Statens finansfond (Finansfondet) vart skipa 6. mars
2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert.
Lova vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som
vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med ein
kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst.
S nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009. Overvakingsorganet
i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for
søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september
2009. Finansdepartementet legg opp til at Statens finansfond vert
avvikla i 2014, sjå nærare omtale i avsnitt 3.2.4.
Målet med Finansfondet er å «bidra midlertidig med
kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene
bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov
om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet.
Fondet skal leggja særleg viktige saker fram for departementet før
fondet tek avgjerd, og departementet kan instruera fondet.
Finansfondet betalte ut det fyrste innskotet 30. september
2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar
i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein
bank preferansekapital på snautt 27 mill. kroner.
Bankane som fekk tildelt kapital frå Finansfondet,
representerte om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar,
og dei representerte 21 pst. av alle bankane i landet. Nitten bankar
hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og
fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2
prosentpoeng. Alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente
som referanserente for fondsobligasjonane.
Ein viser til meldinga for nærare omtale.
Komiteen tar omtalen
til orientering.
Komiteen viser til at Statens
finansfond ble etablert som et midlertidig tiltak for å bidra med
kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette dem
i bedre stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet gjennom
finanskrisa. Komiteen merker seg at Statens finansfond
per 14. januar 2013 hadde kapitalinnskudd på 484 mill. kroner fordelt
på 14 banker, og at fondet legger til grunn at flere av bankene
trolig vil løse inn kapitalinnskuddene før årsskiftet 2013/2014. Komiteen slutter
seg på denne bakgrunn til regjeringens plan om at Statens finansfond
avvikles første kvartal 2014, og at forvaltningen av gjenstående
engasjementer overføres Folketrygdfondet.