9. Virksomheten til Statens finansfond

9.1 Sammendrag

Statens finansfond vart skipa 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lova vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S. nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009.

Opprettinga av Statens finansfond var eit tiltak som vart sett i verk for å førebyggje og motverke effekten av den internasjonale finanskrisa. Målet med Finansfondet var å «bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1.

Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009.

Finansfondet betalte ut det første innskotet 30. september 2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein bank preferansekapital på snautt 27 mill. kroner.

Bankane som fekk tildelt kapital frå finansfondet, representerte om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerte 21 pst. av alle bankane i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosentpoeng. Prisen på kapitalinnskot frå fondet kunne reknast ut på ulikt vis, men alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.

Statens finansfond vart avvikla i mars 2014 etter at Kongen i statsråd 14. februar 2014 vedtok at Statens finansfond skulle avviklast ved utgangen av første kvartal 2014 og at kapitalen som var igjen i fondet skulle verte tilbakeført til statskassa.

Statens finansfond bidrog med ansvarleg kapital til 28 bankar. Ved årsskiftet 2013/2014 hadde 27 bankar betalt tilbake kapitalinnskota, og det stod igjen berre eitt engasjement på 60 mill. kroner i fondet. Folketrygdfondet støtta staten med forvaltninga av det eine engasjementet som stod igjen til det vart innbetalt og avslutta i juli 2014.

Statens finansfond hadde i 2014 eit rammebudsjett på 3 mill. kroner. Dei samla driftskostnadene i 2014 var på 1,6 mill. kroner. Dette gjev eit overskot ved avslutning av rekneskapen 17. juni 2014 på 1,4 mill. kroner og opptent eigenkapital på 1,7 mill. kroner.

9.2 Komiteens merknader

Komiteen tar omtalen til orientering.