I denne proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2004 i samsvar med pkt. 2 nedanfor.
Løyvinga dekkjer tilskot for norsk
deltaking i fleire internasjonale organisasjonar, mellom anna for ispatruljeteneste
i det nordlege Atlanterhavet utført av den amerikanske
kystvakta. Kostnadane ved ispatruljetenesta vert i utgangspunktet
dekt av USA som deretter krev refusjon frå deltakarlanda.
Innkrevjingssystemet har delvis svikta dei siste åra slik
at det har vorte ytterlegare etterslep i innbetaling av refusjon
frå deltakarlanda. Det vert inga utbetaling av tilskot
til ispatruljeteneste i 2004. Departementet gjer derfor framlegg
om at løyvinga under kap. 900 post 70 for 2004 vert sett
ned med 3 mill. kroner, frå 16 til 13 mill. kroner. I staden
kan det verte aktuelt å dekkje refusjon for ispatruljeteneste
for fleire år i 2005.
På statsbudsjettet i 2004 vart det
løyvd 4,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd
som kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift. Forskingsrådet
har no gjort nye overslag for dei institutta som kjem inn under
omlegginga av arbeidsgjevaravgifta. Nærings- og handelsdepartementet
gjer derfor framlegg om at løyvinga til Noregs forskingsråd
vert sett ned med 3,7 mill. kroner, frå 860,5 mill. kroner
til 856,8 mill. kroner.
Det er lagt til grunn at den delen av løyvinga
til Norsk Romsenter som gjeld tilskot til European Space Agency
(ESA) skal justerast dersom valutakursen på euro har endra
seg i budsjettåret i høve til kursen som vart
lagt til grunn for saldert budsjett. Samla gir dette grunnlag for å auke
løyvinga med 4,7 mill. kroner, frå 274 mill. kroner
til 278,7 mill. kroner.
Etter at dei to siste fabrikkane i Raufoss-konsernet, Fluid
og Chassis, vart selt i mai og juni 2004 til høvesvis
Kongsberg Automotive og Neuman-konsernet, er det ikkje lenger aktivitetar
att i Raufoss ASA. Selskapet kom 1. juli 2004 under avvikling.
Samla underdekking av pensjonane i Raufoss-konsernet
er rekna til 41,159 mill. kroner, og ca. 500 personar er ramma.
Raufoss-pensjonistane har opparbeidd seg rettar tilsvarande ytingar
gjeve av Statens Pensjonskasse. Pensjonane frå Raufoss-konsernet
er ikkje sikra slik som i Statens Pensjonskasse. Dei er avhengige
av jamnlege innbetalingar til forsikringsselskapet frå Raufoss-konsernet.
Alle innbetalingane frå Raufoss-konsernet til Vital Forsikring
ASA vart stogga då Raufoss ASA kom under avvikling.
Staten er ikkje juridisk forplikta til å ordne
opp i saka. Regjeringa har likevel signalisert vilje til å finne
ei løysing for dei om lag 500 pensjonistane under føresetnad
av samtykke frå Stortinget. Regjeringa legg opp til at
staten v/Nærings- og handelsdepartementet dekker opp
underdekkinga på om lag 42 mill. kroner, mot at staten
trer inn i pensjonistane sine krav mot Raufoss ASA.
Departementet legg til grunn at staten skal
ha krav på dividenden som føresetnad for å tre
inn i RA sine plikter mot pensjonistane, og at departementet har
nødvendig fullmakt til å slutte avtale med forsikringsselskapet,
buet og pensjonistane i dette høvet. Nærings-
og handelsdepartementet gjer framlegg om å løyve
42 mill. kroner under kap. 950 ny post 70, og legg til grunn at
det ikkje vil vere behov for ytterlegare løyvingar til
dette føremålet.
