftet
frå 2000, skal Forsvaret for eiga rekning og risiko sørgje
for at verftet under bygginga får rettidig tilgang på skipsfast
utstyr, dokumentasjon mv., som vil gjere fartøya i stand
til å bruke NSM. Forsvaret har difor innhenta eit pristilbod
på ein kontrakt med KDA, ein overgangsfase, som
kan sikre Forsvaret si evne til å oppfylle leveranseforpliktingane
i fregattprosjektet. Tilbodet medrekna pris er berre eit utgangspunkt
og er gjenstand for vidare forhandlingar. Ved ei seinare framlegging
av eit heilt nyskaffingsprosjekt for NSM, vil utgiftene til overgangsfasen
verte lagt inn som del av kostnadsramma. I det pågåande utviklingsprosjektet NSM er det lagt til
grunn at det kan verte aktuelt å starte opp førebuande
tiltak i nyskaffingsfasen, før sjølve hovudkontrakten.
Dette skal gjerast for å gje ein smidig overgang til serieproduksjon
for å halde nede kostnader og risiko. Overgangsfasen er
eit risikoreduserande tiltak i denne samanhengen.
Følgjande føresetnader skal
leggjast til grunn for ei overgangsfase: Berre strengt vurdert naudsynte
tiltak for å oppfylle norske kontraktsforpliktingar i fregattprosjektet
skal gjennomførast før nyskaffingsfasen. Vidare
vil Forsvaret i høgst mogeleg grad verte skjerma for den
risikoen som er oppstått ved forseinkingane i utviklinga
av NSM og for den risikoen som kan oppstå ved avvik frå planen
for den attståande delen av denne utviklingsfasen.
Forsvarsdepartementet vil sjå til at
Forsvaret set i verk dei naudsynte risikoreduserande tiltaka. Ved
eit tilfredsstillande forhandlingsresultat tek Regjeringa sikte
på at Forsvaret, i løpet av året og innan
gjeldande økonomiske rammer og løyvingar, inngår
ein overgangskontrakt som sikrar Forsvaret si evne til å møte sine
forpliktingar i fregattprosjektet.
På denne bakgrunnen legg Forsvarsdepartementet fram
forslag til fullmaktsvedtak til å inngå kontraktar som
sikrar evna til å oppfylle Forsvaret sine forpliktingar
i fregattprosjektet med omsyn til leveransar knytta til overflatemissilsystem
(vedtak II). Som nemnt vil berre strengt naudsynte tiltak for å oppfylle
norske kontraktsforpliktingar i fregattnyskaffinga gjennomførast
før sjølve nyskaffingsfasen. Ein eventuell framtidig
serienyskaffing av NSM vil verte lagt fram for Stortinget til handsaming
på vanleg måte, og utbetalingane til overgangskontrakt
vil då verte innarbeidd i den samla kostnadsramma for eit
slikt prosjekt.