Samandrag

I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2004 i samsvar med pkt. 2 nedanfor.

Kap. 900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900)

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Løyvinga dekkjer tilskot for norsk deltaking i fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna for ispatruljeteneste i det nordlege Atlanterhavet utført av den amerikanske kystvakta. Kostnadane ved ispatruljetenesta vert i utgangspunktet dekt av USA som deretter krev refusjon frå deltakarlanda. Innkrevjingssystemet har delvis svikta dei siste åra slik at det har vorte ytterlegare etterslep i innbetaling av refusjon frå deltakarlanda. Det vert inga utbetaling av tilskot til ispatruljeteneste i 2004. Departementet gjer derfor framlegg om at løyvinga under kap. 900 post 70 for 2004 vert sett ned med 3 mill. kroner, frå 16 til 13 mill. kroner. I staden kan det verte aktuelt å dekkje refusjon for ispatruljeteneste for fleire år i 2005.

Kap 920 Noregs forskingsråd

Post 50 Tilskot

På statsbudsjettet i 2004 vart det løyvd 4,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Forskingsrådet har no gjort nye overslag for dei institutta som kjem inn under omlegginga av arbeidsgjevaravgifta. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om at løyvinga til Noregs forskingsråd vert sett ned med 3,7 mill. kroner, frå 860,5 mill. kroner til 856,8 mill. kroner.

Kap. 922 Norsk Romsenter

Post 50 Tilskot

Det er lagt til grunn at den delen av løyvinga til Norsk Romsenter som gjeld tilskot til European Space Agency (ESA) skal justerast dersom valutakursen på euro har endra seg i budsjettåret i høve til kursen som vart lagt til grunn for saldert budsjett. Samla gir dette grunnlag for å auke løyvinga med 4,7 mill. kroner, frå 274 mill. kroner til 278,7 mill. kroner.

Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)

Post 70 (ny) Tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette, kan overførast

Etter at dei to siste fabrikkane i Raufoss-konsernet, Fluid og Chassis, vart selt i mai og juni 2004 til høves­vis Kongsberg Automotive og Neuman-konsernet, er det ikkje lenger aktivitetar att i Raufoss ASA. Selskapet kom 1. juli 2004 under avvikling.

Samla underdekking av pensjonane i Raufoss-konsernet er rekna til 41,159 mill. kroner, og ca. 500 personar er ramma. Raufoss-pensjonistane har opparbeidd seg rettar tilsvarande ytingar gjeve av Statens Pensjonskasse. Pensjonane frå Raufoss-konsernet er ikkje sikra slik som i Statens Pensjonskasse. Dei er avhengige av jamnlege innbetalingar til forsikringsselskapet frå Raufoss-konsernet. Alle innbetalingane frå Raufoss-konsernet til Vital Forsikring ASA vart stogga då Raufoss ASA kom under avvikling.

Staten er ikkje juridisk forplikta til å ordne opp i saka. Regjeringa har likevel signalisert vilje til å finne ei løysing for dei om lag 500 pensjonistane under føresetnad av samtykke frå Stortinget. Regjeringa legg opp til at staten v/Nærings- og handelsdepartementet dekker opp underdekkinga på om lag 42 mill. kroner, mot at staten trer inn i pensjonistane sine krav mot Raufoss ASA.

Departementet legg til grunn at staten skal ha krav på dividenden som føresetnad for å tre inn i RA sine plikter mot pensjonistane, og at departementet har nødvendig fullmakt til å slutte avtale med forsikringsselskapet, buet og pensjonistane i dette høvet. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å løyve 42 mill. kroner under kap. 950 ny post 70, og legg til grunn at det ikkje vil vere behov for ytterlegare løyvingar til dette føremålet.

