1.1 Etterbetaling av lønn og renter til statsarbeidarar

Ei rekkje tidlegare statsarbeidarar har anten ikkje motteke pensjon frå Statens Pensjonskasse, eller pensjonen har vore for liten. Omgrepet "statsarbeidar" har vore nytta om yrkesgrupper innan staten som ikkje har vore funksjonærar, og ikkje omfatta av hovudtariffavtala i staten. Problemet har særleg oppstått når statsarbeidaren ikkje har halde fram i tenesta til pensjonsalder, men gått over i ei anna stilling. Manglande eller feil pensjonsutbetalingar til statsarbeidarane har dels samanheng med lite føremålstenlege rutinar knytte til registrering av tenestetid som statsarbeidar, og dels med svak oppfølging både frå den einskilde arbeidsgjevar og frå Statens Pensjonskasse (SPK). Ein viser til omtale av saka i St.prp. nr. 69 (2006-2007) og St.prp. nr. 6 (2007-2008).

Det er styret i Pensjonskassa som vedtek etterbetaling av pensjon inntil 13 år attende i tid. Etterbetaling av pensjon utover 13 år blir innvilga av departementet. Tidsavgrensinga på 3 og 13 år har samanheng med foreldingsfristar fastsette i medhald av foreldingslova av 1979.

Det er berre spørsmålet om rentekompensasjon som formelt sett er lagt fram for departementet. Departementet har likevel valt å vurdere spørsmål om etterbetaling av pensjon i tillegg. Statsarbeidarane har kome i ein uheldig situasjon, ved at nokre har motteke for liten pensjon og nokre ikkje har motteke pensjon. Dette ynskjer Fornyings- og administrasjonsdepartementet å rydde opp i. Departementet vil difor se bort frå dei vanlege foreldingsfristane i denne spesielle saka, og fråvike vanleg praksis for etterbetaling av pensjon og renter.

Departementet meiner at saka bør løysast etter desse prinsippa:

  • Statsarbeidarane i dei tidlegare militære verksemdene vert gjevne etterbetaling av pensjon frå tida då pensjonsretten oppsto, men tidlegast frå 1. desember 1973 (dvs. utover 13 år).

  • Statsarbeidarane i sivile verksemder vert gjevne etterbetaling av pensjon frå tida då pensjonsretten oppstod, men tidlegast frå 1. januar 1982 (dvs. utover 13 år).

  • Etterbetaling vert gjeve på same vilkår, anten medlemmen/den etterlatne har fått ein pensjon som er for liten, eller pensjonen ikkje har vorte betalt i det heile.

  • Retten til etterbetaling omfattar både alders-, uføre- og etterlatnepensjon.

  • Ein gjev renter for 13 år tilbake i tid, med 6,5 pst. rente for dei som ikkje har krav på morarenter.

  • Ein gjev ikkje rente av rente (rentesrente).

  • Ein gjev generell informasjon som kan gjere det mogleg for tidlegare statsarbeidarar eller arvingar å setje fram krav om eventuelle pensjonsrettar.

Løysinga av saka etter desse prinsippa byggjer på at den einskilde statlege arbeidsgjevar har eit ansvar for at melding om pensjon ikkje vart send Statens Pensjonskasse. Dette gjaldt heilt frå 1. desember 1973 for dei tre tidlegare militære verksemdene, og frå 1. januar 1982 for dei sivile verksemdene. Det er etter departementet si meining ikkje naudsynt å dele ansvaret mellom den einskilde arbeidsgjevar og Statens Pensjonskasse, då begge er ein del av staten.

Det er usikkert kor stor løyvinga må vere for å dekkje opp etterbetaling av pensjon og betaling av rente. Kostnadene knytte til framlegget er truleg om lag 234 mill. kroner.

Det har allereie vore lagt inn i løyvinga for Statens Pensjonskasse 75 mill. kroner for 2007 og 75 mill. kroner for 2008, til saman 150 mill. kroner. Desse beløpa er altså knytte til ei meir restriktiv etterbetaling av pensjon og renter enn det departementet har gått inn for. Statens Pensjonskasse har ei overslagsløyving for pensjonar. Dei samla kostnadene er om lag 84 mill. kroner høgare enn det som allereie er løyvd i statsbudsjettet for 2007 og 2008.

Fornyings- og administrasjonsdepartementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1542 Statens Pensjonskasse post 1 Driftsutgifter med 84 mill. kroner.

1.2 Omdisponering av løyvingar til Direktoratet for forvaltning og IKT

Direktoratet for forvaltning og IKT vart etablert 1. januar 2008. Direktoratet vil ha om lag 100 tilsette. I tillegg kjem det som ein vurderer å overføre av ressursar og tilsette frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

I samråd med direktoratet arbeider departementet med å avklare grenseflatene og samhandlinga i oppgåveportefølja mellom dei to verksemdene. Det er inntil vidare lagt til grunn ei overføring på 18 årsverk. I tillegg kjem løyvingar knytte til oppgåver til mellom anna fornying og IKT.

Det er enno knytt uvisse til omfanget av overføringa. For at departementet skal kunne stille naudsynte løyvingar til disposisjon for direktoratet i perioden fram til det endelege omfanget av overføringa vert avklara, ber Regjeringa om at Stortinget gjev Fornyings- og administrasjonsdepartementet fullmakt til å omdisponere løyvingar i statsbudsjettet for 2008.

Departementet vil komme tilbake til Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett våren 2008 med forslag til løyvingsendringar. Endringane skal ikkje medføre auke eller nedgang i vedteken løyving for 2008.