For at tapsfondet for landsdekkande risikolån
skal dekke uspesifiserte tapsavsetningar, gjer Nærings-
og handelsdepartementet framlegg om å styrke tapsfondet
knytt til landsdekkande risikolån med 38 mill. kroner ved å auke
løyvinga under kap. 2421 post 50 i proposisjonen. Til grunn
for framlegget ligg planen for ekstraordinær styrking av
tapsfondet over ein periode på fire år.
Første tilføring på 100 mill. kroner vart
løyvd i proposisjonen om endring av statsbudsjettet for
2003, jf. St.prp. nr. 18 og Innst. S. nr. 71 for (2003-2004).
Det er for 2004 løyvd 100 mill. kroner
i tapsfond til den distriktsretta såkornordninga. Nærings-
og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere denne løyvinga
med 25 mill. kroner, frå 100 mill. kroner til 75 mill.
kroner. Dette vil frigi 25 mill. kroner frå tapsfondet
som skal nyttast til delvis dekking av ei ny ordning med administrasjonsstønad
for fonda over ein periode på 15 år f.o.m. 2005.
Regjeringa ønskjer ein robust eigenkapital
i Innovasjon Noreg slik at det ikkje vil vere nødvendig
at selskapet tek kontakt med eigardepartementet for å styrke tapsavsetninga.
Departementet gjer derfor framlegg om ei løyving på 39,6
mill. kroner for å styrke eigenkapitalen knytt til lågrisikolåneordninga.
Dette er ein del av ein 4-årig plan. Første tilføring
på 27 mill. kroner vart løyvd gjennom proposisjonen
om endring av statsbudsjettet for 2003, jf. St.prp. nr. 18 (2003-2004)
og Innst. S. nr. 71 (2003-2004).
Innlån og avdrag har i 2004 auka fordi
Innovasjon Noreg nyttar meir kortsiktige lån enn ein la
til grunn ved salderinga av budsjettet. Dette inneber at avdraga òg
aukar om lag tilsvarande, jf. omtale under kap. 5325 post 90. Nærings-
og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å auke
løyvinga med 4,4 mrd. kroner, frå 30,35 mrd. kroner
til 34,75 mrd. kroner.
For å gjere ordninga med distriktsretta
såkornfond meir attraktiv for private investorar, gjer
Regjeringa framlegg om endringar i rammevilkåra for ordninga. Endringane
vil gi private investorar betre moglegheit for vinst, redusere kostnadane
deira og redusere kravet til privat kapital i ordninga. Renta på staten
sine ansvarlege lån vert sett til 12 mnd. NIBOR + 0,5
prosentpoeng. Staten sin del av den totale kapitalbase
i ordninga vert auka til maksimum 70 pst., og den totale låneramma
vert foreslått redusert med 100 mill. kroner til 700 mill.
kroner. Dette inneber at kravet til privat kapital vert senka frå 800
mill. kroner til 300 mill. kroner og vil gi fire fond med 250 mill.
kroner. Ein gjer framlegg om å oppretthalde tapsfondet
på 25 pst. av den totale statlege låneramma. Endringane
må notifiserast til EFTA sitt overvakingsorgan.
Nærings- og handelsdepartementet gjer
framlegg om å redusere låneramma for staten sine
ansvarlege lån i 2004 med 100 mill. kroner, frå 400
mill. kroner til 300 mill. kroner.
Prognoser frå SIVA SF viser eit lågare
lånebehov enn forventa. SIVA SF har betalt avdrag utan
refinansiering i nye lån i 2004.
Nærings- og handelsdepartementet gjer
framlegg om å redusere løyvinga med 55 mill. kroner
frå 205 mill. kroner til 150 mill. kroner.
I St.meld. nr. 46 (2003-2004) Om verksemda til SIVA
i framtida, som vart sendt Stortinget 18. juni 2004, legg Regjeringa
opp til at SIVA si gjeld i statskassa skal reduserast med 250 mill.
kroner, og at den øvre låneramma skal reduserast
frå 970 mill. kroner til om lag 700 mill. kroner. Dette
er viktig for å betre økonomien til SIVA, sidan
gjelda i selskapet er for høg jamført med avkastinga
av verksemda.
