Ivar Aasen-prosjektet omfattar utbygging av
dei tre funna Ivar Aasen, West Cable og Hanz. Ivar Aasen-funnet
blei påvist i 2008. Feltet ligg i den midtre delen av Nordsjøen,
om lag 10 kilometer nordvest for Edvard Grieg-feltet og om lag 200 kilometer
vest for Stavanger, ved Utsirahøgda. Den planlagde produksjonsstarten
er fjerde kvartal 2016, og venta produksjonsperiode er 15 år.
Søknad om godkjenning av plan for utbygging og
drift av Ivar Aasen-feltet blei lagt fram i desember 2012, av Det
norske oljeselskap ASA, som er operatøren for utbygginga. Rettshavarane som
deltek i utbygginga er Det norske oljeselskap ASA (35 prosent),
Statoil Petroleum AS (50 pst.) og Bayerngas Norge AS (15 pst.).
Alle rettshavarane har tiltrådd utbyggingsplanen.
Det er planlagt å byggje ut feltet med ei botnfast innretning
med brønnar, anlegg for delvis prosessering og bustadkvarter. Innretninga
skal plasserast over Ivar Aasen-funnet. Ivar Aasen-feltet skal koplast
opp til Edvard Grieg-feltet for ferdigprosessering, og eksportløysingane
er samordna med dette feltet. Gassen er planlagd eksportert via
britisk sokkel. Oljen frå dei to felta skal eksporterast i ein ny
røyrleidning frå Edvard Grieg-feltet til Grane oljerøyr og vidare
til Stureterminalen.
Dei utvinnbare reservane for heile Ivar Aasen-prosjektet
er berekna til 18,3 millionar Sm3 olje og
5,3 milliardar Sm3 gass. Til saman utgjer
det 23,6 millionar Sm3 o.e., tilsvarande
148 millionar fat o.e. Planlagd produksjonsstart er fjerde kvartal
2016, og venta produksjonsperiode er 15 år.
Produksjonskapasiteten for gass er 3,0 millionar Sm3 per dag og for olje 9 000 Sm3 per dag. Kapasiteten for vassinjeksjon
er 28 000 Sm3 per dag.
Dei totale investeringane for utbygginga er
av operatøren berekna til 24,7 milliardar 2012-kroner. Dei venta
årlege driftskostnadene varierer, men vil i gjennomsnitt vere om
lag 850 millionar 2012-kroner i driftsfasen.
Utbygginga av Ivar Aasen-feltet blir gjennomført
i ein situasjon med høgt aktivitetsnivå i petroleumssektoren. Det
medfører at rettshavarane har behov for å inngå vesentlege kontraktmessige
plikter før utbyggingsplanen er godkjend, for å sikre kapasitet
hos leverandørindustrien og føreseielege kostnader ved prosjektet.
Olje- og energidepartementet har samtykt i at rettshavarane
har inngått kontraktmessige plikter på totalt 7,8 mrd. 2012-kroner
for Ivar Aasen-prosjektet. Eksponeringa fram til venta PUD-godkjenning
er 1,1 mrd. kroner, inkludert kanselleringskostnader.
Det er gjennomført konsekvensutgreiing for Ivar Aasen-prosjektet.
Konsekvensutgreiinga har ikkje avdekt forhold som tilseier at prosjektet
ikkje bør gjennomførast, eller at det bør gjennomførast avbøtande
tiltak utover dei som ligg til grunn i utbyggingsplanane. Prinsippa
i naturmangfaldlova §§ 8–10 er reflekterte, mellom anna gjennom
departementet si vurdering av konsekvensutgreiinga, og vil bli følgde
opp i gjennomføringa av prosjektet.
Departementet viser til at det er planlagt å
nytte ein teknologi for å reinse oljebasert borekaks på boreriggen
før utslepp til sjø. Denne teknologien har vore i bruk på britisk
sokkel i fleire år, men ikkje på norsk sokkel enno. Eit program
for å vurdere miljøeffektane ved å bruke denne teknologien på Ivar
Aasen-feltet er sett i gang. Skulle denne teknologien ikkje tilfredsstille
dei gitte miljøkrava, vil ein alternativ metode for å handtere borekaks
vere å sende det til land for vidare behandling. Resultata frå programmet
vil bli inkluderte i utsleppssøknaden til Klif.
Ifølgje operatøren vil Ivar Aasen-utbygginga skje
i eit område med lite fiskeriaktivitet. Kartleggingane som er blitt
gjennomførte, har ikkje, seier operatøren, identifisert korallar
eller andre sårbare artar på sjølve feltlokasjonen. Røyrleidningane
og kablane frå Ivar Aasen-feltet vil vere overtrålbare, og dei er
derfor ikkje venta å vere til ulempe for fiskeriaktiviteten i området.
