Kommunal- og regionaldepartementet legg i proposisjonen fram forslag til omprioriteringar og tilleggsløyvingar i statsbudsjettet for 2008.

1.1 Kap. 554 Kompetansesenter for distriktsutvikling

Post 1 Driftsutgifter

Senteret blei opna i september 2008. Budsjettbehovet for 2008 viser seg å bli mindre enn tidlegare rekna med, noko som skuldast at etablering av senteret har teke noko lengre tid enn venta.

På denne bakgrunn blir det foreslått at løyvinga på kap. 554 post 1 blir redusert med 8 mill. kroner, frå 16 mill. kroner til 8 mill. kroner.

1.2 Kap. 571 Rammetilskot til kommunar

Post 64 Skjønnstilskot

Porsanger

Porsanger kommune er i ein vanskeleg situasjon. Regjeringa foreslår derfor å løyve 4 mill. kroner til omstillingsarbeidet i kommunen.

Froland kommune blei i byrjinga av juni i år ramma av ein stor skogbrann. Brannen har ført til store utfordringar for kommunen. Regjeringa foreslår på denne bakgrunn å løyve 4 mill. kroner som skal medverke til å redusere skadeverknadene av brannen og leggje til rette for ei god utvikling i kommunen.

Det blir samla foreslått å auke løyvinga på kap. 571 post 64 med 8 mill. kroner, frå 1 511,5 mill. kroner til 1 519,5 mill. kroner.

1.3 Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar

Post 60 Innbyggjartilskot

Omstillingslova

Etter lova skal bedriftseigarar sende melding til fylkeskommunen ved planar om nedlegging av bedrifter med fleire enn 30 tilsette.

I forslaget til statsbudsjett for 2009 er rammetilskotet til fylkeskommunane styrkt med 4 mill. kroner til dette formålet. For 2008 blir det foreslått å auke løyvinga til rammetilskotet med 2 mill. kroner (halvårsverknad), frå 14 118,862 mill. kroner til 14 120,862 mill. kroner.

Post 64 Skjønnstilskot

Momskompensasjon

ESA vedtok 3. mai 2007 at ein del av kompensasjonsordninga for meirverdiavgift er i strid med statsstøtteregelverket i EØS-avtala. Ordninga blei som følgje av dette noko innsnevra, og kommunar og fylkeskommunar måtte betale tilbake kompensasjon for perioden 2004–2007 som var å rekne som ulovleg støtte.

Omfanget av den ulovlege støtta viser seg no å utgjere i overkant av 40 mill. kroner, dvs. vel 20 mill. kroner meir enn tidlegare anslått. For å kunne kompensere den enkelte fylkeskommune fullt ut, blir det foreslått ein auke i løyvinga på 20 mill. kroner. Sidan ulovleg motteken momskompensasjon blir betalt tilbake til statskassa, er forslaget om tilleggsløyving provenynøytralt. For 2008 blir det foreslått å auke løyvinga med 20 mill. kroner, frå 887 mill. kroner til 907 mill. kroner.

1.4 Kap. 575 Ressurskrevjande tenester

Post 60 Toppfinansieringsordning, overslagsløyving

I 2008 er 4 506 ressurskrevjande tenestemottakarar omfatta av ordninga. Dette er ein auke på 493 tenestemottakarar eller 12,3 pst. samanlikna med 2007. I forslag til statsbudsjett for 2008 blei det lagt til grunn ein auke i talet på tenestemottakarar på 4 pst. Utgifter per tenestemottakar utover innslagspunktet (800 000 kroner) har i tillegg auka med 7,8 pst. i 2008.

Det blir foreslått ein auke i løyvinga på 226,833 mill. kroner, frå 2 741 mill. kroner til 2 967,833 mill. kroner.

1.5 Kap. 2427 Kommunalbanken AS

Post 90 Aksjekapital

Kommunalbanken har om lag 39 pst. av utlånsmarknaden til kommunane. I ein situasjon med uro i kredittmarknaden vil det vere uheldig om Kommunalbanken, som den største aktøren i utlånsmarknaden for kommunane, må avgrense utlåna til kommunane.

