Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram eit forslag om delvis bompengefinansiering av trinn 2 av Miljøpakke Trondheim.

Utviklinga av transportinfrastrukturen i Trondheim er basert på prioriteringane i Miljøpakke for transport i Trondheim som blei vedtatt i Trondheim bystyre i 2008. Ved behandlinga av St.prp. nr. 85 (2008–2009), jf. Innst. S nr. 347 (2008–2009), slutta Stortinget seg til det lokale forslaget til miljøpakke for transport i Trondheim.

Miljøpakka har ti hovudmål. Mellom anna skal CO2-utsleppa frå transport reduserast med minst 20 pst. innan 2018, den delen som reiser med privatbil skal reduserast frå 58 til 50 pst., talet på personar som er plaga av vegtrafikkstøy skal reduserast med 15 pst. og talet på trafikkulykker skal reduserast med minst 20 pst.

Dei tiltaka som inngår i miljøpakka, skal bidra til å nå desse måla.

Det vart lagt til grunn at miljøpakka skulle fremjast for Stortinget i to trinn. Tiltak og verkemiddel som blei fremja i trinn 1, jf. St.prp. nr. 85 (2008–2009) og Innst. S nr. 347 (2008–2009), var avklarte i forhold til lovverk og økonomiske rammer. I trinn 2 er det føresett å komme tilbake til dei forholda som kravde meir avklaring, i tillegg til å omtale heilskapen i pakka.

På bakgrunn av dette blei det gjennomført ei tilleggsutgreiing for trinn 2 av miljøpakka, som supplement til tidlegare KVU og KS1 for vegsystemet på Sluppen i Trondheim. I denne utgreiinga er ulike løysingar for tilleggsfinansiering av miljøpakka vurdert, saman med andre tiltak som kan bidra til å redusere bilbruken i Trondheimsområdet.

Miljøpakke Trondheim – trinn 1 og 2

Ved behandlinga av St.prp. nr. 85 (2008–2009) blei ramma for trinn 1 av miljøpakka sett til om lag 4,8 mrd. 2009-kroner. Av dette skulle 700 mill. kroner finansierast med statlege midlar, 150 mill. kroner med kommunale midlar, 75 mill. kroner med fylkeskommunale midlar og 3,9 mrd. kroner med bompengar. I tillegg har fylkeskommunen/kommunen hatt ein 4-årig avtale med Samferdselsdepartementet innafor belønningsordninga for betring av kollektivtransport og mindre bilbruk. Bidraget på 370 mill. kroner i perioden 2009–2012 kjem i tillegg til midlane frå miljøpakka, men bruken er samordna med tiltaka som inngår i pakka.

Ein stor del av midlane så langt er nytta til to store riksvegprosjekt på E6 og rv. 706. I tillegg er det m.a. gjennomført ei rekke tiltak innafor programområda.

Som del av mål- og resultatstyringa av miljøpakka er det utvikla indikatorar for å følgje opp dei ti måla for pakka. Desse er i ferd med å bli implementerte. Nokre førebelse resultat ligg likevel føre. Til dømes viser trafikkteljingar at det vart ein reduksjon i biltrafikken på om lag 10 pst. gjennom bomstasjonssnitta då innkrevjinga starta i 2010. Sidan har det vore tilnærma nullvekst i desse snitta. Vidare har kollektivtrafikken auka med om lag 40 pst. sidan 2008.

Trinn 2 inneber i hovudsak ei vidareføring og utviding av trinn 1. Dei viktigaste prosjekta og tiltaka i forslaget er E6 Jaktøya–Tonstad, rv. 706 Sluppen–Stavne, tiltak på det lokale vegnettet, kollektivtrafikktiltak, tiltak for gåande og syklande og andre tiltak som m.a. trafikktryggleikstiltak og støytiltak.

Trinn 2 inneheld mange store prosjekt som ikkje har endeleg godkjende reguleringsplanar. Det er derfor viktig for Samferdselsdepartementet å understreke at prosjekta må prioriterast etter eit system for porteføljestyring, slik at gjennomføringa av Miljøpakke Trondheim blir i samsvar med overordna mål og tilgjengeleg finansiering.

