1.1 Innleiing

Det blir i proposisjonen fremja framlegg om å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2014 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre pensjonsordningar frå 1. mai 2014.

Ein syner til forskrift fastsett ved kongeleg resolusjon 23. mai 2014 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2014 og virkningstidspunkt for regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpenger.

Grunnbeløpet er auka frå 85 245 kroner til 88 370 kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,67 pst. Uførepensjonistar og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon under opptening blir også oppregulert med 3,67 pst.

Alderspensjon under utbetaling blir regulert med lønnsauken på 3,67 prosent og deretter fråtrekt 0,75 pst. Dette inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 pst. frå 1. mai 2014.

Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar er auka med lønnsauken på 3,67 pst. og deretter justerte for effekten av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med 3,16 pst. Satsane er frå 1. mai 2014 sette til 137 768 kroner for låg sats, 160 285 kroner for ordinær sats, 173 274 kroner for høg sats og 270 240 kroner for særskilt sats.

Meirutgiftene for 2014 som følgje av reguleringa av grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 6 470 mill. kroner.

For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til Stortinget, har departementet som utgangspunkt i vedtaksdelen i denne proposisjonen nytta Prop. 93 S (2013–2014) som ble fremma samtidig med revidert nasjonalbudsjett.

Ein syner til kapittel 3 i proposisjonen, som gjer greie for utviklinga i grunnbeløpet, pensjoner og lønn seinare åra.

Når det gjelde skattereglane for pensjonistar i 2014 er dette gjort greie for i kapittel 4 når det gjelde:

  • Særskilde reglar for AFP- og alderspensjonistar

  • Særskilde reglar for uførepensjonistar

  • Minstefrådraget for pensjonsinntekter

  • Trygdeavgift.

I kapittel 5 og 6 i proposisjonen er det nærare gjort greie for:

  • Pensjonar og ytingar frå folketrygda

  • Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse

  • Avtalefesta pensjon i privat sektor

  • Pensjonstrygda for sjømenn

  • Krigspensjonering

  • Supplerande stønad til personar med kort butid i Noreg.

1.2 Nærare om reguleringa

Reglane for regulering

Reglane for regulering for pensjonar i folketrygda går fram av folketrygdlova §§ 1-4 og 10-14 og forskrift 6. mai 2011 nr. 465 om berekning av lønnsvekst som skal benyttes ved regulering av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygda. Alderspensjon under utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst. Det vises til kapittel 2 i proposisjonen der det er gjort detaljert greie for reglane for reguleringane, samt regulering av grunnbeløpet, pensjonar og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2014.

Drøftingar med organisasjonane

Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund og Akademikerne.

Det er lagt til grunn ein venta lønnsauke på 3,3 pst. i 2014. I trygdeoppgjeret 2013 vart det lagt til grunn for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,5 pst. Faktisk lønnsauke for 2013 er anslått til 3,9 pst. (frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera av 31. mars 2014). Partane er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,40 prosentpoeng for 2013. I trygdeoppgjeret 2013 vart det lagt til grunn ein faktisk lønnsauke på 4,0 pst. i 2012. Faktisk lønnsauke for 2012 er i rapporten frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera framleis sett til 4,0 pst. Partane er samde om at det dermed ikkje ligg føre eit avvik for 2012.