Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram
forslag om forlenging av eksisterande bompengeordning for Nord-Jærenpakka
med inntil fem år.
Nord-Jærenpakka er omtalt m.a. i St.meld. nr.
16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, side 163–165. I
St.prp. nr. 58 (2008–2009), jf. Innst. S. nr. 230 (2008–2009), blei
det lagt til grunn at Nord-Jærenpakka skulle fullførast gjennom
innkrevjing av bompengar til utløpet av 2011.
Prioriteringane i St.prp. nr. 58 er følgde opp gjennom
Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perio-den 2010–2013 og
Rogaland fylkeskommune sitt handlingsprogram for den same perioden,
og gjennom dei årlege budsjetta.
Det blei vist til at konseptvalutgreiinga (KVU) for
transportsystemet på Jæren, med påfølgjande ekstern kvalitetssikring
(KS1) vil gi grunnlag for vidare planlegging og drøfting av finansieringsløysingar
av større samferdselstiltak på Jæren, m.a. for det vidare arbeidet
med utforming av Jærenpakke 2.
Sluttføringa av arbeidet med konseptvalutgreiinga
og ekstern kvalitetssikring av denne tek lengre tid enn tidlegare
lagt til grunn. Det er ikkje mogleg å leggja eit forslag til Jærenpakke 2
fram for Stortinget innan utløpet av 2011. Rogaland fylkeskommune
la derfor hausten 2010 fram eit forslag til forlenging av eksisterande
bompengeordning for Nord-Jærenpakka. Det er lagt opp til å forlenga
eksisterande ordning med inntil fem år for å finansiera ei rekkje
tiltak både på riks- og fylkesvegnettet.
Sidan 1998 er det gjennomført rundt 100 prosjekt
og tiltak innafor Nord-Jærenpakka. Totalt er det investert om lag
6 mrd. kroner. Av dette er om lag 40 pst. finansiert med bompengar.
Tabell 3.1 i proposisjonen viser store vegprosjekt som vil vera
fullførte eller starta opp ved utløpet av 2011.
Den lokalpolitiske behandlinga av forlenging
av Nord-Jærenpakka går fram av pkt. 4 i proposisjonen.
Av store prosjekt og tiltak som er aktuelle
å gjennomføra ved forlenging av Nord-Jærenpakka:
E39 Eiganestunnelen
i Stavanger kommune: Førebels legg Statens vegvesen til grunn eit
kostnadsoverslag (styringsramme) på om lag 1,9 mrd. 2011-kroner.
Rv. 510 Kryssutbetring i Sømmevågen vest
inkl. Flyplassvegen: Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden
650 mill. kroner. Det blir vurdert å gjennomføra ei etappevis utbygging.
Fv. 44 Forus–Gausel: Kostnadene er førebels
rekna til i storleiksorden 670 mill. kroner, herav om lag 210 mill.
kroner for strekninga i Sandnes kommune og om lag 460 mill. kroner
for strekninga i Stavanger kommune.
Fv. 505 Skjæveland–Foss/Eikeland; Kostnadene er
førebels rekna til i storleiksorden 410 mill. kroner.
E39 Sandved–Hove: Kostnadene er førebels
rekna til i storleiksorden 450 mill. kroner.
Trafikkstyringstiltak: Det blir lagt opp
til å gjennomføra tiltak for å prioritera kollektivtrafikken i Forusområdet,
i hovudsak gjennom signalprioritering.
Gang- og sykkelvegar; Det blir lagt opp
til å vidareføra utbygginga av gang- og sykkelvegar etter den prioriteringslista
som ligg føre i dagens Nord-Jærenpakke.
Finansieringa av Nord-Jærenpakka frå 2012 er basert
på statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar.
I det foreslåtte opplegget for forlenging av
Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling
hausten 2010, var det lagt til grunn 610 mill. 2010-kroner i statlege
midlar i fireårsperioden 2012–2015. Samferdselsdepartementet vil
komma tilbake til prosjektet E39 Eiganestunnelen når alle avklaringar
ligg føre.