Kap. 2421 Innovasjon Noreg (jf. kap. 5325 og 5625)

Post 50 Nyskaping, fond

For at tapsfondet for landsdekkande risikolån skal dekke uspesifiserte tapsavsetningar, gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å styrke tapsfondet knytt til landsdekkande risikolån med 38 mill. kroner ved å auke løyvinga under kap. 2421 post 50 i proposisjonen. Til grunn for framlegget ligg planen for ekstraordinær styrking av tapsfondet over ein pe­riode på fire år. Første tilføring på 100 mill. kroner vart løyvd i proposisjonen om endring av statsbudsjettet for 2003, jf. St.prp. nr. 18 og Innst. S. nr. 71 for (2003-2004).

Post 51 Tapsfond, såkornkapitalfond

Det er for 2004 løyvd 100 mill. kroner i tapsfond til den distriktsretta såkornordninga. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere denne løyvinga med 25 mill. kroner, frå 100 mill. kroner til 75 mill. kroner. Dette vil frigi 25 mill. kroner frå tapsfondet som skal nyttast til delvis dekking av ei ny ordning med administrasjonsstønad for fonda over ein periode på 15 år f.o.m. 2005.

Post 77 (ny) Tilskot til oppbygging av eigenkapital under lågrisikolåneordninga

Regjeringa ønskjer ein robust eigenkapital i Innovasjon Noreg slik at det ikkje vil vere nødvendig at selskapet tek kontakt med eigardepartementet for å styrke tapsavsetninga. Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 39,6 mill. kroner for å styrke eigenkapitalen knytt til lågrisikolåneordninga. Dette er ein del av ein 4-årig plan. Første tilføring på 27 mill. kroner vart løyvd gjennom proposisjonen om endring av statsbudsjettet for 2003, jf. St.prp. nr. 18 (2003-2004) og Innst. S. nr. 71 (2003-2004).

Post 90 Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving

Innlån og avdrag har i 2004 auka fordi Innovasjon Noreg nyttar meir kortsiktige lån enn ein la til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber at avdraga òg aukar om lag tilsvarande, jf. omtale under kap. 5325 post 90. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 4,4 mrd. kroner, frå 30,35 mrd. kroner til 34,75 mrd. kroner.

Post 91 Lån til såkornkapitalfond

For å gjere ordninga med distriktsretta såkornfond meir attraktiv for private investorar, gjer Regjeringa framlegg om endringar i rammevilkåra for ordninga. Endringane vil gi private investorar betre moglegheit for vinst, redusere kostnadane deira og redusere kravet til privat kapital i ordninga. Renta på staten sine ansvarlege lån vert sett til 12 mnd. NIBOR + 0,5 prosent­poeng. Staten sin del av den totale kapitalbase i ordninga vert auka til maksimum 70 pst., og den totale låneramma vert foreslått redusert med 100 mill. kroner til 700 mill. kroner. Dette inneber at kravet til privat kapital vert senka frå 800 mill. kroner til 300 mill. kroner og vil gi fire fond med 250 mill. kroner. Ein gjer framlegg om å oppretthalde tapsfondet på 25 pst. av den totale statlege låneramma. Endringane må notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere låneramma for staten sine ansvarlege lån i 2004 med 100 mill. kroner, frå 400 mill. kroner til 300 mill. kroner.

Kap. 2426 SIVA SF (jf. kap. 3961 og 5609)

Post 90 Lån, overslagsløyving

Prognoser frå SIVA SF viser eit lågare lånebehov enn forventa. SIVA SF har betalt avdrag utan refinansiering i nye lån i 2004.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 55 mill. kroner frå 205 mill. kroner til 150 mill. kroner.

Post 95 (ny) Eigenkapital

I St.meld. nr. 46 (2003-2004) Om verksemda til SIVA i framtida, som vart sendt Stortinget 18. juni 2004, legg Regjeringa opp til at SIVA si gjeld i statskassa skal reduserast med 250 mill. kroner, og at den øvre låneramma skal reduserast frå 970 mill. kroner til om lag 700 mill. kroner. Dette er viktig for å betre økonomien til SIVA, sidan gjelda i selskapet er for høg jamført med avkastinga av verksemda.

