Statens finansfond vart skipa 6. mars 2009,
same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lova
vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009),
som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med
ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst.
S. nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009.
Opprettinga av Statens finansfond var eit tiltak som
vart sett i verk for å førebyggje og motverke effekten av den internasjonale
finanskrisa. Målet med Finansfondet var å «bidra midlertidig med kjernekapital
til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i
stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens
finansfond § 1.
Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket
8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå
medio mai 2009 til ultimo september 2009.
Finansfondet betalte ut det første innskotet 30. september
2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar
i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein
bank preferansekapital på snautt 27 mill. kroner.
Bankane som fekk tildelt kapital frå finansfondet,
representerte om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar,
og dei representerte 21 pst. av alle bankane i landet. Nitten bankar hadde
ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og
fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2
prosentpoeng. Prisen på kapitalinnskot frå fondet kunne reknast
ut på ulikt vis, men alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente
som referanserente for fondsobligasjonane.
Statens finansfond vart avvikla i mars 2014
etter at Kongen i statsråd 14. februar 2014 vedtok at Statens finansfond
skulle avviklast ved utgangen av første kvartal 2014 og at kapitalen
som var igjen i fondet skulle verte tilbakeført til statskassa.
Statens finansfond bidrog med ansvarleg kapital til
28 bankar. Ved årsskiftet 2013/2014 hadde 27 bankar betalt tilbake
kapitalinnskota, og det stod igjen berre eitt engasjement på 60
mill. kroner i fondet. Folketrygdfondet støtta staten med forvaltninga
av det eine engasjementet som stod igjen til det vart innbetalt
og avslutta i juli 2014.
Statens finansfond hadde i 2014 eit rammebudsjett
på 3 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene i 2014 var på 1,6
mill. kroner. Dette gjev eit overskot ved avslutning av rekneskapen
17. juni 2014 på 1,4 mill. kroner og opptent eigenkapital på 1,7
mill. kroner.
Komiteen tar omtalen
til orientering.