I dag vert frihandelsavtalen for tenester, TISA (Trade
in Services Agreement), forhandla med stor grad av hemmeleghald.
Noreg er aktiv deltakar og, etter det forslagsstillarane forstår,
pådrivar. Regjeringa Solberg er no inne i andre år av forhandlingane,
og det er særs avgrensa offentleg innsyn i prosessen. Det er likevel
kome fram ein del informasjon via Wikileaks, EU, sivilsamfunnsaktørar
og andre kjelder. Med bakgrunn i denne informasjonen åtvarar ei
rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar mot ei avtale som kan institusjonalisere
utanlandske tenesteleverandører sine rettar og ta frå styresmakter
makt på ei rekkje område. Styresmaktene, både i Noreg og i EU, avviser
på si side kritikken som feil og hevdar at avtala vil få positiv
effekt på norsk økonomi og sysselsetjing. Sjeldan har sivilsamfunn
og styresmakter så diametralt ulik meining om kva som står på spel,
både internasjonalt og i Noreg.
Det offentlege ordskiftet er prega av hemmeleghaldet
rundt forhandlingane, påstandar frå begge sider, og gjer det vanskeleg
med ei substansiell demokratisk drøfting om forhandlingane.
Regjeringa understrekar at ein ynskjer ein så open
prosess som råd er. Forslagsstillarane meiner likevel at regjeringa
stendig gir utilstrekkelege og til dels motstridande svar på spørsmål
frå stortingsrepresentantar og sivilsamfunn. I tillegg er all tilgjengeleg
informasjon annanhands via Utenriksdepartementet, noko som gjer
ei reell analyse av kva som står på spel vanskeleg. Etter det forslagsstillarane kjenner
til ser det ikkje ut til å eksistere noko norsk mandat for TISA-forhandlingane.
Dersom dette er rett, vil manglande mandat medverke til at meir
makt over prosessen vert overført frå folkevalde til embetsverket.
Slik debatten no går i Noreg og andre land,
burde tilnærminga til TISA-forhandlingane gjennomførast på ein annan
måte. Sjølve rammeverket for heile TISA-avtala må offentleggjerast.
I forhandlingane om GATS (General Agreement on Trade in Services) etter
år 2000 har det vore praksis at regelverket i avtala har vore avklara,
før ein har forhandla om opning og liberalisering av ulike sektorar.
Basert på den informasjonen som er komen ut, tyder mykje på at forhandlingane
om TISA-avtala allereie dreier seg om sektorar. Forslagsstillarane
understrekar at det er essensielt at rammeverket for desse forhandlingane
er klart og tilgjengelig for demokratisk debatt før ein set i gang
og avsluttar forhandlingar om opning og liberalisering av ulike
sektorar.
Forslagsstillarane vil understreke at framlegget
i denne omgang ikkje krev ei full offentleggjering av Noreg sine
posisjonar i TISA-forhandlingane med tanke på opning av marknadstilgang
til ulike sektorar. Forslagsstillarane ber om at rammeverket som per
i dag ligg til grunn for TISA-forhandlingane, med tilhøyrande klausular
og omtalar av desse, ope blir lagt fram for Stortinget. Dette er
prinsippa som ligg til grunn for forhandlingane. Per i dag er informasjon om
desse klausulane, slik som «frys og skralle»-mekanismen (standstill
& ratchet), og omfanget av regelen om «negativ listing», berre
tilgjengeleg som annanhandsinformasjon frå Utenriksdepartementet.
Dette gjer det umogleg å føre ein kritisk demokratisk debatt om
premissane for denne avtala.
Forslagsstillarane ber om at klausulane, og
tilhøyrande informasjon om desse, må leggjast fram nøyaktig slik
dei står skrivne inn i rammeverket som no ligg til grunn for forhandlingane.
Offentleggjeringa av rammeverket i TISA vil medverke til å opplyse den
offentlege debatten og syte for at folkevalde, media og det norske
folk kan bidra med relevante og naudsynte innspel til regjeringa
i dette arbeidet. Dette vil sikre ein meir open demokratisk debatt
om TISA-avtala sine positive og negative konsekvensar.