I meldinga gjer ein framlegg om å tilføre
SIVA 150 mill. kroner over nokre år, til nedbetaling av
gjelda til statskassa. Dette skal skje gjennom å konvertere
gjeld til eigenkapital. Ut over dette skal SIVA sjølv innfri 100
mill. kroner av gjelda.
Nærings- og handelsdepartementet gjer
framlegg om å konvertere 90 mill. kroner av SIVA sin gjeld
til statskassa til eigenkapital i 2004. Den konverteringa det er lagt
opp til i statsbudsjettet for 2005 og dei neste to åra ligg
fast. Dette inneber at SIVA for sin del vil nedbetale 10 mill. kroner
av statskasselånet i perioden 2004-2007.
Denne posten omfattar inntekter frå sal
av tungtvatn til Institutt for Energiteknikk (IFE) på grunnlag
av avtale mellom staten ved Nærings- og handelsdepartementet
(dåverande Nærings- og energidepartementet) og
IFE frå 1995.
På grunnlag av uttaket av tungtvatn
i den aktuelle perioden gjer Nærings- og handelsdepartementet
framlegg om å redusere løyvinga med 1,18 mill.
kroner, frå 1,5 mill. kroner til 320 000 kroner.
Første halvår 2004 har vore
prega av lågare inntekter enn venta for Patentstyret. Dette
skuldast i hovudsak to forhold. For det første har talet
på søknader, og såleis inntektene frå søknadsavgifter,
vore lågare enn venta. Denne utviklinga vil venteleg halda
fram òg i andre halvår. For det andre har det
i samband med innføringa av eit nytt elektronisk sakshandsamingssystem
i 2004 vorte innført nye rutinar for fakturering.
Samla ventar ein at inntektene under kap. 3901
vert om lag 13 mill. kroner lågare enn vedtatt budsjett
for 2004. Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg
om følgjande endringar:
– Redusere
post 1 Patentavgifter, med 3,3 mill. kroner, frå 113,4
mill. kroner til 110,1 mill. kroner.
– Redusere post 2 Varemerkeavgifter,
med 3 mill. kroner, frå 47,4 mill. kroner til 44,4 mill.
kroner.
– Auke post 3 Mønsteravgifter,
med 0,4 mill. kroner, frå 2,1 mill. kroner til 2,5 mill.
kroner. Aukinga under denne posten skuldast inntekter, frå avgifter i
samband med utviding av designvernet. Dette hadde ein ikkje budsjettert
med i den opphavlege løyvinga.
– Redusere post 4 Ymse avgifter,
med 5,5 mill. kroner, frå 8,1 mill. kroner til 2,6 mill.
kroner. Reduksjonen skuldast i hovudsak forenkling og fjerning av
fleire mindre avgifter i 2003, som òg får verknad
på inntektene i 2004.
– Redusere post 5 Inntekt av informasjonstenester, med
1,6 mill. kroner, frå 7,4 mill. kroner til 5,8 mill. kroner.
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra
har auka meir enn forventa i 2004. Nærings- og handelsdepartementet
gjer difor framlegg om å auke løyvinga med 30
mill. kroner, frå 370,7 mill. kroner til 400,7 mill. kroner.
Ordninga har vore lite utnytta, og Nærings-
og handelsdepartementet gjer framlegg om å tilbakeføre
42,4 mill. kroner av fondsmidla.
Nærings- og handelsdepartementet selde
aksjane i SND Invest AS til Four Seasons Venture IV AS hausten 2003.
I rekneskapen til SND Invest AS var det bokført i overkant
av 23 mill. kroner i samband med at hovudaksjonær
Norway Seafoods Holding AS gjekk til tvungen innløysing
av SND Invest sine om lag 1,4 millionar aksjar i Norway Seafoods
AS. Norway Seafoods Holding har no utbetalt den delen av innløysingssummen
til Nærings- og handelsdepartementet som svarar til det
opphavlege tilbodet i samband med innløysinga på kr
16 pr. aksje.
