I proposisjonen blir det fremja forslag om endringar
av løyvingane under enkelte kapittel under programområde 9 Arbeid
og sosiale formål, programområde 29 Sosiale formål, folketrygda, programområde
33 Arbeidsliv, folketrygda, samt enkelte av inntektene for 2011.
Det blir fremja forslag om å redusere løyvingane under
utgiftskapitla under programområde 9 Arbeid og sosiale formål utanom
lånetransaksjonar med 94,5 mill. kroner, å redusere løyvingane under
programområde 29 Sosiale formål, folketrygda med 1 778,6 mill. kroner
og å redusere løyvingane under programområde 33 Arbeidsliv med 660
mill. kroner. Samla gjer Arbeidsdepartementet framlegg om at løyvingane
under utgiftskapitla utanom lånetransaksjonar vert nedsette med
om lag 2 533,1 mill. kroner.
Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga for inntekter
utanom lånetransaksjonar under inntektskapitla med om lag 25,3 mill.
kroner.