Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om forlenging av eksisterande bompengeordning for Nord-Jærenpakka med inntil fem år.

Nord-Jærenpakka er omtalt m.a. i St.meld. nr. 16 (2008–2009) Nasjonal transportplan 2010–2019, side 163–165. I St.prp. nr. 58 (2008–2009), jf. Innst. S. nr. 230 (2008–2009), blei det lagt til grunn at Nord-Jærenpakka skulle fullførast gjennom innkrevjing av bompengar til utløpet av 2011.

Prioriteringane i St.prp. nr. 58 er følgde opp gjennom Statens vegvesen sitt handlingsprogram for perio-den 2010–2013 og Rogaland fylkeskommune sitt handlingsprogram for den same perioden, og gjennom dei årlege budsjetta.

Det blei vist til at konseptvalutgreiinga (KVU) for transportsystemet på Jæren, med påfølgjande ekstern kvalitetssikring (KS1) vil gi grunnlag for vidare planlegging og drøfting av finansieringsløysingar av større samferdselstiltak på Jæren, m.a. for det vidare arbeidet med utforming av Jærenpakke 2.

Sluttføringa av arbeidet med konseptvalutgreiinga og ekstern kvalitetssikring av denne tek lengre tid enn tidlegare lagt til grunn. Det er ikkje mogleg å leggja eit forslag til Jærenpakke 2 fram for Stortinget innan utløpet av 2011. Rogaland fylkeskommune la derfor hausten 2010 fram eit forslag til forlenging av eksisterande bompengeordning for Nord-Jærenpakka. Det er lagt opp til å forlenga eksisterande ordning med inntil fem år for å finansiera ei rekkje tiltak både på riks- og fylkesvegnettet.

Sidan 1998 er det gjennomført rundt 100 prosjekt og tiltak innafor Nord-Jærenpakka. Totalt er det investert om lag 6 mrd. kroner. Av dette er om lag 40 pst. finansiert med bompengar. Tabell 3.1 i proposisjonen viser store vegprosjekt som vil vera fullførte eller starta opp ved utløpet av 2011.

Den lokalpolitiske behandlinga av forlenging av Nord-Jærenpakka går fram av pkt. 4 i proposisjonen.

Tiltak ved forlenging av Nord-Jærenpakka

Av store prosjekt og tiltak som er aktuelle å gjennomføra ved forlenging av Nord-Jærenpakka:

  • E39 Eiganestunnelen i Stavanger kommune: Førebels legg Statens vegvesen til grunn eit kostnadsoverslag (styringsramme) på om lag 1,9 mrd. 2011-kroner.

  • Rv. 510 Kryssutbetring i Sømmevågen vest inkl. Flyplassvegen: Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 650 mill. kroner. Det blir vurdert å gjennomføra ei etappevis utbygging.

  • Fv. 44 Forus–Gausel: Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 670 mill. kroner, herav om lag 210 mill. kroner for strekninga i Sandnes kommune og om lag 460 mill. kroner for strekninga i Stavanger kommune.

  • Fv. 505 Skjæveland–Foss/Eikeland; Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 410 mill. kroner.

  • E39 Sandved–Hove: Kostnadene er førebels rekna til i storleiksorden 450 mill. kroner.

  • Trafikkstyringstiltak: Det blir lagt opp til å gjennomføra tiltak for å prioritera kollektivtrafikken i Forusområdet, i hovudsak gjennom signalprioritering.

  • Gang- og sykkelvegar; Det blir lagt opp til å vidareføra utbygginga av gang- og sykkelvegar etter den prioriteringslista som ligg føre i dagens Nord-Jærenpakke.

Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringa av Nord-Jærenpakka frå 2012 er basert på statlege midlar, fylkeskommunale midlar og bompengar.

I det foreslåtte opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling hausten 2010, var det lagt til grunn 610 mill. 2010-kroner i statlege midlar i fireårsperioden 2012–2015. Samferdselsdepartementet vil komma tilbake til prosjektet E39 Eiganestunnelen når alle avklaringar ligg føre.