På dette grunnlaget gjer Nærings-
og handelsdepartementet framlegg om å løyve 23
mill. kroner under kap. 3950 ny post 80 på statsbudsjettet
2004.
På bakgrunn av avviklinga av Statens
Bankinvesteringsfond vart resten av grunnkapitalen på 43,733
mill. kroner betalt attende til staten 30. september 2004. Nærings-
og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga
med 43,733 mill. kroner, frå 11 114,82 mill. kroner til
11 158,553 mill. kroner.
I samband med Stortinget si handsaming av St.prp. nr.
63 (2003-2004) og Innst. S. nr. 250 (2003-2004) vart det løyvd
nærare 9,6 mrd. kroner frå sal og tilbakekjøp
av aksjar frå Norsk Hydro ASA, Telenor ASA og NOAH Holding
AS.
I statsbudsjettet for 2004 er det løyvd
10 mill. kroner på førehand under post 96, jf.
St.prp. nr. 1 (2003-2004). På dette grunnlaget gjer Nærings-
og handelsdepartementet framlegg om å sette ned løyvinga
med 10 mill. kroner, frå 9 597,1 mill. kroner til 9 587,1
mill. kroner på statsbudsjettet for 2004.
Etter endringa i statsforetakslova som tok til å gjelde 1.
januar 2003, vart det rekna ut ein garantipremie for alle Statkraft
SF sine lån som vart teke opp før endringa i lova.
Basert på informasjon frå Statkraft SF vil garantiprovisjonen
i 2004 verte 19,5 mill. kroner lågare enn forventa. Nærings-
og handelsdepartementet gjer derfor framlegg om å redusere
løyvinga med til saman 19,5 mill. kroner, frå 255
mill. kroner til 235,5 mill. kroner.
I budsjettprosessen hausten 2003 vart det teke
omsyn til avdrag av lån på 205 mill. kroner med
ei løyving under kap. 3961 post 92. Seinare, i desember
2003, gjorde SIVA eit låneopptak med forfall i 2004, og
som ein derfor ikkje hadde teke omsyn til i løyvinga for 2004.
Nærings- og handelsdepartementet gjer
framlegg for å ta omsyn til lånet og auker løyvinga
med 35 mill. kroner, frå 205 mill. kroner til 240 mill.
kroner.
Posten omfattar avdrag på gamle og
nye lån til Innovasjon Noreg frå statskassa. Ein
viser til omtale ovanfor under kap. 2421 post 90. Som følgje
av større innlånsbehov enn forventa, gjer Nærings-
og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 5,64 mrd. kroner, frå 30,235 mrd. kroner til 35,875 mrd.
kroner.
Endeleg avviklingsrekneskap for Statens varekrigsforsikring
vart lagt fram i juni 2004. Basert på dette er det grunnlag
for å tilbakeføre ytterlegare 5,7 mill. kroner
til statskassa. Nærings- og handelsdepartementet gjer derfor
framlegg om å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner,
frå 160 mill. kroner til 165,7 mill. kroner.
I samband med debitorskifte ved omorganiseringa
av Statkraft vert renteinntektene på statens lån
til selskapet 1,5 mill. kroner høgare enn løyvd.
Låna vart inntil overtakinga indirekte garantert av staten.
Etter overføring av låna skal Statkraft AS i staden
betale ein kompensasjon i form av ein kredittmargin på 0,473
pst. Marginen kjem i tillegg til gjeldande rente og skal kompensere
for lågare garantiprovisjon.
På dette grunnlag gjer Nærings-
og handelsdepartementet framlegg om å auke løyvinga
med 1,5 mill. kroner, frå 77,6 mill. kroner til 79,1 mill.
kroner.
