1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen legg Justisdepartementet fram forslag om endringar i lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper § 16-16 første ledd og § 16-17 første ledd.

Aksjelova § 16-16 omhandlar sakshandsaminga i saker om tvangsoppløysing etter orskurd frå tingretten. Endringsforslaget gjeld Brønnøysundregistra si plikt til å sende varsel til eit selskap som står i fare for å bli løyst opp. Justisdepartementet foreslår òg ei presisering av kva som er avgjerande for at tingretten skal ha kompetanse til å handsame ei sak om oppløysing. Proposisjonen omhandlar ikkje reglane om oppløysing av aksjeselskap etter vedtak av generalforsamlinga eller ved dom etter krav frå ein aksjeeigar.

Justisdepartementet foreslår også endringar i dei liknande føresegnene i lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper §§ 16-16 og 16-17, lov 6. juni 2003 nr. 38 om bustadbyggjelag §§ 10-15 og 10-16 og lov 29. juni 2007 nr. 81 om samvirkeforetak §§ 142 og 143.

Justisdepartementet foreslår dessutan retting av nokre inkuriar. Dette gjeld aksjelova § 1-5, § 5-19, overskrifta til kapittel 11, § 13-6 og § 13-18, allmennaksjelova § 1-5, § 5-19 og § 8-10 og lov 13. mai 1988 nr. 26 om inkassovirksomhet og annen inndriving av forfalte pengekrav § 5 femte ledd andre punktum.

1.2 Nærmare om lovforslaget

Bakgrunnen for lovforslaget er ein orskurd frå Høgsteretts ankeutval 30. mars 2009 (Rt. 2009 side 414). Hovudspørsmålet i saka var tolkinga av kravet om å «gi selskapet varsel» i aksjelova § 16-16. Ankeutvalet kom her til at Føretaksregisteret si plikt til å gi selskapet varsel inneber at varselet må vere kome fram til selskapet.

Justisdepartementet sendte ut eit høyringsnotat i april 2010 om endringar i aksjelova §§ 16-16 og 16-17 og liknande føresegner i allmennaksjelova, bustadbyggjelaglova og samvirkelova. I høyringsnotatet blei det foreslått at det skal vere tilstrekkeleg at varsel er sendt frå Føretaksregisteret eller i tilfelle Rekneskapsregisteret. Det blei òg foreslått å presisere at det avgjerande for tingretten sin kompetanse til å handsame ei sak om tvangsoppløysing er at det har skjedd ei kunngjering, og at selskapet ikkje har retta forholdet innan fristen. I høyringsnotatet blei det også foreslått endringar av enkelte inkuriar i aksjelova og allmennaksjelova.

Departementet foreslår ei endring av aksjelova § 16-16 første ledd i samsvar med framlegget i høyringsnotatet. Forslaget går ut på at det ikkje skal vere eit krav etter føresegna at varselet må vere kome fram til selskapet, men at det er tilstrekkeleg at Brønnøysundregistra har sendt selskapet varsel om at vilkåra for å løyse opp selskapet etter § 16-15 er oppfylt.

Departementet sitt utgangspunkt er at ei avgjerd om å løyse opp og avvikle eit selskap er inngripande. Ei avgjerd om oppløysing vil kunne ha stor verknad både for selskapet og for personar med interesser i selskapet. Tingretten treffer avgjerd om oppløysing utan ytterlegare prøving av grunnlaget for oppløysinga. Dette gjer varslings- og kunngjeringsreglane viktige. Ved vurderinga av den framlagte endringa har det såleis frå departementet si side vore eit klart siktemål at varslings- og kunngjeringssystemet skal vareta rettstryggleiken til selskapa.

I tilfelle av at det ligg føre ein grunn til å løyse opp selskapet etter § 16-15, er varslingsreglane lagt opp slik at selskapet skal få to varsel, begge med rommelege fristar til å bringe forholdet i orden. Første varsel skjer direkte til selskapet, med ein fire vekers frist til å rette opp forholdet, jf. § 16-16 første ledd. Andre varsel skjer ved kunngjering i Føretaksregisteret eller Rekneskapsregisteret og i ei avis som er alminneleg lese på forretningsstaden til selskapet, med frist på ein månad til å rette opp forholdet, jf. § 16-16 andre ledd.

Det er departementet si vurdering at systemet for varsling om oppløysing på bakgrunn av forhold som nemnt i aksjelova § 16-15 i tilstrekkeleg grad vil vareta omsynet til selskapa sin rettstryggleik utan at det må stillast krav om at varselet etter § 16-16 første eller andre ledd skal vere kome fram til selskapet.

Forslaget om lovendring i denne proposisjonen inneber at Brønnøysundregistra kan halde fram med dei automatiserte rutinane som ein har brukt til no. Ein vil dermed unngå dei utgiftene orskurden frå Høgsteretts ankeutval elles vil føre til. Ei lovendring som framlagt her vil dermed spare utgifter for staten og næringslivet, og vil såleis ha positive konsekvensar både økonomisk og administrativt.