I det foreslåtte opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka som blei lagt fram for lokalpolitisk behandling hausten 2010, var det lagt til grunn ei fylkeskommunal ramme på 351 mill. 2010-kroner i fireårsperioden 2012–2015. Omrekna til 2011-prisnivå utgjer dei fylkeskommunale midlane 359 mill. kroner.

Det er lagt til grunn ein årleg trafikkvekst på 2,2 pst. i perioden 2010–2014 og 1,9 pst. etter 2014.

I dag omfattar innkrevjingsopplegget 21 bomstasjonar. Fire bomstasjonar er plasserte på riksvegar, 15 på fylkesvegar og to på kommunale vegar. Det er planlagt ytterlegare ein ny bomstasjon.

Med 5 års forlenga innkrevjing, uendra takstnivå og endring av maksimal rabatt på 40 pst. til flat rabatt på 20 pst. for abonnentar, stipulerer Statens vegvesen samla bompengeinntekter i femårsperioden 2012–2016 til om lag 2,520 mrd. kroner. Kostnader til innkrevjing og drift av bompengeselskapet er rekna til om lag 160 mill. kroner. Følgjeleg er det lagt til grunn om lag 2 360 mill. kroner til investeringar i løpet av ein femårsperiode. Det er ikkje lagt til grunn låneopptak, jf. St.prp. nr. 14 (1998–1999).

Det er førebels lagt til grunn eit bompengeuttak i 2012 på om lag 260 mill. 2012-kroner. I tråd med Prop. 1 S (2011–2012) er det for riksvegar føresett 150 mill. kroner til prosjektet rv. 510 Solasplitten. Det er vidare lagt til grunn 37 mill. kroner til prosjektering og andre førebuande arbeid på prosjektet E39 Eiganestunnelen med sikte på anleggsstart i 2013. Vidare er det i 2012 også lagt til grunn bompengar til prosjekter og tiltak på fylkesvegnettet og til planlegging av både riks- og fylkesvegprosjekt.

Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at Nord-Jæren er eit av dei sterkaste vekstområda i landet. Prognosane for befolkningsutviklinga tyder på at befolkningsveksten vil skje svært raskt, noko som gir særskilte transportutfordringar.

Samferdselsdepartementet viser til at høyringsforslaget presenterte tre alternativ for forlenging av Nord-Jærenpakka der alle alternativa la opp til fire års forlenging. I tillegg var det lagt opp til ei forlenging på to år for å fullfinansiera E39 Eiganestunnelen, ev. ytterlegare eitt år for å fullfinansiera E39 Sandved–Hove, dersom det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2. Kommunane er ikkje samde om val av opplegg. Samferdselsdepartementet meiner at transportutfordringane på Jæren må sjåast i ein regional samanheng på tvers av kommunegrensene. Departementet sluttar seg derfor til fylkestinget sitt vedtak som inneber inntil 5 års forlenging, uendra takstnivå og endring av maksimal rabatt på 40 pst. til 20 pst. flat rabatt for abonnentar.

Dersom Stortinget sluttar seg til ei ny trafikantordning (Jærenpakke 2) innan fem år, vil denne avløysa vidareføringa av dagens ordning. Dei økonomiske pliktene knytt til igangsette prosjekt innafor Nord-Jærenpakka vil derfor bli overførte til den nye bompengeordninga. Dersom det ikkje blir tilslutning til ei Jærenpakke 2, føreset Samferdselsdepartementet at bompengeordninga for Nord-Jærenpakka blir oppretthalden til føresette bompengebidrag til igangsette prosjekt og kostnadene ved avviklinga av bompengeordninga, er finansierte.

Samferdselsdepartementet viser til at det har vore ein stor auke i kostnadene for fleire av prosjekta sidan fylkeskommunen utarbeidde opplegget for forlenging av Nord-Jærenpakka. I ei bompengepakke må omfanget av utbygginga tilpassast den økonomiske ramma. Som tidlegare skal endelege prioriteringar innafor Nord-Jærenpakka skje gjennom dei årlege budsjetta.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om forlenging av Nord-Jærenpakka vil Statens vegvesen Vegdirektoratet og bompengeselskapet inngå ein tilleggsavtale i tråd med føresetnadene i proposisjonen.