Som følgje av avviklinga av Statens
Bankinvesteringsfond er det innbetalt ytterlegare 9 mill. kroner
i utbyte i 2004.
På dette grunnlaget gjer Nærings-
og handelsdepartementet framlegg om å auke utbyteløyvinga
med 9 mill. kroner, frå 7 572 mill. kroner til 7 581 mill.
kroner.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Olav Akselsen, Bendiks H. Arnesen, Grethe Fossli og Aud Gaundal, frå Høgre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og frå Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til St.prp. nr. 16 (2004-2005) om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2004 under Nærings- og handelsdepartementet.
Komiteen støttar
dei initiativ Regjeringa har tatt for å sikra pensjonane
for tidlegare Raufoss-tilsette. Komiteen har ingen
merknader til dei premissane Regjeringa har lagt til grunn.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Senterpartiet,
viser til Dokument nr. 8:114 (2002-2003) 18. juni 2003 der Regjeringen
ble anmodet om, senest i forbindelse med statsbudsjettet for 2004, å tilføre Statkraft
10 mrd. kroner i ny egenkapital for å styrke selskapet. Flertallet viser
videre til Innst. S. nr. 248 (2003-2004) der Regjeringen ble anmodet
om å legge aksjelovens normalregler til grunn ved fastsettelse
av utbytte for Statkraft SF. Flertallet registrerer
at Regjeringen ikke har fulgt opp anmodningene fra Stortinget. I
statsbudsjettet for 2005 foreslår Regjeringen å omgjøre
sistnevnte stortingsvedtak. Flertallet har merket
seg at Regjeringen foreslår et utbytte på 78 pst.
av samlet konsernresultat medregnet salgsgevinster, anslått til
3,4 mrd. kroner. Videre legges det teknisk til grunn at utbytte
skal ligge på 75 pst. i perioden 2006-2008. Flertallet vil
videre minne om at utbytteuttakene de to siste årene har
vært tilnærmet 95 pst. til tross for Stortingets vedtak
i 2000 om maksimalt utbytte på 50 pst.
Flertallet peker på at
bakgrunnen for Stortingets vedtak om kapitaltilførsel samt
at aksjelovens normalbestemmelser skulle gjelde for Statkraft, var
foretakets sterkt reduserte kredittverdighet på grunn av
at staten hadde gått ut av sitt garantiansvar som følge
av lov om statsforetak. Videre har staten som eier tatt ut nesten
hele utbyttet gjennom flere år i tillegg til at foretaket
fortsatt er pålagt en rekke sektorpolitiske oppgaver.
Flertallet viser til at bortfallet
av statsgarantien stiller Statkraft på linje med andre
aktører i kraftbransjen konkurransemessig. Samtidig har
selskapets posisjon i forhold til konkurrentene blitt betydelig svekket
gjennom utbytteuttak i øvre kvartil, mens konkurrentene
oftest har et utbyttenivå i størrelsesorden 30
til 50 pst. Flertallet vil også påpeke
at de sektorpolitiske oppgavene Statkraft er pålagt utgjør
en vesentlig negativ verdi for foretaket og svekker dets muligheter
til å konkurrere på like vilkår med andre aktører.
Flertallet konstaterer at Regjeringen
ikke har fastlagt rammebetingelser i tråd med Stortingets
vedtak slik at hele potensialet for fremtidig verdiskapning kan utløses.
Derfor mener flertallet det haster med å få de
nødvendige rammebetingelsene på plass slik at Statkraft
kan komme ut av en situasjon preget av usikkerhet og dermed kan
bedre inntjeningsmulighetene på vegne av eierne, det norske
folk.