Både styresmakter og sivilsamfunn er samde om at
TISA-avtala vil påverke sentrale deler av norsk økonomi dersom ein
kjem i mål. For folkevalde, media og det norske folk er det likevel
i dag nærast uråd å få vite kva som står på spel på grunn av det
avgrensa innsynet. Det er difor svært viktig at ein offentleg debatt
om handelsavtala kjem i forkant av at avtala skal underteiknast
og at opninga av ulike sektorar er forhandla ferdig. Etter at avtala
mellom 50 land er ferdigforhandla, vil det truleg bli særs vanskeleg,
om ikkje umogleg, å endre avtala i ei retning som avgrensar marknadsretting
og konkurranseutsetjing i Noreg.
På denne bakgrunn vert det sett fram følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa leggje fram det som det
no forhandles om i TISA-avtala, nøyaktig slik det står skrive inn
i avtaleteksten, med det som per i dag finst av klausular, informasjon
om klausulane og øvrig regelverk som legg føringar for dei sektorvise
forhandlingane.»
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre
Simensen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Regina
Alexandrova, Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra
Fremskrittspartiet, Kristian Norheim, Per Sandberg og Christian
Tybring-Gjedde, fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra
Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande,
og fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, viser til
representantforslag fra stortingsrepresentantene Liv Signe Navarsete,
Marit Arnstad, Bård Vegar Solhjell og Audun Lysbakken om framleggelse
av rammeverket i TISA-avtalen.
Komiteen vil innledningsvis bemerke
at beslutningen om at Norge skulle delta i TISA-forhandlingene ble
fattet av regjeringen Stoltenberg II våren 2013.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
og Venstre, viser til at forhandlingsmandatet som ligger
i åpningstilbudet er uendret siden forhandlingsoppstart.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti understrekar at regjeringa
hevdar at rammene for TISA er uendra sidan forhandlingsoppstart.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
og Venstre, viser videre til at regjeringen i november 2013 bekreftet
Norges mandat til å være med i forhandlingene, i forbindelse med
fremleggelsen av Norges åpningstilbud.
Komiteen viser til
at åpningstilbudet ble offentliggjort like etter fremleggelse. Grunnlaget
for denne avgjørelsen og regjeringens overordnede posisjoner i forhandlingene
ble offentliggjort 17. mars 2015.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti vil påpeike at det ikkje ser
ut til å vere skrive noko mandat frå regjeringa for TISA-forhandlingane.
Regjeringa har hatt fleire moglegheiter til å vise fram dette mandatet
og avklare om det finst noko mandat eller ikkje, men har likevel
ikkje gjort dette. Desse medlemene peiker på at det
er alvorleg og oppsiktsvekkande om det ikkje har vore skrive noko mandat. Desse
medlemene understreker at utan ei klår avgrensing i handlingsrommet
overfor byråkratane som forhandlar på Noreg sine vegne, overlèt regjeringa
for mykje makt over prosessen til embetsverket. I tillegg finn desse
medlemene grunn til å minne om at EU-parlamentet sin rapportør
for TISA-saker, Viviane Reding, har varsla at parlamentet ville
gi EU sine forhandlarar klarare rammer for TISA-forhandlingane gjennom
såkalla grøne og raude lister.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
og Venstre, viser til at det eksisterer et mandat for forhandlingene
og at dette er offentliggjort gjennom det som er omtalt som norske
posisjoner. Flertallet viser til at en TISA-avtale
skal være i overensstemmelse med WTO-strukturen, slik at den senere
eventuelt kan innlemmes i en ny WTO-avtale.
Flertallet viser til brev fra
utenriksminister Børge Brende med departementets uttalelse til Dokument
8:90 S (2014–2015) hvor det påpekes at regjeringen legger stor vekt
på åpenhet rundt de internasjonale prosessene den deltar i på vegne
av Norge. Flertallet viser videre til at TISA diskuteres
i allerede etablerte rådgivende utvalg, og det avholdes jevnlige
møter med ulike representanter for fagorganisasjoner, næringsliv
og det sivile samfunn.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti understreker at det til dels
er svært ulikt syn blant organisasjonar i Noreg om regjeringa har
praktisert tilstrekkeleg openheit omkring forhandlingane om TISA-avtala
og moglege konsekvensar av avtala. Til dømes har Fagforbundet, Fellesorganiasjonen,
Norsk Sykepleierforbund, Musikernes Fellesorganiasjon, El &
IT Forbundet, Norsk Tjenestemannslag, Postkom og Utdanningsforbundet
gått saman om ei uttale der dei slår fast at det er eit demokratisk
problem at dei ikkje kjenner det norske forhandlingsmandatet. Fagforbunda
krev meir openheit kring forhandlingane og regelverket som skal
nyttast i TISA og etterspør ei analyse av dei moglege konsekvensane
TISA-avtala kan få på ulike sektorar i Noreg.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
og Venstre, ønsker en analyse av avtalens konsekvenser velkommen
i forbindelse med at avtalen legges frem for Stortinget. Flertallet er
innforstått med at en analyse av en eventuell avtale på nåværende
tidspunkt ikke vil kunne reflektere de forhandlinger som skal finne
sted fremover. Det er derfor viktig at en analyse kan gjøres på
bakgrunn av et helhetlig resultat.
