Innstilling fra næringskomiteen om endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)

Dette dokument

  • Innst. 55 L (2013–2014)
  • Kjeldedokument: Prop. 28 L (2013–2014)
  • Dato: 05.12.2013
  • Utgjevar: næringskomiteen
  • Sidetal: 2

Til Stortinget

1. Sammendrag

Fiskeri- og kystdepartementet foreslår i denne proposisjonen ei endring i havressurslova som gir heimel til å innkrevje avgift til fiskeriforsking og overvaking.

I Meld. St. 22 (2012–2013) Verdens fremste sjømatnasjon foreslår regjeringa ei prinsipiell omlegging av dagens ordning med forskingskvotar. Omlegginga inneber at forskingskvotar ikkje lenger skal tildelast for å finansiere forsking og overvaking. Frå 2014 vil forskingskvotar berre bli gitt til undervisningskvotar, nødvendig fangst på forskingsfartøy og i enkelte andre særtilfelle. Forsking, overvaking og reiskapsforsøk som tidlegare har vorte finansiert gjennom tildeling av forskingskvotar, skal frå 2014 finansierast gjennom inntekter frå ei generell avgift på førstehandsomsetninga av fisk. Dette vil føre til at hovudtyngda av dagens forskingskvotar etter omlegginga vil gå tilbake til ordinært fiske, og dermed auke den samla kvoteverdien for næringa. Næringskomiteen hadde ingen merknader til dette i si innstilling til meldinga, Innst. 418 S (2012–2013).

Ei direkte brukarfinansiering av forskinga gjennom ei fiskeriforskingsavgift blir vurdert som ein betre og ryddigare modell enn dagens bruk av forskingskvotar.

Avgifta til fiskeriforsking og overvaking skal først og fremst bidra til å dekkje kostnader med å innhente kunnskapsgrunnlag for ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane, men kan også etter ei konkret vurdering nyttast til anna kunnskapsinnhenting som bidreg til å realisere føremålet i havressurslova.

Det skal krevjast avgift for all fangst som til ei-kvar tid er omfatta av salslaga sin einerett til førstehandsomsetning etter fiskesalslagslova, fangsta av norskregistrerte fartøy.

Avgifta skal bli kravd inn av fiskesalslaga i samband med avrekning til fiskar av oppgjer for levering.

Avgiftssatsen vil bli fastsett i det årlege statsbudsjettet. Departementet legg til grunn at avgiftssatsen skal liggje mest mogleg fast, og at kostnaden for fiskar følgjer verdien av førstehandsomsetninga.

1.1 Høyring av forskrift om innkrevjing av avgift til fiskeriforsking og overvaking

Departementet har hatt på høyring forskrift om innkrevjing av fiskeriforskingsavgift.

Alle høyringsinstansar, med unntak av Kystfiskarlaget, støttar omlegginga frå forskingskvotar til avgift. Fleire høyringsinstansar understrekar det statlege ansvaret for å finansiere fiskeriforsking og overvaking, og føreset at avgifta ikkje skal kome til erstatning for statlege løyvingar til føremålet. Departementet legg til grunn at avgiftsinntektene skal dekkje same formål som forskingsfangsten tidlegare har finansiert.

Høyringsinstansane hadde òg ulike innspel om avgiftsberekning og justering av avgiftssatsen. Departementet meiner det er mest tenleg å bruke første-handsverdien utan fråtrekk som grunnlag for berekninga. Departementet legg vidare til grunn at avgiftssatsen skal liggje mest mogleg fast, slik at kostnaden for fiskar følgjer verdien av førstehandsomsetninga. Svingingar mellom år vil bli jamna ut gjennom ei fullmakt til å overføre løyvingane frå eit budsjettår til eit anna.

1.2 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dagens ordning med forskingskvotar har skapt mykje administrasjon både ved forskingsinstitusjonane og ved Fiskeridirektoratet, som administrerer ordninga.

Det vil vere små administrative kostnader i samband med innkrevjinga av ei ny fiskeriforskingsavgift.

Fiskesalslaga krev i dag inn fleire avgifter på all førstehandsomsetning, og det vil difor vere eit avgrensa meirarbeid å krevje inn ei ny avgift. Dei kostnadene salslaga har med å krevje inn og vidaresende avgiftsmidlane skal dekkjast av den innkravde avgifta.

Samtidig som det blir innført ei ny avgift, vil hovudtyngda av dagens forskingskvotar gå tilbake til ordinært fiske og dermed auke den samla kvoteverdien for næringa. Sidan det i dag er fastsett forskingskvotar for alle dei store fiskebestandane, vil dei fleste fartøy få auka kvotar.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Ingrid Heggø, Lasse Juliussen og Odd Omland, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Benjamin Grønvold, Gunnar Gundersen og Ove Bernt Trellevik, fra Fremskrittspartiet, Morten Ørsal Johansen, Øyvind Korsberg og Jørund Rytman, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Hjemdal, fra Senterpartiet, lederen Marit Arnstad, og fra Venstre, Pål Farstad, er positive til endringene som foreslås i forslaget fra regjeringen. Den omtalte forskningen er en viktig forutsetning for god fiskeriforvaltning, og en omlegging av havressursloven for å få en mer forutsigbar finansiering av forskningen ser komiteen på som positiv. At man her legger opp til en finansieringsmodell som gir rasjonaliseringsgevinster i form av mindre administrasjon, og benytter en avgiftsmodell på førstehåndsomsetningen av fisk som allerede er innarbeidet, gir etter komiteens mening også klare forenklingsgevinster.

3. Komiteens tilråding

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å fatte følgende

vedtak til lov

om endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)

I

I lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar blir det gjort følgjande endringar:

§ 55 skal lyde:

§ 55 Kontrollavgift og avgift til fiskeriforsking og overvaking

Departementet kan fastsetje forskrifter om kontrollavgift og avgift til fiskeriforsking og overvaking.

Slike forskrifter kan innehalde føresegner om plikt til å svare avgift, korleis ho skal krevjast inn og om opplysningsplikt for den som leverer og den som tek imot fangst når dette er avgjerande for omfanget av avgiftsplikta.

Skuldig avgift er tvangsgrunnlag for utlegg.

II

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i næringskomiteen, den 5. desember 2013

Marit Arnstad

Frank Bakke-Jensen

leder

ordfører