Den 66. sesjonen i FNs generalforsamling var prega
av etterverknadene av den arabiske våren, spørsmålet om statusen
til Palestina, debatten om finansiering av det regulære FN-budsjettet,
oppkøyringa til FN-konferansen om berekraftig utvikling (Rio+20)
i Brasil i juni 2012 og eit EU som sleit med å definere rolla si
i FN.
Utviklinga i Midtausten var hovudfokus i generaldebatten.
Dette nådde ein topp då president Abbas leverte inn medlemskapssøknaden
frå Palestina til generalsekretæren, og då president Abbas og Israels statsminister
Netanyahu presenterte diametralt ulike versjonar av årsakene til
at det er stillstand i fredsprosessen. Dei fleste nasjonale innlegga
stadfesta òg at skiljelinjene i Palestina-spørsmålet står ved lag.
Det palestinske folket sine ambisjonar om både å bli godkjent som
stat i FN og å oppnå full medlemskap blei ikkje oppfylt. Eit anna
spørsmål som då reiste seg, var om Palestina ville be generalforsamlinga
vedta ein resolusjon som oppgraderte den palestinske statusen til
observatørstat (frå observatør, som Palestina er i dag) utan å gje
full medlemskap. Dette spørsmålet låg latent heile hausten, utan
at Palestina tok initia-tiv til å leggje fram noko utkast til resolusjon.
Parallelt gjekk det føre seg ein prosess i FNs
særorganisasjon UNESCO, der spørsmålet om full palestinsk medlemskap
vart reist. Generalkonferansen i UNESCO vedtok 31. oktober med 107
ja-stemmer, 52 avståande og 14 nei-stemmer at Palestina skal takast
opp som fullverdig medlem i organisasjonen. Noreg stemte ja.
Tryggingsrådet vedtok i mars 2011 resolusjonar som
autoriserte maktbruk i Libya, og som til slutt leidde til at Gadaffi-regimet
braut saman. Alt ved innleiinga av generalforsamlinga i september
2011 vart dei nye overgangsstyresmaktene i landet (NTC) innvilga
rett til å representere Libya i FN. Noreg støtta opp om vedtaket
for å gje dei nye overgangsstyresmaktene i Libya dei nødvendige
akkreditiva til FN. Tryggingsrådsresolusjon 1973 om maktbruk for
å verne sivile har skapt eit «post 1973-traume» blant mange land
i FN på grunn av den effektive måten NATO gjennomførte tiltaka FN
autoriserte i Libya. Ei rekkje land er blitt endå meir vare overfor
regimeskifte som underliggjande mål når temaet er vern av sivile.
Ein resolusjon som fordømde menneskerettsovergrepa
som syriske styresmakter har gjort mot si eiga befolkning samla
stor oppslutning både i 3. komité og i plenum. Noreg var blant pådrivarane
for å få han vedteken.
Sør-Sudan vart teken opp som den 193. medlemen
i FN i forkant av generalforsamlinga i år. Som følgje av den arabiske
våren har likevel ikkje fokuset på Sudan og Sør-Sudan i Tryggingsrådet
og FN elles vore så sterkt som venta.
Noreg vidareførte arbeidet for reform av FN, mellom
anna gjennom å følgje opp Stoltenberg-panelets rapport om «Eitt
FN». Saka møter framleis motstand frå enkelte tonegjevande land
i G77, men eit internasjonalt møte i Uruguay i november og konti-nuerleg
press frå både programland og gjevarland heldt saka varm.
I debatten om reform av Tryggingsrådet vart
det tydeleg at frontane i spørsmålet om utviding framleis er temmeleg
fastlåste. Brasil, India, Tyskland og Japan (G4) gjorde eit poeng
av at 80 land har støtta ini-tiativa deira til å auke talet på faste
medlemer. Dei landa som set seg imot ei utviding (Uniting for Consensus,
UFC), med Pakistan og Italia i spissen, peikte på at ei slik utviding
aldri vil få kvalifisert fleirtal. Alle dei fem faste medlemslanda
uttrykte liten vilje og lite engasjement for reformer, inkludert
vetoretten. Valet av fem nye tryggingsrådsmedlemer kravde denne
gongen i alt 17 valomgangar før alle dei fem seta var fordelte.