Flertalletlegger
til grunn at Norge trenger konkurransedyktige aktører i
det nordiske og europeiske kraftmarkedet. Dette er vesentlig, ikke
minst for å beholde og videreutvikle norsk kompetanse og
norske arbeidsplasser i denne delen av energisektoren. Flertallet minner
om at denne sektoren er under meget rask omstrukturering og konsolidering
i Norden og Europa. Derfor mener flertallet at Statkraft
må gis like vilkår som konkurrentene. Så lenge
Regjeringen velger å se bort fra dette, vil flertallet kontinuerlig
vurdere statlig kapitaltilførsel til foretaket. Flertallet går
inn for en styrking av Statkrafts egenkapitalsituasjon på nåværende
tidspunkt.
For å setje Statkraft i stand til å ivareta
den strategien Stortinget tidlegare har slutta seg til, vil fleirtalet løyva
4 mrd. kroner til Statkraft no i haust.
Fleirtalet fremjar følgjande
forslag:
"Kap. 950 ny post 91 Eigenkapital
Statkraft SF, vert løyva med kr 4 000 000 000."
Komiteens medlemmer fra Høyre
og Kristelig Folkeparti viser til at Statkraft har fått redusert
sitt utbyttekrav i det fremlagte budsjettet. I fjor ble det vedtatt
et utbytte for Statkraft på 95 pst. av overskuddet. Basert
på den gode inntjeningen Statkraft vil ha i 2004, har Regjeringen
lagt opp til å redusere utbytte tilsvarende 78 pst. av
anslått konsernresultat etter minoritetsinteresser for
2004. Dette tilsvarer et anslag på 3 402 mill. kroner i
utbytte fra Statkraft.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener
Argentum Fondsinvesteringer as er et viktig virkemiddel for å styrke
tilgangen på risikokapital til næringslivet i
et samarbeid mellom staten og private.
Disse medlemmer viser til at
en verdivurdering av selskapet så langt konkluderer med
betydelig verdistigning. Størrelsen på antatt
verdistigning gjør at selskapet med en viss grad av sannsynlighet
kan innestå for at målet om avkastning på risikofri
rente + 10 pst. så langt synes å være
oppfylt.
Disse medlemmer registrerer at
Argentum vil ha kommitert hele sin nåværende kapitalbase
i løpet av 2005. Dersom selskapets investeringsstrategi
skal realiseres, er det nødvendig med en ytterligere kapitalallokering
fra staten. Disse medlemmer foreslår at Argentum
styrkes i tråd med selskapets investeringsstrategi.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
"Kap. 950 post 95 Aksjekapital Argentum
fondsinvesteringer AS, bevilges med kr 1 800 000 000."
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet
og Senterpartiet viser til at de geografiske områdene
for den distriktsrettede såkornordningen er svært
store, og at det innenfor disse regionene er svært store
variasjoner i næringsgrunnlaget. Disse medlemmer vil
derfor foreslå at det opprettes 2 regionale fond innenfor
hvert av de før definerte geografiske områder,
slik at det blir 8 og ikke 4 fond.
Disse medlemmer fremmer på denne
bakgrunn følgende forslag:
"Tallet på distriktsrettede
såkornfond blir utvidet fra 4 til 8."
Disse medlemmer viser til at
det er gått over ett og et halvt år siden Stortinget
vedtok å opprette den distriktsbaserte såkornordningen. Disse
medlemmer konstaterer at behovet for ordningen er stort
og at den derfor bør bli operativ så snart som
mulig. Disse medlemmer fremmer derfor følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen sørge
for at de distriktsbaserte såkornfondene gjøres
operative så snart som mulig."
Komiteen har ingen merknadar
til endringane, men vil visa til merknadane til dette kapitlet i
budsjettet for 2005, jf. Budsjett-innst. S. nr. 8 (2004-2005).
Forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet:
Forslag 1
Tallet på distriktsrettede såkornfond blir utvidet fra 4 til 8.
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen sørge for at de distriktsbaserte såkornfondene gjøres operative så snart som mulig.
Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 3
Kap. 950 post 95 Aksjekapital Argentum fondsinvesteringer AS, bevilges med kr 1 800 000 000.