Flertallet viser til svaret fra
utenriksministeren om at under innledningen av TISA-forhandlingene
ble det tydeliggjort en forutsetning mellom partene om at forhandlingene
skulle skje i fortrolighet tilsvarende det som praktiseres for andre
internasjonale forhandlinger om folkerettslige avtaler. Flertallet understreker
betydningen av at regjeringen utviser så stor åpenhet om prosessen
og om norske forhandlingsposisjoner som mulig, uten å bryte prinsippet
om at selve forhandlingene skal være fortrolige.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet,
Venstre og Sosialistisk Venstreparti understreker betydningen
av at regjeringen i TISA-forhandlingene (og andre frihandelsforhandlinger)
ikke skal gå på tvers av, eller være på kollisjonskurs med, det
norske juridiske, rettslige og regulerende rammeverket. De norske
reguleringene innen helse, miljø, sikkerhet og finans må verken
utfordres eller svekkes.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti viser til at måten TISA-forhandlingane
no går føre seg på er vesentleg ulik måten GATS-forhandlingane skjedde
mellom anna under Doha-runden. I desse forhandlingane er lovverket
i avtala kjend. Det har vore diskutert eventuelt nye GATS-reglar
separat, og forhandla sektorliberalisering for seg. No forhandlar ein
nye prinsipp og standardar for tenestehandel samstundes med forhandlingane
om opning av ulike sektorar. Frå mandatet til EU, som er gjort offentleg, kjem
det òg fram at tvisteløysingsmekansime heller ikkje er avklart i
framkant av forhandlingane om opning av sektorar.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
og Venstre, mener det ikke er sammenlignbart når TISA-forhandlingene
sammenlignes med Doha-runden, det er riktigere å sammenligne med
Uruguay-runden fra 1995 hvor det for første gang ble inngått en
avtale om tjenester. Flertallet ser ikke investor-stat-løsning som
aktuell tvisteløsningsmekanisme i en TISA-kontekst.
Flertallet vil bemerke at Stortinget
orienteres om pågående forhandlingsprosesser gjennom etablerte kanaler
og viser til at utenriksministeren har tilbudt å gi ytterligere
redegjørelser, om nødvendig i fortrolighet, dersom Stortinget eller
vedkommende komité skulle ønske det.
Flertallet viser til Utenriksdepartementets
anbefaling, som er at representantforslaget ikke etterkommes, da
det vil være uheldig for Norges renommé som forhandlingsnasjon om
regjeringen offentliggjør de fortrolige forhandlingsutkastene som
per i dag finnes i TISA-forhandlingene.
Flertallet viser videre til at
det endelige forhandlingsresultatet vil bli forelagt Stortinget
i en proposisjon om samtykke til ratifikasjon etter Grunnloven §
26, 2. ledd.
Medlemene i komiteen frå Senterpartiet
og Sosialistisk Venstreparti viser til at komiteen ikkje
kan seie kva for paragraf i Grunnlova som skal brukast til å ratifisere
ei TISA-avtale, utan at ein har sett det endelege innhaldet i avtala.
For å kunne diskutere om TISA-avtala vil innebere avståing av suverenitet
eller ikkje må Stortinget som eit minimum få framlagt rammeverket
i TISA-avtala.
Desse medlemene vil streke under
at Noreg sitt renommé vis à vis dei 50 TISA-landa ikkje kan vege
sterkare enn regjeringa sitt ansvar overfor Storting og innbyggjarar.
