Sammendrag

I dokumentet fremmes følgende forslag:

  • «1. Stortinget ber regjeringa fremme sak om å rammefinansiere fødselsomsorga slik at kvalitet blir premiert og at ein sikrar forsvarleg bemanning som eit akuttilbod.

  • 2. Stortinget ber regjeringa pålegge helseføretaka i løpet av 2016 å sikre at kvalitetskrava til fødeinstitusjonar frå 2010 blir implementerte, både når det gjeld organisering og resultat.

  • 3. Stortinget ber regjeringa pålegge helseføretaka å etterkomme den faglege anbefalinga om at alle fødande skal sikrast jordmor til stades i aktiv fase av fødselen.»

Ei god svangerskapsomsorg, eit trygt fødetilbod og nær oppfølging i barseltida er avgjerande for å sikre god helse hos mor og barn, mestring og trivsel. Svangerskaps- og fødselsomsorga i Noreg held høg kvalitet i internasjonal samanheng. Men forslagsstillarane meiner at mykje tyder på at denne delen av helsetenesta kan forbetrast på viktige område.

Ifølgje Helsedirektoratet sin rapport «Et trygt fødetilbud – forslag til kvalitetskrav for fødeinstitusjoner» føder majoriteten av kvinner i dag på dei største kvinneklinikkane eller fødeavdelingane omkring dei største byane eller tettbygde strøk. Under 10 prosent av fødslane i Noreg går føre på dei små fødeinstitusjonane med mindre enn 500 fødslar. Forslagsstillarane peiker på at nye seleksjonskrav til fødestover og fødeavdelingar kan medføre enda sterkare press på dei store kvinneklinikkane. Då er det avgjerande at kvalitetskrava til kvinneklinikkar blir implementerte. I tillegg meiner forslagsstillarane at det kan vere riktig å styrkje fødeavdelingane på dei mindre sjukehusa i nærleiken til pressområde, slik at dei kan bidra til å avlaste kvinneklinikkane ved normalfødslar. Tilbakemeldingar frå pasientar og fagfolk tyder på at kvalitetskrava til fødselsomsorga frå 2010 enda ikkje er tilstrekkelig implementerte.

I ein landsomfattande undersøking av spedbarn sitt kosthold som Statistisk sentralbyrå (SSB) utførte for Helsedirektoratet hausten 2013, viser det seg at det har vore ein nedgang i talet på barn som blir amma i andre levehalvår. Forslagsstillarane er bekymra for at utviklinga med kortare liggetid på sjukehus kombinert med manglande oppfølging av barselkvinner i kommunane, kan bidra negativt til denne utviklinga.

Forslagsstillarane peikar på at spesialisthelsetenesta med regjeringa Solberg er 50 prosent aktivitetsfinansiert, og at fødselsomsorga er ein del av denne «innsatsstyrte» finansieringa. Helseføretaka kan velje å rammefinansiere sine sjukehus og sjukehusavdelingar, men vel å vidareføre denne aktivitetsbaserte finansieringa heilt ned på avdelingsnivå. Det betyr at fødeavdelingar og kvinneklinikkar tener pengar på komplikasjonar hos dei fødande, medan dei ikkje tenar pengar på å følgje opp kvalitetskrava, til dømes kravet om ei jordmor hos den fødande i aktiv fase av fødselen. Forslagsstillarane meiner at i dette finansieringssystemet står trygg fødselshjelp fram som underfinansiert.