1.1 Innleiing

Regjeringa fremmar i Prop. 137 LS (2009–2010) både Trygdeoppgjeret 2010 og endringar i lov om supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg (auke av stønadssatsane). I denne innstillinga S er kun trygdeoppgjeret 2010 handsama.

Det blir i proposisjonens del S fremja forslag om å regulere grunnbeløpet (G) med verknad frå 1. mai 2010 og å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2010 som følgje av reguleringa.

Regjeringa har lagt dei retningslinjene Stortinget fastsette i 2003 til grunn for framlegget. Dermed er pensjonistane sikra ei inntektsutvikling minst på linje med lønstakarane.

Det blir i proposisjonen gjort greie for drøftingane mellom regjeringa og Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Noreg, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne. Partane blei samde om å auke grunnbeløpet med 2 760 kroner frå 1. mai i år.

Organisasjonane har ein protokolltilførsel der dei viser til at grunnlaget for trygdeoppgjeret i 2009 blei endra i rapporten frå TBU (NOU 2010: 4). Endringa ville, om tala hadde vore kjende ved oppgjeret i 2009, gitt 0,3 prosentpoeng høgare regulering av grunnbeløpet. Organisasjonane føreset at regjeringa legg til rette for at det i framtida blir lagt til grunn dokumentert lønsutvikling utan omsyn til når tala blir offentlege.

Det blir gjort framlegg om at grunnbeløpet blir auka frå 72 881 kroner til 75 641 kroner frå 1. mai 2010, det vil seie med 3,79 pst. Det gjennomsnittlege grunnbeløpet aukar då med 3,77 pst. frå 2009 til 2010.

Det blir i proposisjonen òg gjort greie for trygdedrøftingane i 2008 der partane blei samde om ein plan for å trappe opp minstepensjonen til einslege pensjonistar slik at han frå 1. mai 2010 utgjer to gonger grunnbeløpet.

I samband med handsaminga av statsbudsjettet for 2010, jf. Prop. 1 S (2009–2010), blei den ordinære satsen for særtillegget auka til 100 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Meirutgiftene for 2010 som følgje av høgare sats er om lag 205 mill. kroner.

Som følgje av auken i særtillegget frå 1. mai 2010, foreslås det at satsane for supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg blir auka tilsvarande. Kostnadene ved framlegget er rekna til 3,5 mill. kroner.

Pensjonane til einslege minstepensjonistar aukar då frå 1. mai 2010 med 7 704 kroner til 151 272 kroner per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar aukar pensjonen med 14 592 kroner til 279 864 kroner per år.

Meirutgiftene for 2010 som følgje av høgare grunnbeløp og auka satsar for supplerande stønad blir om lag 5 603 mill. kroner.

Tabellen nedanfor viser utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre fødde etter 1940 frå 1. mai 1992 etter framlegget til pensjonsregulering.

Tabell Utviklinga av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1.5.1992–30.4.2011. Kroner.

Minstepensjon

Unge uføre fødde etter 1940

Einslege

Ektepar

Per år

Per md.

Per år

Per md.

Per år

Per md.

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

87 096

7 258

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

88 992

7 416

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0881

8 4241

88 991

7 416

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

90 852

7 571

1.01.95-30.04.952

61 512

5 126

103 992

8 666

90 852

7 571

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

93 600

7 800

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

97 836

8 153

1.05.97-30.04.983

69 360

5 780

117 456

9 788

101 412

8 451

1.05.98-30.04.994

81 360

6 780

140 040

11 670

108 252

9 021

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

112 032

9 336

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

117 132

9 761

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

122 544

10 212

1.05.02-30.04.03

97 140

8 095

167 208

13 934

129 252

10 771

1.05.03-30.04.04

101 964

8 497

181 2005

15 100

135 660

11 305

1.05.04-30.04.05

105 408

8 784

190 2486

15 854

140 244

11 687

1.05.05-30.04.06

108 852

9 071

199 5127

16 626

144 828

12 069

1.05.06-30.04.07

112 788

9 399

206 712

17 226

150 060

12 505

1.05.07-30.04.08

119 820

9 985

219 600

18 300

159 420

13 285

1.05.08-30.04.098

136 296

11 358

251 496

20 958

173 5329

14 461

1.05.09-30.04.1010

143 568

11 964

265 272

22 106

180 012

15 001

1.05.10-30.04.1111

151 272

12 606

279 864

23 322

186 828

15 569

1 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 1.01.1994. Ny sats 2 x 60,5 pst. av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