Dei fem landa som vart valde inn var Guatemala, Marokko, Togo Pakistan
og Aserbaj-dsjan.
Hovudtemaet for årets høgnivåveke var ikkje-smittsame
sjukdomar. Andre viktige spørsmål var knytte til berekraftig utvikling,
kampen mot terror og openheit og kamp mot korrupsjon. I tillegg
vart det halde høgnivåkonferansar om aktuelle landsituasjonar som
Libya og Haiti og sveltekatastrofen på Afrikas Horn. På same måten
som tidlegare år var Noreg vertskap for Trygve Lie-symposiet om
dei grunnleggjande fridomane, der temaet denne gongen var sosia-le
media og demokrati. Noreg leidde også møtet i den internasjonale
støttegruppa for palestinske styresmakter (AHLC), som slo fast at
palestinske styresmakter har nådd dei måla dei sette seg for institusjonsbygginga
for ein levedyktig stat. For nærmare omtale av høgnivåveka og sidearrangementa,
sjå meldinga.
Det vert stadig klarare at verda ikkje lenger
kan delast i to grupper av land: utvikla land på den eine sida og
utviklingsland på den andre. Mellominntekts-landa ser på det som
ein trussel at gjevarlanda konsentrerer seg om dei fattigaste landa,
og arbeidde hardt for å behalde utviklingsbistanden frå FN i eigne land.
Som følgje av den interne usemja i EU om konsekvensane
Lisboa-traktaten skal ha for måten EU arbeider på i andre internasjonale
organisasjonar på det utanrikspolitiske området, har interessa for
nordiske innlegg auka. Usemja gjorde at EU ikkje fekk spelt den
politiske rolla under generalforsamlinga som var venta medan EU-landa
i langt større grad tok ordet i nasjonal kapasitet.
Det har vore stor interesse for og høge forventingar
til samarbeidet blant BRICS-landa (Brasil, Russland, India, Kina
og Sør-Afrika). Erfaringane så langt viser likevel at dei i liten
grad samordnar synspunkta sine seg imellom.
Årets sesjon vart i stor grad prega av eit resolusjonsutkast
om revitalisering av multilaterale kjernefysiske nedrustingsforhandlingar
som Noreg, Aus-terrike og Mexico stod bak. På basis av fleire opne konsultasjonsrundar
og ikkje minst mange bilaterale samtalar konkluderte Noreg, Austerrike
og Mexico med at tida ikkje var inne for å be om ei avstemming over
resolusjonen. Dersom det heller ikkje kjem framgang i nedrustningskonferansen
i Genève i løpet av 2012, vil det vere større vilje til å tenkje
i nye baner under den 67. sesjonen i FN-generalforsamlinga.
Uroa omkring Nord-Korea og Iran og uavklarte spørsmål
rundt Syrias tidlegare kjernefysiske aktivitetar prega mykje av
debatten om atomvåpen og førte til fleire rundar med hissige replikkutvekslingar.
På same måte som andre vestlege land hadde Noreg ein tydeleg bodskap
overfor desse tre landa. Eit positivt aspekt ved sesjonen var den
breie oppslutninga om regionale kjernevåpenfrie soner.
Noreg var blant dei landa som etterlyste reform av
arbeidsmetodane til både 1. komité og nedrustingskommisjonen (UNDC).
Det er ei utfordring å få ein god dynamikk i
forhandlingane i 2. komité. Dessverre er det dei mest steile og
i denne samanhengen mest konservative G77-delegasjonene som legg
premissa for arbeidet. I 2. komité vert oppgåva til dei vestlege
landa ofte å avgrense skadeverknadene av forslaga frå G77, som står
bak dei aller fleste resolusjonane.
