Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Forsvarsdepartementet (Endringar i «Regulativ for tillegg til utskrivne vernepliktige mannskap»)

Til Stortinget

Sammendrag

I denne proposisjonen legg Forsvarsdepartementet fram forslag om regulering av godtgjering for utskrivne vernepliktige mannskap frå 1. juli 2016.

Staten har inngått to hovudtariffavtalar for perioden 2016–2018, ein med Akademikerne og ein med LO Stat, Unio og YS Stat. Forslaget til regulering er basert på resultatet av lønsoppgjeret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Denne avtalen gir eit større generelt tillegg for dei vernepliktige enn det dei ville ha fått om avtalen med Akademikerne vart lagt til grunn. Med grunnlag i nemde lønsoppgjer for statstilsette, blir godtgjering til vernepliktige mannskap tilrådd auka med 1,2 pst. frå 1. juli 2016. Meirutgiftene for 2016 er utrekna til 6 203 193 kroner.

Forsvarsdepartementet legg til grunn reguleringa i lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten i nemnde lønsoppgjer. Dette er i samsvar med tidlegare års praksis. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet komme fram til at utskrivne vernepliktige mannskap bør få ei regulering på 1,2 pst. med verknad frå 1. juli 2016.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Ingalill Olsen, Wenche Olsen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Regina Alexandrova, Øyvind Halleraker, Trond Helleland, Thore Vestby og Gunnar Viken, fra Fremskrittspartiet, Harald T. Nesvik, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Kristelig Folkeparti, Astrid Aarhus Byrknes, fra Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, har merket seg at regjeringens forslag til regulering er basert på resultatet av lønnsoppgjøret mellom staten og LO Stat, Unio og YS Stat. Komiteen registrerer at regjeringen har valgt å ikke legge avtalen med Akademikerne til grunn, siden dette ville gitt et lavere tillegg til de vernepliktige. Godtgjøringen til vernepliktige mannskap blir foreslått økt med 1,2 pst. fra 1. juli 2016. Komiteen støtter grunnlaget for reguleringen.

Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Føremål

Kroner

Utgifter

1719

Fellesutgifter og tilskot til føretak under

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

6 000

frå kr 339 188 000 til kr 339 194 000

1720

Felles leiings- og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert auka med

361 000

frå kr 3 729 508 000 til kr 3 729 869 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert auka med

186 000

frå kr 2 042 988 000 til kr 2 043 174 000

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert auka med

3 048 000

frå kr 5 330 349 000 til kr 5 333 397 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med

930 000

frå kr 3 835 038 000 til kr 3 835 968 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med

690 000

frå kr 4 783 048 000 til kr 4 783 738 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert auka med

771 000

frå kr 1 229 268 000 til kr 1 230 039 000

1740

Forsvarets logistikkorganisasjon

1

Driftsutgifter, vert auka med

23 000

frå kr 1 528 367 000 til kr 1 528 390 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert auka med

182 000

frå kr 1 082 625 000 til kr 1 082 807 000

1795

Kulturelle og allmennyttige føremål

1

Driftsutgifter, vert auka med

6 000

frå kr 262 587 000 til kr 262 593 000

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 14. juni 2016

Anniken Huitfeldt

Øyvind Halleraker

leder

ordfører