Kraftbehovet for Ivar Aasen-feltet blir dekt
frå Edvard Grieg-innretninga. Departementet viser til at det går
for seg utgreiing om ei samordna kraftløysing frå land for felta
Dagny, Ivar Aasen og Edvard Grieg og for Johan Sverdrup-funnet. Foreløpige
tal frå operatøren indikerer at kraft frå land kan være lønnsamt,
men ein endeleg beslutning om prosjektet vil bli tatt på eit seinare tidspunkt.
Edvard Grieg-feltet skal kople seg til ei eventuell felles
kraftløysing på Utsirahøgda på det tidspunktet denne er på plass,
med mindre departementet av særskilde grunnar bestemmer noko anna.
Edvard Grieg-innretninga vil såleis òg forsyne Ivar Aasen-feltet
med kraft frå land. Den planlagde oppstarten for ei slik samordna
kraft frå land-løysing er 2018.
Rettshavarane i Ivar Aasen-feltet skal bidra
aktivt i arbeidet med å greie ut ei samordna kraft frå land-løysing
for den sørlege delen av Utsirahøgda. Rettshavarane i feltet skal
òg dekkje den forholdsmessige delen sin av kostnadene til utgreiinga.
Dersom departementet finn at ei samordna kraft frå land-løysing
for den sørlege delen av Utsirahøgda skal realiserast og Ivar Aasen-feltet
skal tilknytast, skal rettshavarane i Ivar Aasen-feltet dekkje den
forholdsmessige delen sin av investerings- og driftskostnadene ved
ei slik løysing.
Olje- og energidepartementet meiner at utbygginga
av Ivar Aasen-feltet er eit økonomisk robust nok prosjekt, som gir
god samfunnsøkonomisk lønnsemd og bidreg til god ressursforvalting.
Departementet meiner det er sannsynleg at det vil bli nytta forsyningsbase
frå Stavanger-området, og at helikoptertransport truleg vil skje
frå Stavanger lufthamn, Sola. Driftsorganisasjon blir lagd til Trondheim,
og dette er den første feltutbygginga og det første feltet som blir
drifta frå Trondheim. Ved sida av Statoil si verksemd i Trøndelag
bidreg det ifylgje departementet til å styrkje petroleumsaktiviteten i
denne landsdelen.
Departementet foreslår å godkjenne plan for
utbygging og drift av Ivar Aasen-feltet i samsvar med dei planane
som operatøren har lagt fram, og i samsvar med merknadene og særskilde vilkår
som det er gjort reie for i Prop. 98 S (2012–2013).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Bendiks H. Arnesen, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm
og Eirin Sund, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Oskar
J. Grimstad og Henning Skumsvoll, fra Høyre, Nikolai Astrup, Bjørn
Lødemel og Siri A. Meling, fra Sosialistisk Venstreparti, Lars Egeland,
fra Senterpartiet, lederen Erling Sande, og fra Kristelig Folkeparti,
Kjell Ingolf Ropstad, viser til Prop. 98 S (2012–2013) Utbygging
og drift av Ivar Aasen-feltet. Komiteen viser til
at operatøren, Det norske oljeselskap ASA, har levert plan for utbygging
og drift av feltet på vegne av rettighetshaverne, som er Det norske
oljeselskap ASA (35 prosent), Statoil Petroleum AS (50 prosent)
og Bayerngas Norge AS (15 prosent).
Ivar Aasen var språkforsker og dikter. Han er først
og fremst kjent som nynorskens far.
Komiteen viser til at Ivar Aasen-feltet
omfatter utbygging av de tre feltene Ivar Aasen, West Cable og Hanz.
Ivar Aasen-feltet skal kobles opp til innretningen på Edvard Grieg-feltet
for ferdig prosessering, og eksportløsningene er samordnet med Edvard
Grieg.
Ifølge operatøren har Ivar Aasen-feltet utvinnbare
reserver på 18,3 millioner Sm3 olje, og
5,3 milliarder Sm3 gass. Til sammen utgjør
dette 23,6 millioner Sm3 o.e. Planlagt
produksjonsstart er fjerde kvartal 2016, og forventet produksjonsperiode
er 15 år.
Komiteen viser til at den planlagte
utbyggingsløsningen er en bunnfast innretning med brønner, anlegg
for delvis prosessering og boligkvarter. Ifølge operatøren innebærer prosjektet
en investering på 24,7 mrd. 2012-kroner, og har en nåverdi før skatt
på 12,6 mrd. 2012-kroner. Balanseprisen før skatt er 65,7 USD per
fat o.e. Komiteen påpeker at tilknytning av ytterligere
ressurser fra utvinningstillatelse 457 vil styrke lønnsomheten i
prosjektet. Komiteen peker på at Ivar Aasen-innretningen bygges
ut med mulighet for tilknytning av sju ekstra brønner. Disse kan
eksempelvis brukes til å produsere tilleggsressurser innenfor Ivar
Aasen-feltets rekkevidde.
Forsyningsbase for Ivar Aasen feltet blir sannsynligvis
i Stavanger-regionen, mens driftsorganisasjonen blir lagt til Trondheim. Komiteen mener
dette vil styrke petroleumsmiljøet i regionen.