Regjeringa kan gjennom avtala forplikte Noreg til ei rekke omfattande
endringar. Den manglande viljen til å legge til rette for ein meir open
og demokratisk prosess er oppsiktsvekkande.
Desse medlemene viser til at
det sjeldan har vore så grunnleggjande ulikt syn mellom sivilsamfunn
og styresmakter kring konsekvensane av ei avtale som det ein no
ser. Regjeringa gir inntrykk av at TISA-avtala ikkje vil påverke
offentleg sektor på nokon som helst måte. Public Services International, ein
paraplyorganisasjon for fagforeiningar som representerer meir enn
20 millionar offentleg tilsette over heile verda, gir ein heilt
motsett versjon. I deira rapport omkring TISA, omsett av Fagforbundet, skriv
dei mellom anna at «TISAs essens og logikk – ekstremt hemmeleghald,
aggressivitet, hyperliberalisering og dei store selskapa si altfor
store påverknad står i strid med verdiane som ligg til grunn for
offentlege tenester».
Desse medlemene vil understreke
at alt ein no har å ta stilling til er andrehands informasjon frå regjeringa,
samt lekkasjar frå forhandlingane og informasjon frå ulike interessentar.
Dette gjer det umogleg å føre ein reell debatt om dei potensielle konsekvensane
av TISA-avtala. Desse medlemene vil understreke at
det er naudsynt at Stortinget no får vite om TISA-avtala vil svekke
det politiske handlingsrommet knytta til kontroll og styring med offentlige
tenester og velferdstilbod. Like viktig er det å avklare om TISA-avtala
kan føre til privatisering, deregulering eller konkurranseutsetjing
av nokre offentlege tenester på nasjonalt eller lokalt nivå. Dette
gjeld også moglegheita for – gjennom politiske vedtak – å gjeninnføre
offentleg eigarskap og styring i sektorar som tidlegare har vore
privatisert. Desse medlemene meiner det er naudsynt
med ein open debatt om TISA-avtala og moglege konsekvensar av avtala
medan forhandlingane går føre seg. Når avtala fyrst er forhandla
fram er det truleg ikkje mogleg å endre den i særleg grad, sjølv
om det skulle vere fleirtal i Stortinget for dette. Dei som legg
vekt på argumentet om at Noreg sitt renommé vis à vis TISA-landa
kan bli svekt ved meir openheit om rammeverket for avtala, vil truleg
vere minst like bekymra for Noreg sitt renommé om ein i etterkant
av ei forhandling avviser heile avtala. Ein reell og open debatt
om TISA-avtala og konsekvensane av avtala krev at rammeverket for
avtala vert lagt fram for Stortinget no. Desse medlemene leggjer
derfor fram følgjande forslag:
«Stortinget ber regjeringa leggje fram det som det
no vert forhandla om i TISA-avtala, nøyaktig slik det står skrive
inn i avtaleteksten, med det som per i dag finst av klausular, informasjon
om klausulane og øvrig regelverk som legg føringar for dei sektorvise forhandlingane.»
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti
og Venstre, stiller seg undrende til referansen til annenhånds
informasjon, all den tid kilden til informasjon er regjeringen,
som forhandler på Norges vegne.
Komiteen ser frem
til å diskutere rammer, innretning og muligheter for norsk handelspolitikk,
inkludert TISA-forhandlingene, i forbindelse med behandling av Meld.
St. 29 (2014–2015) Om globalisering og handel.
Komiteen ber regjeringen fortsette
å bidra til åpenhet og informasjon om TISA-forhandlingene, dens
muligheter og utfordringer.
Forslag fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1
Stortinget ber regjeringa leggje fram det som
det no vert forhandla om i TISA-avtala, nøyaktig slik det står skrive
inn i avtaleteksten, med det som per i dag finst av klausular, informasjon
om klausulane og øvrig regelverk som legg føringar for dei sektorvise
forhandlingane.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget
til å gjøre følgende
vedtak:
Dokument 8:90 S (2014–2015) – representantforslag
frå stortingsrepresentantane Liv Signe Navarsete, Marit Arnstad,
Bård Vegar Solhjell og Audun Lysbakken om framlegging av rammeverket
i TISA-avtala – vedlegges protokollen.
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den
3. juni 2015
Anniken Huitfeldt | Elin R. Agdestein |
leder | ordfører |