1.1 Innleiing

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av primærgodtgjering for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2012. Reguleringa vart godkjent ved kongeleg resolusjon 22. juni 2012, rett etter at årets lønnsoppgjer var avslutta.

1.2 Samandrag og tilrådingar

Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat, Akademikerne og Unio. Med grunnlag i lønsoppgjeret for statstilsette blir primærgodtgjering til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 4,6 prosent frå 1. juli 2012.

Meirutgiftene for 2012 er utrekna til 22 163 000 kroner.

1.3 Bakgrunn

I mange år er økonomiske ytingar til soldatar regulert med grunnlag i lønsoppgjeret for tilsette i staten. Forsvarsdepartementet har, i tråd med synet til Stortinget, dei seinare åra lagt til grunn reguleringa i lågaste lønstrinn for vaksen, ufaglært arbeidskraft.

Lønsoppgjeret for tilsette i staten i lønsramme 02, lønstrinn 19 gav eit kronetillegg på A-tabellen som utgjer ei regulering på 4,6 prosent.

1.4 Vurderingar

Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det òg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at utskrivne vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 4,6 prosent med verknad frå 1. juli 2012.

Sivil verneplikt vart avvikla 1. juni 2012. Regulering av godtgjering vil difor berre omfatta vernepliktig personell i Forsvaret.

1.5 Regulering av satsane

Forslaget inneber følgjande regulering av satsane frå 1. juli 2012:

Tenestetillegg frå kr 154,-

til kr 161,- per dag

Tillegg for visekorporal/tilsvarande frå kr 19,50

til kr 20,40 per dag

Kompensasjonstillegg frå kr 430,-

til kr 450,- per dag

Ektefelletillegg frå kr 4 140,-

til kr 4 329,- per månad1)

Barnetillegg, første barn, frå kr 4 707,-

til kr 4 923,- per månad1)

Barnetillegg for barn, utanom det første, frå kr 1 938,-

til kr 2 028,- per månad1)

Dimisjonsgodtgjering 12 månaders teneste frå kr 29 638,-

til kr 31 025,-1)

Utdanningsbonus, dagsats frå kr 57,50

til kr 60,- per dag

Operativt tillegg (§13-oppdrag) frå kr 1 185,50

til kr 1 240,- per dag

Tenestetillegg Heimevernets innsatsstyrke frå kr 830,-

til kr 868,- per dag

1) Summen er avrunda av omsyn til dagsatsar på heil tiøre.

1.6 Samla utrekning av utgiftene

Meirutgiftene av forslaget er utrekna til 22 163 000 kroner for 2012 etter følgjande fordeling:

Auke i tenestetillegg og tillegg for visekorporal/tilsvarande

kr 11 359 920,-

Auke i kompensasjonstillegg

kr 799 588,-

Auke i forsørgjartillegg

kr 410 635,-

Auke i dimisjonsgodtgjering

kr 8 676 811,-

Auke i utdanningsbonus, dagsats

kr 257 895,-

Auke i tenestetillegg Heimevernets innsatsstyrke og operativt tillegg (§13-oppdrag)

kr 658 597,-