I meldinga gjer ein framlegg om å tilføre SIVA 150 mill. kroner over nokre år, til nedbetaling av gjelda til statskassa. Dette skal skje gjennom å konvertere gjeld til eigenkapital. Ut over dette skal SIVA sjølv innfri 100 mill. kroner av gjelda.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å konvertere 90 mill. kroner av SIVA sin gjeld til statskassa til eigenkapital i 2004. Den konverteringa det er lagt opp til i statsbudsjettet for 2005 og dei neste to åra ligg fast. Dette inneber at SIVA for sin del vil nedbetale 10 mill. kroner av statskasselånet i perioden 2004-2007.

Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900)

Post 3 Salsinntekter

Denne posten omfattar inntekter frå sal av tungtvatn til Institutt for Energiteknikk (IFE) på grunnlag av avtale mellom staten ved Nærings- og handelsdepartementet (dåverande Nærings- og energidepartementet) og IFE frå 1995.

På grunnlag av uttaket av tungtvatn i den aktuelle perioden gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,18 mill. kroner, frå 1,5 mill. kroner til 320 000 kroner.

Kap. 3901 Styret for det industrielle rettsvern (Patentstyret) (jf. kap. 901)

Første halvår 2004 har vore prega av lågare inntekter enn venta for Patentstyret. Dette skuldast i hovudsak to forhold. For det første har talet på søknader, og såleis inntektene frå søknadsavgifter, vore lågare enn venta. Denne utviklinga vil venteleg halda fram òg i andre halvår. For det andre har det i samband med innføringa av eit nytt elektronisk sakshandsamingssystem i 2004 vorte innført nye rutinar for fakturering.

Samla ventar ein at inntektene under kap. 3901 vert om lag 13 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett for 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om følgjande endringar:

  • – Redusere post 1 Patentavgifter, med 3,3 mill. kroner, frå 113,4 mill. kroner til 110,1 mill. kroner.

  • – Redusere post 2 Varemerkeavgifter, med 3 mill. kroner, frå 47,4 mill. kroner til 44,4 mill. kroner.

  • – Auke post 3 Mønsteravgifter, med 0,4 mill. kroner, frå 2,1 mill. kroner til 2,5 mill. kroner. Aukinga under denne posten skuldast inntekter, frå avgifter i samband med utviding av designvernet. Dette hadde ein ikkje budsjettert med i den opphavlege løyvinga.

  • – Redusere post 4 Ymse avgifter, med 5,5 mill. kroner, frå 8,1 mill. kroner til 2,6 mill. kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak forenkling og fjerning av fleire mindre avgifter i 2003, som òg får verknad på inntektene i 2004.

  • – Redusere post 5 Inntekt av informasjonstenester, med 1,6 mill. kroner, frå 7,4 mill. kroner til 5,8 mill. kroner.

Kap. 3904 Brønnøysundregistra (jf. kap. 904)

Post 1 Gebyrinntekter

Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga med 30 mill. kroner, frå 370,7 mill. kroner til 400,7 mill. kroner.

Kap. 3939 Støtte til skipsbygging (jf. kap. 939)

Post 52 (ny) Tilbakeføring frå fond for ei avgrensa ordning for støtte ved skipskontraktar

Ordninga har vore lite utnytta, og Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å tilbakeføre 42,4 mill. kroner av fondsmidla.

Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656)

Post 80 (ny) Sal av aksjar i SND Invest AS

Nærings- og handelsdepartementet selde aksjane i SND Invest AS til Four Seasons Venture IV AS hausten 2003. I rekneskapen til SND Invest AS var det bokført i overkant av 23 mill. kroner i samband med at hovud­aksjonær Norway Seafoods Holding AS gjekk til tvungen innløysing av SND Invest sine om lag 1,4 millionar aksjar i Norway Seafoods AS. Norway Seafoods Holding har no utbetalt den delen av innløysingssummen til Nærings- og handelsdepartementet som svarar til det opphavlege tilbodet i samband med innløysinga på kr 16 pr. aksje.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 23 mill. kroner under kap. 3950 ny post 80 på statsbudsjettet 2004.