2 Heving av sats for særtillegget frå 1.01.1995. Ordinær sats utgjorde 61,55 pst. av grunnbeløpet.

3 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1997. Ordinær sats utgjorde 63,2 pst. av grunnbeløpet (minstesats 57,5 pst).

4 Heving av sats for særtillegget frå 1.05.1998. Ordinær sats utgjorde 79,33 pst. av grunnbeløpet, medan minstesats er 74 pst. av grunnbeløpet.

5 Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1.05.2003.

6 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1.05.2004.

7 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1.05.2005.

8 Ordinær sats for særtillegget auka til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2008.

9 Dei medrekna framtidige pensjonspoenga for unge uføre blei heva frå 3,30 til 3,50 frå 1.05.2008.

10 Ordinær sats for særtillegget auka til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2009.

11 Ordinær sats for særtillegget aukar til 100 pst. av grunnbeløpet frå 1.05.2010.

Kilde: Arbeids- og velferdsdirektoratet

Pensjonane aukar til vanleg tilsvarande veksten i grunnbeløpet. Gjennomsnittleg pensjon har likevel auka med meir enn grunnbeløpet. Dette kjem av at pensjonistane i aukande grad har tent opp tilleggspensjon. Vidare har pensjonane for ektepar og sambuande auka sterkare enn grunnbeløpet i åra 2002–2009. Årsaka er at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003, til 0,825 G frå 1. mai 2004 og til 0,85 G frå 1. mai 2005. Den siste endringa fekk heilårsverknad i 2006.

Pensjonane for dei einslege minstepensjonistane har auka meir enn grunnbeløpet av di særtillegget ordinær sats blei auka til frå 79,33 pst. til 94 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2008, og til 97 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2009. For ektepar og sambuande med minstepensjon var veksten sterkare både på grunn av auken i særtillegget og av di grunnpensjonen blei trappa opp.

Auken i grunnbeløpet i perioden 2002–2009 er 35,3 pst., medan veksten for lønstakarar i alt var 36,2 pst. Årsaka til skilnaden er mellom anna at partane i trygdeoppgjeret i 2008 blei samde om ei fordeling innanfor den økonomiske ramma der ein nytta noko av midlane til å auke særtillegget.

Den historiske utviklinga av pensjonane viser at minstepensjonen har hatt ein særleg sterk realvekst. Dette heng saman med at satsane for særtillegget er trappa opp gjennom åra, seinast gjennom dei nemnde aukane frå 1. mai 2008 og 1. mai 2009.

Denne utviklinga vil halde fram det neste året som følgje av den vidare opptrappinga av særtillegget som partane blei samde om i trygdeoppgjeret for 2008. Det ordinære særtillegget aukar frå 97 pst. til 100 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2010.

Det blir i proposisjonen gjort greie for at dei særlege skattereglane som gjeld for pensjonistar i 2010 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992. Forslag til nye reglar som skal gjelde frå 1. januar 2011, har vore på høyring. Finansdepartementet vil innan kort tid leggje fram eit endeleg forslag.

Reguleringa har og konsekvensar for krigspensjoneringa. Og for 2010 blir det rekna med meirutgifter på 5 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og 11. mill. kroner til krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar.

Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering med 16 mill. kroner for 2010.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) auka med 38 mill. kroner, og at løyvingane til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 30 mill. kroner.

Ved handsaminga av St.meld. nr. 29 (1985–1986) føresette Stortinget at pensjonar skal regulerast i takt med grunnbeløpet i folketrygda. Ei slik regulering blei første gong gjort med verknad frå 1. mai 1986 og seinast 1. mai 2009.

