Prosjektet vart godkjent av Stortinget ved handsaminga
av Innst. S. nr. 7 (2001-2002), jf. St.prp. nr. 1 (2001-2002).
Pansernedkjemping - middels rekkevidde - er
eit supplement til dei eksisterande våpensystema som har både
kort og lang rekkevidde. Prosjektet skal innan 2007 skaffe til vege
panserbekjempingsvåpen, med naudsynt logistikk, tilleggsutrusting,
ammunisjon og utdannings- og treningssystem. Kontrakten vart inngått ultimo
2003 med ein lågare kostnad enn forventa. Kostnadsramma
er difor nedjustert frå 1 260 til 922 mill. kroner på post
45. Dette er innarbeidd i dei økonomiske utrekningane som
ligg til grunn for St.prp. nr. 42 (2003-2004).
Gjennomføring av prosjektet og kostnader
til EBA utgjer 22 mill. kroner. Totalprosjektet si kostnadsramme
er 944 mill. kroner.
Prosjektet vart vedteke ved Stortinget si handsaming av
Innst. S. nr. 207 (1998-1999), jf. St.prp. nr. 65 (1998-1999), med
ei økonomisk ramme på 12 240 mill. kroner. Ved
Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 192 (1999-2000), jf. St.prp.
nr. 48 (1999-2000), vart prosjektet si økonomiske ramme
justert til 14 066 mill. kroner. Denne justeringa inneheldt korrigeringar
på grunn av endra valutakursar og faktisk priseskalering samt
at ein frå dette tidspunktet òg tok med i kostnadsramma
gjennomføringskostnadene for prosjektet. Omfanget til prosjektet
er sidan, ved Stortinget si handsaming av Innst. S. nr. 225 (2002-2003),
jf. St.prp. nr. 50 (2002-2003), utvida til òg å omfatte
integrasjon og installasjon av Taktisk Data Link-16 (LINK-16). Justert
kostnadsramme i 2004-verdi, medrekna LINK-16 og gjennomføringskostnader,
er på 16 083 mill. kroner. Bortsett frå rammeaukinga
knytt til integrasjon og installasjon av LINK-16, har kostnadsramma
for prosjektet ikkje hatt nokon reell auking.
I samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet
om ekstern kvalitetssikring i samband med store statlege investeringar,
gjennomførde Forsvarsdepartementet hausten 1999, ved hjelp
av Holte Prosjekt, ei uavhengig risikoanalyse av prosjektet. På same
måten gjennomførde Forsvaret ei sjølvstendig
analyse og ei supplerande analyse ved hjelp av Det Norske Veritas. Dei
overordna konklusjonane frå analysane vart presenterte
som ein integrert del av St.prp. nr. 48 (1999-2000). I tillegg oversendte
Forsvarsdepartementet rapportane frå dei to nemnde eksterne
analysane til forsvarskomiteen. Holte Prosjekt sin analyse konkluderte
i hovudtrekk med at det knytter seg betydeleg risiko til fregattprosjektet
og at det difor er behov for ein betydeleg risikoavsetning. I samband
med handsaminga av Innst. S. nr. 192 (1999-2000) slutta Stortinget seg
til forslaget frå Regjeringa med omsyn til prosjektomfang
og kostnadsramme.
Forsvaret har, i samsvar med tilrådingane
i Holte Prosjekt sin rapport, og i den grad det har vore mogeleg,
sett i verk dei tilrådde tiltaka. Vidare har Forsvaret, som
ein del av prosjektorganisasjonen for fregattprosjektet, oppretta
eit eige element og ein tilhøyrande prosess for jamt å kunne
evaluere risikobiletet i prosjektet og for å identifisere,
implementere og følgje opp endå fleire risikoreduserande
tiltak. Som eit supplement til Forsvaret sine regulære
risikoanalysar og, sett i lys av den store omstillinga som Forsvaret
for tida gjennomgår, valde Forsvarsdepartementet, i samråd med
Finansdepartementet, hausten 2003 å setje i verk ei ekstern
gjennomgang av fregattprosjektet. Gjennomgangen har vore retta mot
utvalde område i prosjektet og er utført i regi
av Metier Scandinavia AS.
Metier Scandinavia AS kom 26. januar 2004 med
ein førebels rapport frå første fase
i gjennomgangen - ein studie av status når det gjeld prosjektdokumentasjon
og innleiande risikoanalyse basert på Forsvaret sin eigen risikodatabase.
Den førebels rapporten frå fase 2 - kvalitativ
og kvantitativ risikoanalyse - vart lagt fram 25. februar 2004.
Den overordna konklusjonen som vert trekt i desse førebels
rapportane er at risikobiletet stort sett er uendra sett i høve
til det som kom fram i rapporten frå Holte Prosjekt sin
analyse i januar 2000. Det er behov for ei grundig gjennomgang av
alle aspekt i saka før ein kan trekkje endelege konklusjonar,
og før ein kan ta stilling til eventuelle ekstra risikoreduserande
tiltak. Forsvarsdepartementet tek sikte på å kome
tilbake til saka i St.prp. nr. 1 til hausten.