I det foreslåtte opplegget for forlenging av
Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling
hausten 2010, var det lagt til grunn ei fylkeskommunal ramme på
351 mill. 2010-kroner i fireårsperioden 2012–2015. Omrekna til 2011-prisnivå
utgjer dei fylkeskommunale midlane 359 mill. kroner.
Det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst
på 2,2 pst. i perioden 2010–2014 og 1,9 pst. etter 2014.
I dag omfattar innkrevjingsopplegget 21 bomstasjonar.
Fire bomstasjonar er plasserte på riksvegar, 15 på fylkesvegar og
to på kommunale vegar. Det er planlagt ytterlegare ein ny bomstasjon.
Med 5 års forlenga innkrevjing, uendra takstnivå og
endring av maksimal rabatt på 40 pst. til flat rabatt på 20 pst.
for abonnentar, stipulerer Statens vegvesen samla bompengeinntekter
i femårsperioden 2012–2016 til om lag 2,520 mrd. kroner. Kostnader
til innkrevjing og drift av bompengeselskapet er rekna til om lag
160 mill. kroner. Følgjeleg er det lagt til grunn om lag 2 360 mill.
kroner til investeringar i løpet av ein femårsperiode. Det er ikkje
lagt til grunn låneopptak, jf. St.prp. nr. 14 (1998–1999).
Det er førebels lagt til grunn eit bompengeuttak i
2012 på om lag 260 mill. 2012-kroner. I tråd med Prop. 1 S (2011–2012)
er det for riksvegar føresett 150 mill. kroner til prosjektet rv.
510 Solasplitten. Det er vidare lagt til grunn 37 mill. kroner til
prosjektering og andre førebuande arbeid på prosjektet E39 Eiganestunnelen
med sikte på anleggsstart i 2013. Vidare er det i 2012 også lagt
til grunn bompengar til prosjekter og tiltak på fylkesvegnettet
og til planlegging av både riks- og fylkesvegprosjekt.
Samferdselsdepartementet viser til at Nord-Jæren
er eit av dei sterkaste vekstområda i landet. Prognosane for befolkningsutviklinga
tyder på at befolkningsveksten vil skje svært raskt, noko som gir
særskilte transportutfordringar.
Samferdselsdepartementet viser til at høyringsforslaget
presenterte tre alternativ for forlenging av Nord-Jærenpakka der
alle alternativa la opp til fire års forlenging. I tillegg var det
lagt opp til ei forlenging på to år for å fullfinansiera E39 Eiganestunnelen,
ev. ytterlegare eitt år for å fullfinansiera E39 Sandved–Hove, dersom
det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2. Kommunane er ikkje
samde om val av opplegg. Samferdselsdepartementet meiner at transportutfordringane på
Jæren må sjåast i ein regional samanheng på tvers av kommunegrensene.
Departementet sluttar seg derfor til fylkestinget sitt vedtak som
inneber inntil 5 års forlenging, uendra takstnivå og endring av
maksimal rabatt på 40 pst. til 20 pst. flat rabatt for abonnentar.
Dersom Stortinget sluttar seg til ei ny trafikantordning
(Jærenpakke 2) innan fem år, vil denne avløysa vidareføringa av
dagens ordning. Dei økonomiske pliktene knytt til igangsette prosjekt innafor
Nord-Jærenpakka vil derfor bli overførte til den nye bompengeordninga.
Dersom det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2, føreset Samferdselsdepartementet
at bompengeordninga for Nord-Jærenpakka blir oppretthalden til føresette bompengebidrag
til igangsette prosjekt og kostnadene ved avviklinga av bompengeordninga,
er finansierte.
Samferdselsdepartementet viser til at det har vore
ein stor auke i kostnadene for fleire av prosjekta sidan fylkeskommunen
utarbeidde opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka. I ei bompengepakke
må omfanget av utbygginga tilpassast den økonomiske ramma. Som tidlegare skal
endelege prioriteringar innafor Nord-Jærenpakka skje gjennom dei
årlege budsjetta.
Etter at Stortinget har gjort vedtak om forlenging av
Nord-Jærenpakka vil Statens vegvesen Vegdirektoratet og bompengeselskapet
inngå ein tilleggsavtale i tråd med føresetnadene i proposisjonen.