Ivar Aasen-feltet vil motta kraft
fra Edvard Grieg-innretningen, og har dermed ingen egen kraftproduksjon.
Ivar Aasen-feltet ligger på Utsirahøyden, og er omfattet av det
pågående arbeidet med å utrede en samordnet løsning for kraft fra
land for prosjektene på Utsirahøyden. Komiteen viser
til at Edvard Grieg, og dermed Ivar Aasen, skal tilknyttes en samordnet
løsning for kraft fra land, med mindre Olje- og energidepartementet
av særskilte grunner bestemmer noe annet. Rettighetshaverne på Ivar
Aasen skal bidra aktivt i arbeidet med å utrede en samordnet løsning
for kraft fra land, og dekke sin forholdsmessige del av kostnadene
ved utredningen. Komiteen viser til at dersom departementet finner
at en samordnet løsning med kraft fra land skal benyttes på Utsirahøyden,
og at Ivar Aasen skal tilknyttes, skal rettighetshaverne på Ivar
Aasen dekke sine forholdsmessige kostnader av en slik løsning.
Komiteen vil trekke
fram at en stor del av investeringene ved Ivar Aasen-feltet vil
i følge operatørens konsekvensutredning gå til norske leverandører.
Operatøren estimerer at om lag 50 prosent av leveransene i utbyggingsfasen
og 93 prosent av leveransene i driftsfasen vil gå til norske leverandører.
Komiteen er kjent med at det
i dag er et høyt aktivitetsnivå i petroleumssektoren. Dette har medført
at rettighetshaverne har hatt et behov for å inngå kontraktsmessige
forpliktelser før plan for utbygging og drift er godkjent.
Komiteen viser til petroleumsloven
§ 4-2 femte ledd, hvor det framgår at en ikke skal inngå vesentlige
kontraktsmessige forpliktelser før plan for utbygging og drift er
godkjent, med mindre Olje- og energidepartementet samtykker i det.
I henhold til petroleumsloven § 4-2 har departementet adgang til
å samtykke i at rettighetshaverne inngår vesentlige kontraktsmessige forpliktelser
eller starter byggearbeider før PUD er godkjent. Stortinget innførte
dette ved vedtakelsen av den nye petroleumsloven i 1996 (Ot.prp.
nr. 43 (1995–1996)), som en tilpasning til endringer i prosjektgjennomføringsmodellen
i næringen.
Komiteen understreker at inngåelse
av slike kontrakter gjøres på rettighetshavernes risiko, og ikke
binder opp myndighetenes behandling av plan for utbygging og drift.
Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet,
Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at Olje- og energidepartementet
har samtykt i at rettshavarane har inngått kontraktmessige plikter
på totalt 7,8 mrd. 2012-kroner for Ivar Aasen-prosjektet. Eksponeringa
fram til venta PUD-godkjenning er 1,1 mrd. kroner, inkludert kanselleringskostnader.
Desse medlemene legger til grunn
at ordninga med denne type samtykke er noe som skal representere
unntaket og ikkje hovudregelen, og at store kanselleringskostnader
kan bidra til å stille spørjeteikn ved Stortingets uavhengige vurderingar
av utbyggingsprosjektet, sidan staten gjennom petroleumsskattesystemet
vil måtte ta ein stor andel av disse kostnadene.
Desse medlemene vil vidare vise
til at olje- og energiministeren i eit svarbrev til energi- og miljøkomiteen,
datert 7. mai 2013, skriver at Ivar Aasen-utbygginga er omfatta
av overgangsordning for endringar i petroleumsskattesystemet som
blei lagt frem i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013.
På spørsmål om dei varsla endringane i petroleumsskatten vil ha
innverknad på lønsamheita til prosjektet Ivar Aasen, skriver statsråden
blant anna at:
«I forbindelse med behandlingen av PUD vurderer Olje-
og energidepartementet om utbyggingsprosjektet er samfunnsøkonomisk lønnsomt.
Lønnsomhetsberegningene referert i stortingsproposisjonen for Ivar
Aasen-utbyggingen er av denne grunn beregninger før skatt. Disse
beregningene påvirkes ikke av de forelåtte endringene i petroleumsskatteloven.»
Komiteen vil vise
til Oljedirektoratets påpekning i plan for utbygging og drift for
Ivar Aasen at dette er det første store feltet hvor selskapet Det norske
oljeselskap er operatør. Komiteen er enig med Oljedirektoratet
at dette gir en ekstra utfordring som selskapet også er oppmerksom på. Komiteen forutsetter
at dette løses på god måte, og påpeker i likhet med Oljedirektoratet viktigheten
av at de andre rettighetshaverne også bidrar med sin utbyggingserfaring.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet
godkjenner plan for utbygging og drift av Ivar Aasen-feltet.
Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 16. mai 2013
Erling Sande |
Eirin Sund |
leder |
ordfører |