Komiteen si tilråding vert fremja av ein samla komité med unnatak av kap. 950 ny post 91 Eigenkapital Statkraft, som vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og Senterpartiet.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere fylgjande
vedtak:
I statsbudsjettet for 2004 gjeres fylgjande endringar:
I
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
|
|
|
|
|
|
Utgifter: |
|
900 |
|
Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 3900) |
|
|
70 |
Tilskot til internasjonale organisasjonar, blir redusert med |
3 000 000 |
|
|
frå kr 16 000 000 til kr 13 000 000 |
|
920 |
|
Noregs forskingsråd |
|
|
50 |
Tilskot, blir redusert med |
3 700 000 |
|
|
frå kr 860 500 000 til kr 856 800 000 |
|
922 |
|
Norsk Romsenter |
|
|
50 |
Tilskot, blir auka med |
4 700 000 |
|
|
frå kr 274 000 000 til kr 278 700 000 |
|
950 |
|
Forvalting av statleg eigarskap (jf. 3950 og 5656) |
|
(ny) |
70 |
Tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette, kan overførast , blir løyvd med |
42 000 000 |
(ny) |
91 |
Eigenkapital Statkraft SF, blir løyvd med |
4 000 000 000 |
2421 |
|
Innovasjon Noreg (jf. 5325 og 5625) |
|
|
50 |
Nyskaping, fond, blir auka med |
38 000 000 |
|
|
frå kr 210 050 000 til kr 248 050 000 |
|
|
51 |
Tapsfond, såkornkapitalfond, blir redusert med |
25 000 000 |
|
|
frå kr 100 000 000 til kr 75 000 000 |
|
(ny) |
77 |
Tilskot til oppbygging av eigenkapital under lågrisikolåneordninga, blir løyvd med |
39 600 000 |
|
90 |
Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving , blir auka med |
4 400 000 000 |
|
|
frå kr 30 350 000 000 til kr 34 750 000 000 |
|
|
91 |
Lån til såkornkapitalfond, blir redusert med |
100 000 000 |
|
|
frå kr 400 000 000 til 300 000 000 |
|
2426 |
|
SIVA SF (jf. kap. 3961 og 5609) |
|
|
90 |
Lån, overslagsløyving , blir redusert med |
55 000 000 |
|
|
frå kr 205 000 000 til kr 150 000 000 |
|
(ny) |
95 |
Eigenkapital, blir løyvd med |
90 000 000 |
|
|
Inntekter: |
|
3900 |
|
Nærings- og handelsdepartementet (jf. kap. 900) |
|
|
3 |
Salsinntekter, blir redusert med |
1 180 000 |
|
|
frå kr 1 500 000 til kr 320 000 |
|
3901 |
|
Styret for det industrielle rettsvern (jf. kap. 901) |
|
|
1 |
Patentavgifter, blir redusert med |
3 300 000 |
|
|
frå kr 113 400 000 til kr 110 100 000 |
|
|
2 |
Varemerkeavgifter, blir redusert med |
3 000 000 |
|
|
frå kr 47 400 000 til kr 44 400 000 |
|
|
3 |
Mønsteravgifter, blir auka med |
400 000 |
|
|
frå kr 2 100 000 til kr 2 500 000 |
|
|
4 |
Ymse avgifter, blir redusert med |
5 500 000 |
|
|
frå kr 8 100 000 til kr 2 600 000 |
|
|
5 |
Inntekt av informasjonstenester, blir redusert med |
1 600 000 |
|
|
frå kr 7 400 000 til kr 5 800 000 |
|
3904 |
|
Brønnøysundregistra (jf. kap. 904) |
|
|
1 |
Gebyrinntekter, blir auka med |
30 000 000 |
|
|
frå kr 370 700 000 til kr 400 700 000 |
|
3939 |
|
Støtte til skipsbygging (jf. kap. 939) |
|
(ny) |
52 |
Tilbakeføring frå fond for ein avgrensa ordning for støtte ved skipskontraktar, blir løyvd med |
42 400 000 |
3950 |
|
Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656) |
|
(ny) |
80 |
Sal av aksjar i SND Invest AS, blir løyvd med |
23 000 000 |