I staden for innføring av lokal avgift på omsetjing av drivstoff blir det no foreslått omfattande endringar i innkrevjingsopplegget. Dette vil gi rom for auka satsing både på utbygging av hovudvegsystemet og på tiltak for å legge forholda til rette for kollektivtransporten og gåande og syklande.

I dei lokalpolitiske vedtaka om trinn 2 er det lagt til grunn ei samla finansieringsramme for heile miljøpakka på om lag 9,7 mrd. 2012-kroner, inkl. tildelte midlar frå belønningsordninga. Det er føresett å etablere 16 nye bomstasjonar i tillegg til dei 7 stasjonane som alt er etablerte. Dette vil føre til auka inntekter. Vidare vil det føre til at trafikantane i Trondheim vil betale bompengar i større omfang enn i dag. Det er også foreslått endringar i takst- og rabattsystemet for å gjere bompengesystemet meir akseptabelt for brukarane. Vidare er det foreslått at bompengane også skal kunne nyttast til andre formål enn investeringar i vegnettet. Det er lagt opp til å nytte bompengar til drift av kollektivtransport.

Bruk av bompengar til drift av lokal kollektivtransport skal vere eit supplement til den ordinære innsatsen over fylkeskommunen sitt budsjett.

Den lokalpolitiske behandlinga går fram av pkt. 4 i proposisjonen.

Det er lagt opp til at miljøpakka skal styrast gjennom porteføljestyring der mål- og resultatstyring er ein viktig del. Porteføljestyring inneber at prosjekt og tiltak blir prioriterte på bakgrunn av fleire kriterium. I tillegg til mål og resultat blir det lagt vekt på samfunnsøkonomi, planstatus, disponible midlar og kapasitet på planlegging og gjennomføring.

Framtidig styringsmodell for miljøpakka må tilpassast resultata av regjeringa sitt arbeid med å vurdere kva modellar som bør leggast til grunn for heilskaplege bymiljøavtalar.

Dersom det blir aktuelt å inngå ein bymiljøavtale mellom staten og Trondheim kommune, kan det bli nødvendig å tilpasse mål- og resultatstyringa til dei krava som vil bli stilt til slike avtalar.

Finansieringsopplegg

Finansieringsopplegget går fram av tabell 8.1 i proposisjonen.

Tabell 8.1. Mill. 2013-kroner

før 2014

2014–2017

etter 2018

sum

Statlege midlar

200

580

990

1 770

Fylkeskommunale/kommunale midlar

200

270

470

940

Bompengar1

1 040

2 040

3 710

6 790

Belønningsmidlar

380

380

Sum

1 820

2 890

5 170

9 880

1 Ekskl. nettoinntekter frå bomstasjonane mot Klæbu kommune.

Det foreslåtte takst- og rabattsystemet er svært komplekst. Forslaget er imidlertid ein viktig føresetnad for lokal semje om eit opplegg som er venta å ha store positive effektar i forhold til både trafikk og miljø. I tillegg vil det kunne gi nyttige erfaringar i forhold til det arbeidet som er varsla i Meld. St. 26 (2012–2013) om eit nytt felles regelverk for trafikkbetaling i by.

Det er ikkje lagt til grunn trafikkvekst i innkrevjingsperioden. Dette er i samsvar med målet om at den delen av trafikken som reiser med privatbil, skal reduserast. Innkrevjingsperiode er rekna til 15 år frå 2010.

Basert på føresetnadene i proposisjonen er dei samla bompengeinntektene berekna til om lag 7,9 mrd. kroner i 2013-prisnivå. Takstane som er lagt til grunn er i tråd med dei lokalpolitiske vedtaka (herunder rabattar og fritaksordningar).

Det er rekna med om lag 100 mill. kroner til etablering av nye bomstasjonar og nytt innkrevjingsutstyr, om lag 350 mill. kroner til å dekke finansieringskostnader og om lag 750 mill. kroner til å dekke innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.

Samferdselsdepartementet legg til grunn eit maksimalt låneopptak på 1,0 mrd. kroner. Samferdselsdepartementet føreset at fordelinga av garantiar blir endeleg avklara mellom Trondheim kommune og Sør-Trøndelag fylkeskommune før låneopptak.

Etter at Stortinget har gjort vedtak om delvis bompengefinansiering av Miljøpakke Trondheim trinn 2, vil det bli inngått avtale mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn i proposisjonen.