I innlegg og i forhandlingane la Noreg særleg vekt
på innovativ finansiering, nasjonal skattlegging, nasjonal fordelingspolitikk,
ulovleg kapitalflyt, energi for alle, berekraftig utvikling og Rio+20-konferansen,
grøn økonomi, mødre- og barnehelse, Hiv/Aids og kvinnerettar. Noreg
bidrog òg til at angrep på omtalen av den reproduktive helsa til
kvinner ikkje nådde fram.
Sesjonen i 3. komité i år bar sterkt preg av
den arabiske våren og pågåande folkelege protestar verda over. Den
overordna prioriteringa for Noreg under årets sesjon var arbeidet
med å leie forhandlingane om to resolusjonar om menneskerettsforsvararar
og internt fordrivne. I tillegg arbeidde Noreg for auka oppslutning
om landresolusjonane om Iran, Myanmar og Nord-Korea, og ikkje minst
den nye resolusjonen om Syria.
Forhandlingsklimaet i 3. komité hadde hardare frontar
enn nokon gong før – dette skuldast ikkje minst at komiteen og resolusjonane
spegla den arabiske våren. Det var særleg sterk motstand mot forsøk
på å få inn referansar til politiske overgangsprosessar og tilgangen
til fredelege protestar i resolusjonstekstar.
Debatten i 4. komité vart prega av spørsmålet
om refusjonssatsen for personell og utstyr i FN-operasjonar. Desse
satsane har ikkje blitt auka på ti år, og mange utviklingsland som
stiller militære troppar til rådvelde for FN-teneste, har uttrykt
veksande frustrasjon over dette. Utviklingslanda dominerer blant
dei største militære bidragsytarane til operasjonane. Samtidig er
det vestlege land som betaler den største delen av operasjonskostnadene.
Løysinga vart ei minneleg ordning med utbetaling av eit eingongsbeløp.
I tillegg vart det vedteke å opprette ei rådgjevingsgruppe som skal
leggje fram forslag til vidare handtering av spørsmålet om storleiken
på refusjonssatsane.
FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar
(UNRWA) er eit av hovudspørsmåla 4. komité har til behandling. Den
finansielle situasjonen for UNRWA er framleis kritisk, og organisasjonen
har gjennomført viktige reformer for å få ned kostnadene samtidig
som det vert gjort målretta forsøk på å utvide kretsen av gjevarland.
5. komité vedtok å auke finansieringa av det internasjonale personellet
i UNRWA over FN-budsjettet.
Arbeidet i 5. komité var prega av økonomiske krisetider
og innleiinga til amerikansk valkamp: Budsjettkutt og til dels reform
var høgt prioritert av tonegjevande vestlege land i forhandlingane
om FNs toårige budsjett. Kjernebudsjettet for 2012–2013 er på USD
5,15 milliardar. Dette er eit kutt samanlikna med førre budsjettperiode
– for første gong sidan 1997. FN-sekretariatet, som no har både
ny controller og ny budsjettdirektør, innser at sjølve budsjettprosessen
må reformerast. Dette får støtte frå Noreg og fleire likesinna,
men det var ikkje mogleg å få utviklingslanda med på denne typen
reformtenking. Dei er opptekne av å behalde mest mogleg kontroll
i generalforsamlinga. FNs oppfølging av internrevisjon blir styrkt,
som følgje av at komiteen godkjende at det skal opprettast ei ny
nestleiarstilling (ASG) for OIOS (FNs kontor for internt ettersyn).
Dette resultatet var langt frå gjeve, og frå ein norsk ståstad må det
sjåast på som ei klar forbetring.
Finansieringa av dei politiske FN-operasjonane, som
t.d. operasjonane i Libya, Afghanistan og Irak, vart behandla, men
då komiteen ikkje kunne komme til ei løysing, vart den endelege
behandlinga utsett til hausten 2012.
