Det blir i proposisjonen fremja framlegg om
å auke løyvingar på statsbudsjettet for 2014 som følgje av reguleringa
av grunnbeløpet (G) og pensjonar i folketrygda og i visse andre
pensjonsordningar frå 1. mai 2014.
Ein syner til forskrift fastsett ved kongeleg
resolusjon 23. mai 2014 om grunnbeløp, reguleringsfaktorer, satser
for minste pensjonsnivå fra 1. mai 2014 og virkningstidspunkt for
regulering av kravet til minsteinntekt for rett til dagpenger.
Grunnbeløpet er auka frå 85 245 kroner til 88 370
kroner frå 1. mai, det vil seie med 3,67 pst. Uførepensjonistar
og andre som får pensjonar og ytingar regulerte gjennom endringar
i grunnbeløpet, får dermed ein tilsvarande auke frå same dato. Alderspensjon
under opptening blir også oppregulert med 3,67 pst.
Alderspensjon under utbetaling blir regulert
med lønnsauken på 3,67 prosent og deretter fråtrekt 0,75 pst. Dette
inneber at alderspensjonistar får auka pensjonen med 2,89 pst. frå
1. mai 2014.
Satsane for minste pensjonsnivå for alderspensjonistar
er auka med lønnsauken på 3,67 pst. og deretter justerte for effekten
av levealdersjustering, noko som inneber at satsane er auka med
3,16 pst. Satsane er frå 1. mai 2014 sette til 137 768 kroner for låg
sats, 160 285 kroner for ordinær sats, 173 274 kroner for høg sats
og 270 240 kroner for særskilt sats.
Meirutgiftene for 2014 som følgje av reguleringa av
grunnbeløpet og pensjonar blir om lag 6 470 mill. kroner.
For å sikre lik praksis for budsjettproposisjonar til
Stortinget, har departementet som utgangspunkt i vedtaksdelen i
denne proposisjonen nytta Prop. 93 S (2013–2014) som ble fremma
samtidig med revidert nasjonalbudsjett.
Ein syner til kapittel 3 i proposisjonen, som
gjer greie for utviklinga i grunnbeløpet, pensjoner og lønn seinare
åra.
Når det gjelde skattereglane for pensjonistar
i 2014 er dette gjort greie for i kapittel 4 når det gjelde:
Særskilde reglar
for AFP- og alderspensjonistar
Særskilde reglar for uførepensjonistar
Minstefrådraget for pensjonsinntekter
Trygdeavgift.
I kapittel 5 og 6 i proposisjonen er det nærare gjort
greie for:
Pensjonar og ytingar
frå folketrygda
Pensjonar mv. frå Statens pensjonskasse
Avtalefesta pensjon i privat sektor
Pensjonstrygda for sjømenn
Krigspensjonering
Supplerande stønad til personar med kort
butid i Noreg.
Reglane for regulering for pensjonar i folketrygda
går fram av folketrygdlova §§ 1-4 og 10-14 og forskrift 6. mai 2011
nr. 465 om berekning av lønnsvekst som skal benyttes ved regulering
av grunnbeløpet og alderspensjon i folketrygda. Alderspensjon under
utbetaling skal regulerast med eit gjennomsnitt av lønns- og prisvekst.
Det vises til kapittel 2 i proposisjonen der det er gjort detaljert
greie for reglane for reguleringane, samt regulering av grunnbeløpet, pensjonar
og satsane for minste pensjonsnivå frå 1. mai 2014.
Grunnlaget for reguleringa har vore drøfta med Pensjonistforbundet,
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes
organisasjoner, Landsorganisasjonen i Norge, Unio, Yrkesorganisasjonenes
Sentralforbund og Akademikerne.
Det er lagt til grunn ein venta lønnsauke på
3,3 pst. i 2014. I trygdeoppgjeret 2013 vart det lagt til grunn
for reguleringa av grunnbeløpet ein venta lønnsauke på 3,5 pst.
Faktisk lønnsauke for 2013 er anslått til 3,9 pst. (frå Det tekniske
berekningsutvalet for inntektsoppgjera av 31. mars 2014). Partane
er samde om at det ligg føre eit avvik på 0,40 prosentpoeng for
2013. I trygdeoppgjeret 2013 vart det lagt til grunn ein faktisk
lønnsauke på 4,0 pst. i 2012. Faktisk lønnsauke for 2012 er i rapporten
frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera framleis
sett til 4,0 pst. Partane er samde om at det dermed ikkje ligg føre
eit avvik for 2012.