|
95 |
Tilbakeføring av Statens Bankinvesteringsfond, blir auka med |
43 733 000 |
|
|
frå kr 11 114 820 000 til kr 11 158 553 000 |
|
|
96 |
Sal av aksjar, blir redusert med |
10 000 000 |
|
|
frå kr 9 597 100 000 til kr 9 587 100 000 |
|
3961 |
|
Selskap under NHD si forvalting |
|
|
70 |
Garantiprovisjon, Statkraft SF, blir redusert med |
19 500 000 |
|
|
frå kr 255 000 000 til kr 235 500 000 |
|
|
92 |
Avdrag på uteståande fordringar, SIVA SF, blir auka med |
35 000 000 |
|
|
frå kr 205 000 000 til kr 240 000 000 |
|
5325 |
|
Innovasjon Noreg, (jf. kap. 2421 og 5625) |
|
|
90 |
Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med |
5 640 000 000 |
|
|
frå kr 30 235 000 000 til kr 35 875 000 000 |
|
5343 |
|
Statens varekrigsforsikring |
|
|
50 |
Avvikling, blir auka med |
5 700 000 |
|
|
frå kr 160 000 000 til kr 165 700 000 |
|
5609 |
|
Renter frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 3961) |
|
|
81 |
Renter, Statkraft SF, blir auka med |
1 500 000 |
|
|
frå kr 77 600 000 til kr 79 100 000 |
|
5656 |
|
Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950) |
|
|
80 |
Utbyte, blir auka med |
9 000 000 |
|
|
frå kr 7 572 000 000 til kr 7 581 000 000 |
|
Jeg viser til spørsmål fra
næringskomiteen i forbindelse med behandlingen av St.prp.
nr. 16 (2004-2005) om departementets vurdering av størrelsen
på de vedtatte geografiske områdene og om hva
de administrative kostnadene vil være dersom man utvider
antallet fond fra 4 til 8.
Stortinget har gjennom merknader og vedtak i tilknytning
til behandlingen av revidert budsjett 2003 og statsbudsjettet 2004
besluttet at det skal være fire distriktsrettede
såkornfond for næringssvake områder. De
næringssvake områdene er operasjonalisert som
A, B, C og D-områdene i henhold til Kommunal- og regionaldepartementets
inndeling av virkeområde for de distriktspolitiske virkemidlene,
og som hele Hedmark og Oppland fylker. De fire fondene har innenfor denne
rammen fått følgende geografiske inndeling:
– Nord-Norge:
Finnmark, Nordland og Troms
– Midt-Norge: Trøndelagsfylkene
og Møre og Romsdal
– Vest/Sørlandet:
Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Agderfylkene
– Indre Østland: Hedmark,
Oppland, Buskerud, Telemark og Østfold
Nærings- og handelsdepartementet har
lagt til grunn at såkornfondene må ha en viss
størrelse geografisk og finansielt. Dette vil sikre god
tilgang på prosjekter, god risikospredning i porteføljen
og oppbygging av en faglig kompetent fondsadministrasjon. Gjennom
forslaget i statsbudsjettet for 2005 om etablering av nye såkornfond
lokalisert til universitetsbyene har vi sikret at såkornprosjekter
over hele landet kan bli vurdert for finansiering.
De administrative kostnadene for hvert fond
fastsettes i en avtale mellom investorer og forvaltningsselskap,
ofte som en prosentdel av midler under forvaltning. Små fond
vil ha mange av de samme faste utgiftene som et større
fond. Det er derfor grunn til å anta at administrasjonskostnadene
totalt sett øker noe, dersom en utvider antallet fond innenfor
totalrammen for ordningen.
Oslo, i næringskomiteen, den 2. desember 2004
Olav Akselsen
leiar og ordførar |