Generalforsamlinga i haust var etter Regjeringa sitt
syn prega av at ein er attende til meir normale tilstandar i FN.
Etter ein reformprosess som aksentuerte konfliktlinene i organisasjonen,
etterfølgd av ein periode med reformtrøyttleik, var det ikkje stor
dramatikk på generalforsamlinga hausten 2007. Regjeringa viser til
at Ban Ki-moon på si første generalforsamling som generalsekretær
freista å profilere seg på saker som klimaendring og Darfur, men
arbeidet med å finne ein brei og identifiserbar dagsorden er framleis
under utvikling. Som forgjengarane sine er presidenten i Generalforsamlinga,
dr. Srgjan Kerim, på si side hemma av eit lite støtteapparat og
av at dagsordenen er sett av andre. Dette har gjort det vanskelegare
for presidentskapet å øve innverknad, slik Regjeringa ser det.
Sjølv om dei underliggjande konfliktane mellom nord
og sør og mellom Tryggingsrådet og Generalforsamlinga spela seg
ut også på sesjonen i haust, meiner Regjeringa det samtidig var
tendensar til ei viss oppmjuking av dei tradisjonelle skiljelinene,
og nye alliansar på tvers av regionane har oppstått. Dette, saman
med at USA etter skifte av FN-ambassadør – i alle fall i form –
står fram som noko mjukare og meir konsensussøkjande, har ført til
eit meir dempa konfliktnivå enn på tidlegare sesjonar.
Klimatoppmøtet samla mange statsleiarar og viste
at klimaendring no er sett øvst på den internasjonale dagsordenen.
Samtidig viste møtet og den følgjande generaldebatten i Generalforsamlinga
òg, etter Regjeringa sitt syn, at medlemslanda har ulike og til
dels uforlikelege syn på korleis ein skal løyse dei problema ein står
overfor. Innlegga viste at det finst ein politisk vilje til handling,
men samtidig òg at det er sterk usemje om kva som må prioriterast,
og korleis ansvaret skal fordelast. I påvente av tingingane på Bali
hende det, som venta, lite substansielt i Generalforsamlinga på
dette området.
Arbeidet i fredsbyggingskommisjonen (PBC), der
Noreg sin ambassadør Løvald leier Burundi-formatet, har gått i rett
retning. Fredsbyggingskontoret har fått eit endeleg budsjett med
stillingsheimlar, og det vert dermed lettare å planleggje på personellsida.
Fredsbyggingsfondet har nådd målet på USD 250 mill. i bindande tilskot.
Kommisjonen er framleis i etableringsfasen, men det er ei utbreidd
oppfatning at kommisjonen har klart å leggje eit godt grunnlag for
å endre FN og andre aktørar si handtering av postkonfliktland. Utviklinga
av landspesifikke fredsbyggingsstrategiar (rammer for fredsbygging)
gjennom samråd på landnivå og mellom landnivå og New York har sett
ein nytt standard for korleis eit mellomstatleg FN-organ kan stille
seg til eit medlemsland. Sentrale utfordringar framover vil verte
å vise resultat på landnivå. Det vert òg ei utfordring å forankre
kommisjonen og fredsbyggingskontoret sitt arbeid i FN-systemet,
og blant eksterne aktørar, medverke til framleis fokus på og støtte
til landa på dagsordenen, og utvikle fredsbyggingskommisjonen sine
arbeidsmetodar vidare.
Regjeringa peiker på at det var påfallande stillstand
på sesjonen i haust når det gjaldt reformprosessen og oppfølginga
av reformpanelet (Stoltenberg-panelet) sine tilrådingar. Framlegga
i rapporten har vorte oppfatta som kontroversielle og har medverka
til store spenningar i G77. Ei rekkje sentrale utviklingsland hevdar
at framlegga vil innebere ein ny kondisjonalitet i FNs utviklingssamarbeid,
særleg i høve til menneskerettar, men òg for miljøaktivitetar og
humanitære intervensjonar. Det er òg skepsis til framlegga til eit
samordna, einsarta og sterkt FN på landnivå. Tanken om éin FN-leiar
vert av mange sett på som opptakta til ei ordning med FN-ambassadørar.
Skepsisen er grunna på frykt for at ein FN-ambassadør med makt og
mynd vil verte oppfatta som ein motspelar i staden for ein medspelar
for nasjonale styresmakter. Drøftingane om panelet sine tilrådingar
kom seint i gang, og medlemslanda har ikkje klart å verte samde
om korleis den mellomstatlege forhandlingsprosessen skal takast
vidare. Sjølv på område som det burde ha vore mogeleg å ta ut av pakken,
til dømes likestillingsarkitekturen, har det ikkje vore mogeleg
å få framgang.
