Dokument nr 1 (2006-2007) Riksrevisjonens rapport om den årlige revisjon og kontroll for budsjettterminen 2005

Eg viser til brev av 1. februar 2007 frå kontroll- og konstitusjonskomiteen. Innleiingsvis vil eg kome med desse opplysningane:

Kreftregisterets fond vart oppretta i 1989. Fondet er registrert som ei sjølvstendig stifting med eit ideelt formål der midlane skal brukast til tiltak eller prosjekt som er relaterte til det ideelle formålet Kreftregisteret har. Fondet/stiftinga har ein historikk som starta i 1951 ved at Landsforeningen mot kreft mottok ei rekkje testamentariske gåver og andre gåver til forsking. Desse midlane stod på konto i Landsforeningen mot Kreft. Foreininga etablerte og dreiv Kreftregisteret til staten ved Sosialdepartementet overtok ansvaret, og deretter etablerte ein òg stiftinga. Det blir ført ein sjølvstendig rekneskap for fondet utanom Kreftregisteret, og stiftinga blir derfor revidert av eit anna revisjonsfirma enn det som har ansvaret for revisjon av RHF Sør med dotterselskap. Riksrevisjonen har vore orientert om stiftinga sidan ho vart revidert av Riksrevisjonen til og med 1997.

Spørsmål 1: Kva slags funksjon har eigentleg Kreftregisterets fond?

Svar:

Fondet/stiftinga har som formål å støtte Kreftregisteret, og å etablere ny kunnskap og spreie kunnskap som bidreg til å redusere kreftsjukdom, mellom anna innsamling og kvalitetssikring av grunnlagsdata for kreftforsking. Fondet/stiftinga har såleis eit vedtektsfesta formål som er samanfallande med Kreftregisteret sitt formål. Fondet er etablert i samarbeid mellom Kreftforeningen og Kreftregisteret, og departementet har vore orientert om etableringa av stiftinga.

Spørsmål 2: Kvifor er pengar frå private legemiddelfirma blitt overført dit?

Svar:

I 2004 vart det inngått ein avtale mellom Kreftregisteret og lækjemiddelfirmaet MSD, der Kreftregisteret påtok seg å vere eit nasjonalt oppfølgingssenter for studium i samband med utvikling og lansering av vaksine mot livmorhalskreft. Ifølgje Kreftregisteret var dette første gong det vart innleidd eit slikt kommersielt samarbeid.

Kreftregisteret opplyser i brev av 31.01.07 til departementet mellom anna:

"Etter at direkte og indirekte kostnader (overhead) var dekket, forhandlet Kreftregisteret frem ytterligere et beløp som MSD skulle betale årlig. Det er dette tilleggsbeløpet som betales til Kreftregisterets fond. Tilleggsbeløpet fremgår direkte av samarbeidsavtalen med vedlegg. Det var imidlertid et krav fra MSD om ikke å kalle det gave. Beløpet ble arbitrært satt til 20 % av "Personell cost" etter forhandling, men er altså et ekstra påslag, og derfor ble det kalt "tilsvarende overhead". Begrepsbruken "overhead" for dette beløpet er derfor misvisende. Vi beklager bruk av et begrep som ikke beskriver innholdet på en riktig måte.. .. Prosjektet har ikke belastet Kreftregisterets offentlige tilskudd."

Etter at Riksrevisjonen tok opp dette i Dokument nr. 1 (2006-2007), vart midlane som vart overførte frå MSD til stiftinga, overførte til Kreftregisteret og registrerte i rekneskapen der.

Spørsmål 3: Kva er grunnen til at verken fondet eller desse overføringane var kjent for revisor?

Svar:

Revisjonsfirmaet PwC vart valt til ekstern revisor i Helse Sør i samband med etableringa av helseføretaka 2002. Som ei følgje av dette er PwC vald revisor for alle dotterføretak i føretaksgruppa, inkludert Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF og det tidlegare Radiumhospitalet HF. Rekneskapen til Kreftregisteret inngår som ein del av finansrekneskapen til Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF. Det blir ikkje skrive ut ei eiga revisjonsmelding for Kreftregisteret.

PwC har vore kjent med at det i tilknyting til Rikshospitalet - Radiumhospitalet HF er ei rekkje legat, stiftingar og fond som ikkje har same eigar. Desse er ikkje underlagde revisjon frå PwC, som berre har ansvaret for dei juridiske einingane helseføretaka utgjer. Dei andre einingane har eigne revisjonsordningar som strekkjer seg tilbake til tida før etableringa av helseføretaka.

Saka har vore lagd fram for det nemnde revisjonsfirmaet, som har uttala dette:

"Transaksjoner mellom Helseforetakene og andre juridiske enheter revideres etter god revisjonsskikk. Det betyr at det med utgangspunkt i en risikoanalyse og vesentlighetsvurderinger blir foretatt gjennomgang og testing av de interne kontrollrutinene som er avgjørende for at helseforetakets finansregnskap er avlagt i overensstemmelse med Regnskapsloven, samt stikkprøver på enkeltransaksjoner. De aktuelle transaksjonene ble ikke avdekket gjennom stikkprøver eller ved revisjon av prosjektregnskaper. PwC ble imidlertid oppmerksom på de aktuelle transaksjonene i forbindelse med den utvidede gjennomgang PwC foretok vinteren og våren 2006. Transaksjonene ble etter dette fulgt opp av PwC.

Det føres separat regnskap for Kreftregisterets fond, og dette inngår således ikke som en del av Kreftregisterets regnskap eller regnskapssystem.