Tenestepensjonane i offentleg sektor er såkalla bruttoordningar som blir gitt i tillegg til folketrygda. Pensjonen frå folketrygda skal alltid betalast fullt ut, medan tenestepensjonen blir redusert med eit samordningsfrådrag. Vanlegvis utgjer samordningsfrådraget 3/4 grunnbeløp og heile tilleggspensjonen og/eller særtillegget når tenestepensjonen blir gitt for full tenestetid (vanlegvis 30 år).

Når satsane for særtillegg aukar, blir dette motsvara av eit høgare samordningsfrådrag, og Statens pensjonskasse sin del av utbetalte pensjonar aukar noko mindre enn auken i grunnbeløpet. Nettoeffekten av reguleringa av grunnbeløpet i 2010 og auken i satsane for særtillegg på utbetalte pensjonar vil være om lag 3 pst.

Dei totale meirutgiftene for pensjonane som følgje av endra grunnbeløp og særtillegg vil utgjere om lag 379 mill. kroner. Auken er delt med 0,5 mill. kroner på kap. 611 Pensjonar av statskassa, 373 mill. kroner på kap. 612 Tilskott til Statens pensjonskasse, 1 mill. kroner på kap. 615 Yrkesskadeforsikring og 4 mill. kroner på kap. 616 Gruppelivsforsikring.

I samsvar med trygdedrøftingane i 2008 blir det i proposisjonen fremja forslag om at den ordinære satsen for særtillegget skal vere 100 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Særtillegget blir gitt med ein ordinær sats og ein minstesats (74 pst. av grunnbeløpet). Minstesatsen gjeld når pensjonisten har ektefelle eller sambuar som har tilleggspensjon større enn det ordinære særtillegget, men ektefellane er likevel sikra samla tilleggspensjon og særtillegg tilsvarande to gonger særtillegget etter ordinær sats. I andre høve blir det gitt særtillegg etter ordinær sats, det vil seie både til einslege minstepensjonistar og til ektepar der begge er minstepensjonistar.

Auken i den ordinære særtilleggssatsen vil gi eit ytterlegare løft for minstepensjonistane. Samstundes vil fleire med tilleggspensjon få pensjonen sin supplert med eit avkorta særtillegg. Dei vil då falle innanfor gruppa minstepensjonistar. Sjølv om enkelte kan ha ei kjensle av at dei får liten nytte av den tilleggspensjonen dei har tent opp, er det i denne samanhengen viktig å framheve at desse pensjonistane får ein auke i pensjonen i tillegg til den auken som hevinga av grunnbeløpet gir.

Det gjeras merksam på at pensjonistar med supplerande pensjonar som er samordningspliktige med folketrygda, vil få dei supplerande pensjonane samordna på nytt. Minstepensjonistar som har tenestepensjon som er fullt opptent, vil såleis ikkje få ein ekstra auke i samla pensjon ved at særtilleggssatsen blir heva til 100 pst. av grunnbeløpet frå 1. mai 2010. Minstepensjonistar som har ein tenestepensjon i tillegg til folketrygda vil difor få ein auke på 3,77 pst. frå 2009 til 2010.

1.2 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Det blir gjort framlegg om at endringane tek til å gjelde straks, med verknad frå 1. mai 2010. Dei auka satsane for supplerande stønad er rekna å gi meirutgifter på om lag 3,5 mill. kroner i 2010. Heilårseffekten er rekna til om lag 5,5 mill. kroner. Endringane vil òg gjelde for personar som hadde supplerande stønad før 1. mai 2010. Forslaga har ikkje nemnande administrative konsekvensar.

Med grunnbeløpet 75 641 kroner utgjer maksimal supplerande stønad på årsbasis 151 282 kroner for einslege, 189 103 kroner for stønadstakarar som forsørgjer ektefelle og 139 936 kroner for kvar av ektefellane når begge er stønadstakarar.