Regjeringa meiner det likevel er viktig å merke seg
at FN-systemet har fanga opp dei delane av reformpanelet sine framlegg
som ikkje krev mellomstatlege avgjerder. Desse framlegga vert no gjennomførde.
FN-organisasjonane arbeider tett saman for å harmonisere og forenkle
dei administrative rutinane og framgangsmåtane sine på utviklingsområdet.
På landnivå har FN sett i gang viktige reformer i eit utval land
for å samordne innsatsen under éin leiar, eitt landprogram og eitt
budsjett. Dette skjer med full tilslutning frå styresmaktene i landa.
Stadig fleire utviklingsland ønskjer å gjennomføre tilsvarande
reformer fordi ein ser ein gevinst i høve til auka ressursar, relevans,
effektivitet og betre resultat av FNs samla innsats. Med dette ser
vi konturane av noko nytt; ein reformprosess som finn fotfeste på
landnivå i utviklingslanda, og som i neste omgang vil kunne medverke
til å tvinge fram meir gjennomgripande reformer av heile FN-systemet
i tråd med tilrådingane frå reformpanelet.
Når det gjeld spørsmålet om reform av Tryggingsrådet,
var det stor aktivitet i haust. Fleire rapportar har vorte utarbeidde
med framlegg til mogelege måtar å endre samansetjinga av rådet på.
Sjølv om det store fleirtalet nok vil kunne slutte opp om trongen
for å sjå på overgangsordningar, er framleis hovudfrontane like
steile, og det momentumet mange meiner å ha sett i seinare tid,
har så langt ikkje utkrystallisert seg til nokon konkret framgang.
FNs generalforsamling har gjeve Noreg, saman med
Egypt, ansvaret for å førebu ein internasjonal konferanse i Doha
i Qatar i november/desember 2008, der den internasjonale plattforma
for utviklingspolitisk samarbeid som vart vedteken i Monterrey
i Mexico i 2002 ("Monterrey-konsensusen"), skal gjennomgåast. På
generalforsamlinga i haust vart det gjort eit vedtak om organiseringa
av dette arbeidet og om målsetjingane for konferansen, der det mellom anna
skal drøftast nye former for finansiering og utvikling. Konferansen
vil vere ein viktig milestolpe i arbeidet med å nå tusenårsmåla
i 2015.
I tillegg til vedtaket av dødsstraffresolusjonen, som
utvilsamt var eit høgdepunkt på generalforsamlinga, er det verdt
å merke seg at ein ny resolusjon, introdusert av USA, om nedkjemping av
valdtekt og andre former for seksuell vald som instrument for å
oppnå politiske og militære mål, vart vedteken. Resolusjonsframlegget møtte
i utgangspunktet motstand, ikkje minst frå afrikanske land, som
såg på framlegget som eit åtak på særskilde land (Sudan og DR Kongo),
og gjorde raskt ikkjeinnblandingsargumentet gjeldande. Resolusjonen
vart vedteken etter at amerikanarane viste fleksibilitet.
At det enno ein gong lukkast for Noreg å oppnå konsensus
om resolusjonane om menneskerettsforsvararar og internt fordrivne,
ser Regjeringa på som positivt, då det ikkje lenger kan takast for gjeve
at resolusjonar av denne typen framleis oppnår konsensus.
Heller ikkje i haust var det mogeleg å bringe forhandlingane
om terrorismekonvensjonen og definisjonen av terrorisme vidare.
Dette understrekar ytterlegare at denne prosessen neppe vil finne
ei løysing i Generalforsamlinga med det første, og at eventuelle
initiativ difor må takast i andre fora.
Som i tidlegare år deltok den norske delegasjonen
aktivt i forhandlingane om desse tema. Frå norsk side er det grunn
til å vere godt nøgd med resultata – særleg når det gjeld arbeidet
mot ulovleg, uregulert og urapportert fiske, men òg fordi klimaspørsmål
har fått ein langt breiare omtale enn tidlegare.
Sett fra Regjeringa si side er det positivt
at FN-operasjonen i Afghanistan vert styrkt med nærare 40 pst.,
noko som inkluderer 69 stillingar, innkjøp av fleire køyrety, større
aktivitet i provinsane og større fokus på internasjonal samordning.
Som tidlegare nemnt, vart også FNs fredsbyggingskontor styrkt, og
UNRWA fekk seks nye stillingar over det regulære budsjettet. Det
ligg også inne ein auke av ressursane på menneskerettsområdet.