9. Arveavgift og utdelinger fra uskiftebo

9.1 Sammendrag

Utdeling frå uskiftebu til barnebarn reknast i dag som gåve frå den lengstlevande besteforelderen og gir rett til berre eitt fribeløp, som for 2011 er på 470 000 kroner. (I tillegg kan ein person før sin død gi ei årleg gåve innafor eit fribeløp på eit halvt grunnbeløp i folketrygda (1/2 G)). Unntak gjeld ved formelt arveavkall frå mellomgenerasjonen. Departementet gjer framlegg om at utdelingar frå uskiftebu til felles livsarvingar skal reknast å komme frå begge ektemakane, og dermed gi rett til to fribeløp. Denne retten blir da ikkje lenger avhengig av at partane sørgjer for formelt arveavkall.

Vidare vert det foreslått at fordelinga av utdelingar frå sambuar i uskifte til sambuarane sine felles livsarvingar, arvingar berre av lengstlevande eller arvingar berre etter førstavdøde, blir tilsvarande som for utdelingar frå ein ektemake i uskifte. Det vil seie at utdelingar frå uskiftebu til felles livsarvingar reknast som gåve frå lengstlevande og arv frå førstavdøde, utdelingar til arvingar berre etter gjenlevande reknast som gåve frå denne, og utdelingar til arvingar berre av førstavdøde reknast som arv etter denne.

Utdelingar frå ektemakeuskifte til felles livsarvingar reknast å komme med ein halvpart frå kvar, som gåve frå lengstlevande og som arv etter førstavdøde. For sambuaruskifte blir det foreslått at fordelinga mellom arv og gåve skal følgje den fordelinga som følgjer av arvelova sine reglar om sambuaruskifte.

Ein foreslår at endringane i arveavgiftsloven § 7 første ledd, andre ledd første punktum, andre ledd nytt andre punktum, tredje ledd første punktum og fjerde ledd første punktum, samt § 8 tredje ledd andre punktum, trer i kraft med verknad for arv og gåve der rådvelde blir oppnådd 1. juli 2011 eller seinare, jf. arveavgiftsloven §§ 9 og 10.

Forslaget kan ikkje sjåast å ha særlege økonomiske og administrative konsekvensar. Det vil vere forenklande for familiar som vil overføre verdiar til barnebarn mv.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.

Komiteens medlem fra Høyre og Venstre støtter isolert sett endringene i arveavgiftsloven foreslått av regjeringen, men viser til at disse medlemmer vil fjerne hele arveavgiften og til forslag om dette i kapittel 14 i denne innstillingen, samt bevilgningsforslag under kapittel 19 i Innst. 420 S (2010–2011).