10. Arveavgift og rådighet over arven etter førsteavdøde ved uskifte mellom samboere

10.1 Sammendrag

Arveavgiftsloven § 9 andre ledd fastsett at rådigheita over arven ikkje reknast som erverva så lenge attlevande ektemake held slike midlar i uskifta bu. Dette suspenderer arveavgiftsberekninga for dei arvingane som elles er avgiftspliktige. Først ved utdelingar frå uskiftebuet eller opphør av dette, skjer arveavgiftsplikta. Departementet gjer framlegg om at denne føresegna også skal gjelde for uskifte mellom sambuarar. Lovframlegget jamsteller såleis i arveavgiftslova attlevande sambuar og ektemake som har rett til å sitje i uskifte.

Etter arvelova § 28 c kan person som var sambuar med avdøde ved dødsfallet og som har, har hatt eller ventar barn med avdøde, ta over følgjande eigedelar som den avdøde eigde, uskift med den avdøde sine arvingar etter lova:

  • a) felles bustad og innbu

  • b) bil og fritidseigedom med innbu som tente til felles bruk for sambuarane

Den attlevande kan på same vis ta over også andre eigedelar uskift dersom det er fastsett i testament eller arvingane samtykkjer.

Arveavgiftsloven har fleire reglar som jamsteller ektemakar og sambuarar. Dette gjeld § 4 fjerde ledd som fritar for arveavgift midlar som nokon tar imot som arv eller gåve frå sin ektemake eller sambuar, jf. § 47 A. Også i § 2 første ledd bokstav a og d, samt i regelen sitt andre og fjerde ledd, blir ektemakar og sambuarar jamstelte. Det same gjeld § 5 fjerde ledd, § 7 femte ledd, § 8 andre ledd, § 14 fjerde ledd og § 28 første ledd. Desse reglane kom inn i arveavgifts-loven ved lov 28. juni 2002 nr. 49 med verknad frå 1. januar 2002, jf. Ot.prp. nr. 75 (2001‑2002).

Ved lov av 9. desember 2005 nr. 116 vart sambuaromgrepet i arveavgiftsloven § 47 A endra frå berre å gjelde sambuarar som nemnd i folketrygdloven § 1-5 til også å gjelde sambuarar som har budd saman i minst to år i eit ekteskapsliknande eller partnarskapsliknande forhold.

Å jamstelle sambuarar og ektemakar i arveav-gifts-lova når det gjeld uskifte, er såleis å følgje opp lovgjevinga i arvelova med å jamstelle ektemakar og sambuarar der.

Departementet gjer derfor framlegg om endring av arveavgiftsloven § 47 A slik at den også omfattar sambuarar som etter arvelova § 28 c kan sitje i uskifte med den avlidne sambuaren sine arvingar. Slike sambuarar og deira uskifte er nemnde i eit anna forslag i denne proposisjonen vedrørande arveav-gifts-loven § 7 første, andre, tredje og fjerde ledd og § 9 andre ledd. Sjå kapittel 9 i proposisjonen. Departementet foreslår at lovendringa tek til å gjelde straks. Ein viser til endring av arveavgiftsloven § 9 andre ledd og forslag til ny § 47 A andre ledd.

Forslaget kan ikkje sjåast å ha særlege økonomiske eller administrative konsekvensar.

10.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.