Post 95 Tilbakeføring av Statens Bankinvesteringsfond

På bakgrunn av avviklinga av Statens Bankinvesteringsfond vart resten av grunnkapitalen på 43,733 mill. kroner betalt attende til staten 30. september 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 43,733 mill. kroner, frå 11 114,82 mill. kroner til 11 158,553 mill. kroner.

Post 96 Sal av aksjar

I samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr. 63 (2003-2004) og Innst. S. nr. 250 (2003-2004) vart det løyvd nærare 9,6 mrd. kroner frå sal og tilbakekjøp av aksjar frå Norsk Hydro ASA, Telenor ASA og NOAH Holding AS.

I statsbudsjettet for 2004 er det løyvd 10 mill. kroner på førehand under post 96, jf. St.prp. nr. 1 (2003-2004). På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å sette ned løyvinga med 10 mill. kroner, frå 9 597,1 mill. kroner til 9 587,1 mill. kroner på statsbudsjettet for 2004.

Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting (jf. 2426 og 5656)

Post 70 Garantiprovisjon, Statkraft SF

Etter endringa i statsforetakslova som tok til å gjelde 1. januar 2003, vart det rekna ut ein garantipremie for alle Statkraft SF sine lån som vart teke opp før endringa i lova. Basert på informasjon frå Statkraft SF vil garantiprovisjonen i 2004 verte 19,5 mill. kroner lågare enn forventa. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere løyvinga med til saman 19,5 mill. kroner, frå 255 mill. kroner til 235,5 mill. kroner.

Post 92 Avdrag på uteståande fordringar, SIVA SF

I budsjettprosessen hausten 2003 vart det teke omsyn til avdrag av lån på 205 mill. kroner med ei løyving under kap. 3961 post 92. Seinare, i desember 2003, gjorde SIVA eit låneopptak med forfall i 2004, og som ein derfor ikkje hadde teke omsyn til i løyvinga for 2004.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg for å ta omsyn til lånet og auker løyvinga med 35 mill. kroner, frå 205 mill. kroner til 240 mill. kroner.

Kap. 5325 Innovasjon Noreg (jf. kap. 2421 og 5625)

Post 90 Avdrag på uteståande fordringar

Posten omfattar avdrag på gamle og nye lån til Innovasjon Noreg frå statskassa. Ein viser til omtale ovanfor under kap. 2421 post 90. Som følgje av større innlånsbehov enn forventa, gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 5,64 mrd. kroner, frå 30,235 mrd. kroner til 35,875 mrd. kroner.

Kap. 5343 Statens varekrigsforsikring

Post 50 Avvikling

Endeleg avviklingsrekneskap for Statens varekrigsforsikring vart lagt fram i juni 2004. Basert på dette er det grunnlag for å tilbakeføre ytterlegare 5,7 mill. kroner til statskassa. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner, frå 160 mill. kroner til 165,7 mill. kroner.

Kap. 5609 Renter frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 3961)

Post 81 Renter, Statkraft SF

I samband med debitorskifte ved omorganiseringa av Statkraft vert renteinntektene på statens lån til selskapet 1,5 mill. kroner høgare enn løyvd. Låna vart inntil overtakinga indirekte garantert av staten. Etter overføring av låna skal Statkraft AS i staden betale ein kompensasjon i form av ein kredittmargin på 0,473 pst. Marginen kjem i tillegg til gjeldande rente og skal kompensere for lågare garantiprovisjon.

På dette grunnlag gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga med 1,5 mill. kroner, frå 77,6 mill. kroner til 79,1 mill. kroner.

Kap. 5656 Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950)

Post 80 Utbyte

Som følgje av avviklinga av Statens Bankinvesteringsfond er det innbetalt ytterlegare 9 mill. kroner i utbyte i 2004.

På dette grunnlaget gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å auke utbyteløyvinga med 9 mill. kroner, frå 7 572 mill. kroner til 7 581 mill. kroner.