Departementet foreslår derfor at staten bidreg til ei styrking av eigenkapitalen i Kommunalbanken med ei løyving på 240 mill. kroner. Ein legg til grunn at KLP bidreg med 60 mill. kroner i tråd med deira eigardel i Kommunalbanken. Samla sett vil eigenkapitalen til Kommunalbanken auke med 300 mill. kroner.

Det blir foreslått ein auke i løyvinga på 240 mill. kroner, frå 132,5 mill. kroner til 372,5 mill. kroner.

1.6 Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak

Post 75 Bustadtilskot til etablering, tilpassing og utleigebustader, kan overførast

På grunn av låg etterspurnad blir det foreslått at tilskot til prosjektering av heis i eksisterande bustadbygg blir utvida til òg å omfatte tilskot til investering i heis i eksisterande bustadbygg. Unytta tilsegnsramme til dette formålet blir overført til 2009.

1.7 Kap. 582 Rentekompensasjon for skuleanlegg og kyrkjebygg

Post 60 Rentekompensasjon skuleanlegg, kan overførast

Om lag 5 pst. av investeringsramma på 15 mrd. kroner omfattar prosjekt som enno ikkje er ferdigstilte. Det blir av den grunn foreslått at løyvinga på kap. 582 post 60 Rentekompensasjon skuleanlegg blir redusert med 40 mill. kroner, frå 828,4 mill. kroner til 788,4 mill. kroner.

Post 61 Rentekompensasjon kyrkjebygg, kan overførast

Om lag 48 pst. av investeringsramma på1,3 mrd. kroner omfattar prosjekt som enno ikkje er ferdigstilte. Det blir av den grunn foreslått at løyvinga på kap. 582 post 61 Rentekompensasjon kyrkjebygg blir redusert med 30 mill. kroner, frå 74,1 mill. kroner til 44,1 mill. kroner.

1.8 Kap. 2412 Den norske stats husbank

Post 72 Rentestønad

Nye prognosar tilseier at rentestønaden vil bli større enn venta på grunn av auke i utlånsmassen på lån med renteavtaler. Det blir foreslått at kap. 2412 post 72 Rentestøtte blir auka med 2 mill. kroner, frå 19 mill. kroner til 21 mill. kroner.

Post 90 Lån til Husbanken, overslagsløyving

Den endra finanssituasjonen og fallande bustadprisar har gjort det vanskelegare for låntakarar å oppnå gunstige vilkår i den private kredittmarknaden. Prognosar tilseier at fråfallsprosenten har gått ned, og dette gir høgare utbetalingar. Det vil seie at fleire av dei som mottek tilsegn òg får utbetalt lån. Det er forventa at utbetalingane i 2008 blir om lag lik utbetalingane i 2007, det vil seie rundt 12 000 mill. kroner. Derfor blir det foreslått at løyvinga på kap. 2412 post 90 Lån til Husbanken blir auka med 1 377 mill. kroner, frå 10 623 mill. kroner til 12 000 mill. kroner.

1.9 Kap. 5312 Den norske stats husbank

Post 90 Avdrag

Det er venta lågare innbetaling av ekstraordinære avdrag og innløysingar som følgje av situasjonen i finansmarknaden hausten 2008. Det blir derfor foreslått at kap. 5312 post 90 Avdrag blir redusert med 530 mill. kroner, frå 9 144 mill. kroner til 8 614 mill. kroner.

1.10 Orienteringssaker

Midler forvalta av Innovasjon Noreg

Frå og med 2003 har løyvinga over kap. 551 post 60 Tilskot til fylkeskommunar for regional utvikling, og kap. 551 post 61 Næringsretta midlar til regional utvikling, kompensasjon for auka arbeidsgjevaravgift blitt overførde til fylkeskommunane som har forvalta ordningane på vegne av departementet. Fylkeskommunane har tildelt midlane vidare til Innovasjon Noreg som forvaltar dei ulike ordningane. Utbetaling frå Innovasjon Noreg skjer først når dei ulike tiltaka er gjennomførde, noko som kan skje opptil fleire år etter at tilsegn er gitt. Innovasjon Noreg har opplyst at saldo pr. 31. desember 2007 var på om lag 800 mill. kroner. Kommunal- og regionaldepartementet vil vurdere nærare storleiken på saldoen og sjå om det skulle være bruk for endringar for å redusere nivået på denne.