Viktige tema under denne sesjonen var mellom anna
kampen mot terrorisme, universaljurisdiksjon, rettsstatsprinsipp
(rule of law) og rapporten frå Folkerettskommisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Laila Gustavsen, Eva Kristin Hansen, Svein Roald Hansen, Sverre
Myrli, Tore Nordtun og Helga Pedersen, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild
Ellingsen, Morten Høglund, Siv Jensen, Sylvi Listhaug og Karin S. Woldseth,
fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Ivar Kristiansen og lederen Ine
M. Eriksen Søreide, fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad
Valen, fra Senterpartiet, Lars Peder Brekk, og fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn
Høybråten, har merket seg at den 66. sesjonen i FNs generalforsamling
bar preg av ettervirkningene fra den arabiske våren og spørsmålet om
statusen til Palestina, EUs rolle i FN og finan-siering av FN-budsjettet. Komiteen vil
peke på at deltagelse i den ordinære generalforsamlingen er viktig,
for dette er en arena der svært mange stats- og regjeringssjefer
møtes, og hvor bilaterale møter er like viktig som plenumsmøtene.
Komiteen er av den oppfatning
at saker som den arabiske våren, Sikkerhetsrådets resolusjon om maktbruk
i Libya, og Israel–Palestina-spørsmålet er både viktig og nødvendig
å drøfte i plenum. Komiteen har også merket seg at
en resolusjon som fordømte menneskerettighetsovergrepene som syriske styresmakter
har gjort mot sin egen befolkning, ble drøftet i plenum. Komiteen mener
det er beklagelig at Sikkerhetsrådet ikke har vært i stand til å
samle seg om sterkere tiltak mot Syria for om mulig å stanse borgerkrigen
i landet.
At ikke alltid utfallet av sakene blir slik
enkelte medlemsland forventer, er prisen man må betale for demokratiske
prosesser.
Komiteen har merket seg at nok
en gang er reformarbeidet i FN på dagsordenen; det er dessverre liten
fremdrift å spore. Komiteen mener at FN, til tross
for et omfattende og langsiktig fokus på reformarbeid, fremdeles
synes å være preget av fragmentering og et tungrodd og ineffektivt
byråkrati som fungerer som bremseklosser for tiltrengte omstillinger
i organisasjonen. Det er komiteens mening at dette skyldes
medlemslandenes politiske prioriteringer, men også manglende vilje
og evne til omstilling i organisasjonen internt.
Komiteen har også merket seg
at det stadig dukker opp nye fraksjoner og konstellasjoner i forbindelse
med votering om hvem som skal få plass i de ulike komiteene. Det
er ikke lenger et naturlig skille mellom utviklingsland, utviklede
land, kontinenter, religiøse grupperinger eller allianser. Dette mener komiteen er
en svært interessant utvikling, som bør følges nøye.
Komiteen er av den oppfatning
at skal arbeidet i de seks faste komiteene ha noe for seg, må man, slik
også Norge etterlyste, reformere arbeidsmetodene slik at komitéarbeidet
i større grad enn tilfellet er i dag blir dagsaktuelt og relevant.
Komiteen vil, når det gjelder
komitéarbeid, spesielt vise til arbeidet i menneskerettighetskomiteen.
Skal denne komiteen kunne spille en rolle i det internasjonale
menneskerettighetsarbeidet, er det viktig å sikre en sammensetning
av komiteen som ivaretar de hensyn komiteen er satt til å forvalte.
Komiteenviser for øvrig til at Stortinget i høstsesjonen
2012 skal behandle stortingsmelding 33 om Norge og FN; felles framtid,
felles løsninger, hvor FN som institusjon, dets arbeid og Norges
rolle vil bli behandlet, og hvor partiene vil diskutere dette i
et bredere omfang.
Komiteenhar
for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
Meld. St. 19 (2011–2012) – om Noregs deltaking i
den 66. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN)
og vidareførte sesjonar av den 65. generalforsamlinga i FN – vedlegges
protokollen.
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 24. oktober 2012
Ine M. Eriksen Søreide |
Karin S. Woldseth |
leder |
ordfører |