4.1 Handlingsplanar - Statens vegvesen

Komiteen legg til grunn at Statens vegvesen følgjer opp dei føresetnadene som Stortinget har lagt til grunn ved behandlinga av Nasjonal transportplan 2006-2015, jf. Innst. S. nr. 119 (2003-2004).

4.2 Alternativ bruk av ferjeavløysingsmidlar.

Komiteen viser til Stortinget si behandling av St.prp. nr. 1 (2001-2002), St.prp. nr. 60 (2001-2002) og St.prp. nr. 67 (2002-2003) der prinsippa for alternativ bruk av innspara ferjetilskot ved ferjeavløysingsprosjekt er omtala.

Komiteen finn grunn til å presisere at også prosjekt der trafikkgrunnlaget ikkje er stort nok til at bompengeinnkreving kan gi eit positivt bidrag til finansieringa, må kunne nytte ferjeavløysingsmidlar som delfinansiering av prosjektet. I dei tilfelle der andre enn bompengeselskap, til dømes fylkeskommunar eller kommunar, forskotterer ferjeavløysingsmidlane, må delar av ferjeavløysingsmidlane kunne nyttast til finansiering av lånet.