I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet
fram forslag om regulering av godtgjering for utskrivne vernepliktige
mannskap frå 1. juli 2016.
Staten har inngått to hovudtariffavtalar for
perioden 2016–2018, ein med Akademikerne og ein med LO Stat, Unio
og YS Stat. Forslaget til regulering er basert på resultatet av
lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Denne avtalen
gir eit større generelt tillegg for dei vernepliktige enn det dei
ville ha fått om avtalen med Akademikerne vart lagt til grunn. Med
grunnlag i nemde lønsoppgjer for statstilsette, blir godtgjering
til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 1,2 pst. frå 1. juli
2016. Meirutgiftene for 2016 er utrekna til 6 203 193 kroner.
Forsvarsdepartementet legg til grunn reguleringa
i lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten
i nemnde lønsoppgjer. Dette er i samsvar med tidlegare års praksis.
Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet komme fram til
at utskrivne vernepliktige mannskap bør få ei regulering på 1,2
pst. med verknad frå 1. juli 2016.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Ingalill Olsen, Wenche Olsen
og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Regina Alexandrova, Øyvind Halleraker,
Trond Helleland, Thore Vestby og Gunnar Viken, fra Fremskrittspartiet, Harald
T. Nesvik, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Kristelig
Folkeparti, Astrid Aarhus Byrknes, fra Senterpartiet, Liv Signe
Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Bård Vegar Solhjell, har merket seg at regjeringens forslag til
regulering er basert på resultatet av lønnsoppgjøret mellom staten
og LO Stat, Unio og YS Stat. Komiteen registrerer
at regjeringen har valgt å ikke legge avtalen med Akademikerne til grunn,
siden dette ville gitt et lavere tillegg til de vernepliktige. Godtgjøringen
til vernepliktige mannskap blir foreslått økt med 1,2 pst. fra 1. juli
2016. Komiteen støtter grunnlaget for reguleringen.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort
følgjande endringar:
Kap. | Post | Føremål | Kroner |
Utgifter |
1719 | | Fellesutgifter og tilskot til føretak under | |
| | Forsvarsdepartementet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 6 000 |
| | frå kr 339 188 000 til kr 339 194 000 | |
1720 | | Felles leiings- og kommandoapparat | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 361 000 |
| | frå kr 3 729 508 000 til kr 3 729 869 000 | |
1725 | | Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 186 000 |
| | frå kr 2 042 988 000 til kr 2 043 174 000 | |
1731 | | Hæren | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 3 048 000 |
| | frå kr 5 330 349 000 til kr 5 333 397 000 | |
1732 | | Sjøforsvaret | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 930 000 |
| | frå kr 3 835 038 000 til kr 3 835 968 000 | |
1733 | | Luftforsvaret | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 690 000 |
| | frå kr 4 783 048 000 til kr 4 783 738 000 | |
1734 | | Heimevernet | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 771 000 |
| | frå kr 1 229 268 000 til kr 1 230 039 000 | |
1740 | | Forsvarets logistikkorganisasjon | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 23 000 |
| | frå kr 1 528 367 000 til kr 1 528 390 000 | |
1790 | | Kystvakta | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 182 000 |
| | frå kr 1 082 625 000 til kr 1 082 807 000 | |
1795 | | Kulturelle og allmennyttige føremål | |
| 1 | Driftsutgifter, vert auka med | 6 000 |
| | frå kr 262 587 000 til kr 262 593 000 | |
Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den
14. juni 2016
Anniken Huitfeldt | Øyvind Halleraker |
leder | ordfører |