Ved regnskapsavleggelsen for 2004 er det ingen poster i mellomværende mellom Kreftregisteret og Kreftregisterets fond, da innbetalt beløp allerede var overført bankkontoen til Kreftregisterets fond.

Når det gjelder 2005-regnskapet fremgår det av fondets regnskaper at det ikke er inntektsført noen andel av MSD-kontrakten."

Eg har fått opplyst frå Helse Sør RHF at dei har basert vurderingar sine på dei funna som har kome fram ved revisors gjennomgang, og det blir her vist til at det frå Helse Sør RHFs side vart teke initiativ til at revisor skulle ta ein utvida gjennomgang av rekneskapane til Kreftregisteret når det kom påstandar om at det var gjort overføringar til fondet.

Spørsmål 4: Har desse overføringane til fondet ført til at det er gjeve feilaktig informasjon om Kreftregisteret i St.prp. nr. 1 over fleire år? Meiner statsråden at dette i så fall også kan ha ført til for høge statlege løyvingar til Kreftregisteret?

Svar:

I dei årlege budsjettproposisjonane (St.prp. nr. 1) rapporterer departementet om bruk av tilskot til Kreftregisteret over kap. 737, post 70 i tråd med økonomi­reglementet og løyvingsreglementet til Stortinget. Rapporteringa omfattar rekneskap, saldert budsjett, og ein kortfatta resultatrapport over verksemda i forhold til formålet med Kreftregisteret.

Departementet baserer dei årlege budsjettproposisjonane på budsjettinnspel frå Helse Sør RHF. Eg meiner etter det som er opplyst, at det er gitt korrekt informasjon til Stortinget, og at dei statlege løyvingane er i samsvar med dei opplysningane som er lagde til grunn i budsjettforslaga.

Eg viser til Dokument 1 der det kjem fram at departementet har følgt opp dette i forhold til Helse Sør.

Kreftregisteret informerer i brev av 31.01.07 om at dei vil setje i verk ytterlegare tiltak for å forbetre og sikre styring, kontroll og habilitet i stiftinga, og mellom anna vurdere behov for endringar av vedtektene for stiftinga inkludert ei endring av styret og ein gjennomgang av praksis for tilleggsbetalingar i samband med bidrags- og oppdragsforsking i Kreftregisteret. Vidare vil opplysningar av organisatorisk art og rekneskap til stiftinga bli lagde ved rekneskapen til Kreftregisteret ved innrapportering, og vil derfor følgje praksis som er i samsvar med økonomiregelverket for staten.

Kreftregisteret framhevar i brev at midlane i stiftinga er nytta i tråd med formålet til Kreftregisteret:

"Når det gjelder Fondet og organiseringen av dette, har vi gått gjennom de faktiske forhold slik det fremgår av 21.12.06-dokumentet. Konklusjonen er at penge­overføringer både fra Merck og andre givere til Fondet er skjedd i tråd med intensjonene."

I tråd med det som er sagt ovanfor, meiner eg at midlane er brukte i samsvar med formålet, og at departementet, etter dei opplysningane eg har fått, såleis ikkje har gitt feilaktig informasjon om Kreftregisteret i dei årlege budsjettproposisjonane.

Eg vil forsikre meg om at det blir gjennomført ein revisjon i den aktuelle saka for å få ei stadfesting om at tiltaka er gjennomførte.

Spørsmål 5: Kva er status i arbeidet med å endra dette regelverket?

Svar:

I etterkant av VG-oppslaget har eg sett i gang eit arbeid i departementet med tanke på å vurdere korleis regelverket kan forbetrast. Arbeidet er i startfasen, men eventuelle lovendringsforslag må sendast på ekstern høyring.

Eg vil mellom anna vurdere regelverket som gjeld for dei regionale helseføretaka og helseføretaka. Det kan vere formålstenleg å lovfeste enkelte overordna prinsipp for samhandling mellom institusjonar og industri, eventuelt også å lovfeste ei plikt for føretaka til å passe på at dei tilsette driv si verksemd i samsvar med det som følgjer av lov- og forskriftsverk, og eventuelle interne retningslinjer om gåver, attåtyrke o.l.

Eg vil òg vurdere om det er andre rettslege og ikkje-rettslege tiltak som kan vere med på å sikre at helsepersonell driv si verksemd i samsvar med det som følgjer av formelt regelverk og eventuelle interne retningslinjer om gåver, attåtyrke o.l. Eg vil understreke at dei lovene og reglane som gjeld, rutinemessig må gjerast kjende for alle tilsette.

Vidare vil eg be alle helseføretak om ei oversikt over alle legat, fond og stiftingar som har ei tilknyting til helseføretaka, sjølv om dei ikkje inngår i den juridiske rekneskapstilknytinga. Denne oversikta skal leggjast ved årsrekneskapen i noteform og vere ein del av opplysningsplikta frå helseføretaka.

Vidare vil eg be helseføretaka sjå til at det er etablert innsyn og kontrolltiltak som sikrar at inn- og utbetalingar til fond, legat o.a. blir rekneskapsførte i tråd med gjeldande lov, regelverk og retningslinjer.

Avslutningsvis viser eg til at eg i samband med ny helseforskingslov vil føreslå å lovfeste krav til openheit om finansiering av kvart enkelt forskingsprosjekt.

Dette kan, slik eg ser det, bidra til å styrkje befolkninga sin tillit til at forsking er fri og uavhengig.