Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om Endringar i statsbudsjettet 2016 under Olje- og energidepartementet

Dette dokument

  • Innst. 138 S (2016–2017)
  • Kjeldedokument: Prop. 32 S (2016–2017)
  • Dato: 09.12.2016
  • Utgjevar: energi- og miljøkomiteen
  • Sidetal: 5
Til Stortinget

Sammendrag

I proposisjonen kjem Olje- og energidepartementet med framlegg til endringar i statsbudsjettet 2016. Det er òg gitt ei omtale av statleg deltaking i gassfeltet Dvalin, og ei oppdatering av Martin Linge-prosjektet, som varsla i Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet. Departementet gjer òg greie for bruk av fullmakter under petroleumsverksemda.

Endringar i statsbudsjettet 2016

Kap. 1811 Statoil ASA

Post 96 Aksjar

Styret i Statoil har etter generalforsamlingsvedtak 11. mai 2016 innført eit utbytteaksjeprogram, som er innretta slik at aksjeeigarar kan velje å ta imot utbyttet heilt eller delvis i form av kontantar eller nye aksjar i selskapet til rabattert pris. Statens kontantutbytte vil bli redusert i perioden då utbytteaksjeprogrammet pågår, og talet på aksjar som staten har i Statoil vil auke sjølv om eigardelen blir halden konstant, jf. Prop. 84 S (2015–2016) Deltakelse i utbytteaksjeprogram og kapitalforhøyelse i Statoil ASA. For nærare informasjon om programmet og Stortingets behandling av denne, jf. Innst. 260 S (2015–2016).

Den delen av utbyttet som blir nytta til å utferde nye aksjar for staten er føreslått inntektsført under kap. 4811 Statoil ASA, post 96 Utbytteaksjar og utgiftsført under kap. 1811 post 96. Dermed vil staten sin del av utbyttet som blir nytta til å utferde nye aksjar, bli synleggjort og inntektsført som utbytte og samtidig utgiftsført som aksjekjøp i statsrekneskapen slik at aksjekapitalen i Statoil ASA blir auka tilsvarande i statens kapitalrekneskap, bokført verdi.

Det blir foreslått løyvd 4 989 mill. kroner i utbytteaksjar i 2016. Ein viser til tilsvarande forslag til løyving under kap. 4811, post 96 Utbytteaksjar.

Kap. 1820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overførast

Det blir foreslått å auke løyvinga med 12 mill. kroner, til om lag 104 mill. kroner. Ein viser til motsvarande inntektsauke under kap. 4820, post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter.

Post 22 Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 60 og 72

Det er anslått at ein større del av løyvinga til flaum- og skredtiltak vil bli gitt som tilskot til kommunar enn tidlegare budsjettert.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 33 mill. kroner, til om lag 338 mill. kroner. Ein viser til motsvarande utgiftsauke under kap. 1820, post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging.

Post 60 Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 72

Det blir foreslått å auke løyvinga med 33 mill. kroner, til 68 mill. kroner. Ein viser til omtale av motsvarande utgiftsreduksjon under kap. 1820, post 22 Flaum- og skredførebygging.

Kap. 2440/5440 Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

Løyvinga under kap. 2440, post 30 Investeringar blir foreslått redusert med 2 000 mill. kroner, til 28 000 mill. kroner.

Endringane i underpostar omtala i proposisjonen fører til at det berekna driftsresultatet for SDØE er auka med 1 500 mill. kroner, til 63 500 mill. kroner.

Overslaget for netto konstantstraum frå SDØE er auka frå 59 500 mill. kroner til 62 900 mill. kroner, ein auke på 3 400 mill. kroner frå gjeldande løyving for 2016.

Kap. 4811 Statoil ASA

Post 96 Utbytteaksjar

Det blir foreslått løyvd 4 989 mill. kroner i utbytteaksjar i 2016. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1811, post 96 Aksjar.

Kap. 4820 Noregs vassdrags- og energidirektorat

Post 2 Oppdrags- og samarbeidsinntekter

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 12 mill. kroner, til om lag 101 mill. kroner. Ein viser til omtale og tilsvarande utgiftsauke under kap. 1820, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 5685 Aksjar i Statoil ASA

Post 85 Utbytte

For budsjettformål er lagt til grunn eit kontantutbytte tilsvarande utbetalinga for første kvartal 2016 også for andre kvartal 2016. Det er dermed budsjettert med eit samla kontantutbytte på 10 770 mill. kroner, ein reduksjon på 4 612 mill. kroner.

Statleg deltaking i Dvalin

Dvalin er eit gassfelt i utvinningsløyve 435 i Norskehavet. Estimerte utvinnbare reservar er av operatøren anslått til rundt 18,2 mrd. standard kubikkmeter gass og 0,4 mill. standard kubikkmeter kondensat. Venta produksjonsstart for Dvalin er fjerde kvartal 2020. Rettshavarane i løyvet må tiltre PUD seinast 3. januar 2017. På dette tidspunktet må den endelege eigarsamansetjinga i løyvet vere avklart.

Petoro har blitt kontakta av rettshavarar i utvinningsløyvet med tanke på ei mogleg statleg deltaking i Dvalin, og Petoro har gjort ei vurdering av tekniske og økonomiske sider ved Dvalin-utbygginga. Petoros vurdering er at utbygging av Dvalin-feltet samla sett vil vere lønsamt for SDØE.

Olje- og energidepartementet har fullmakt til å godkjenne overdraging (sal, kjøp eller byte) av deltakardelar for Petoro AS som forvaltar av SDØE der ein går ut frå at ressursane for deltakardelen i utvinningsløyvet på tidspunktet for overdraginga er mindre enn 3 mill. Sm3 oljeekvivalentar, jf. vedtak XIV i Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 9 S (2015–2016).

Basert på Petoros vurdering er reserveanslaget for OMV sin del på 20 pst. i løyvet innanfor fullmaktsgrensa. Dersom reserveanslag til operatøren for Dvalin blir lagt til grunn, er anslaget for OMV sin del 3,72 mill. Sm3 oljeekvivalentar.

Vidare har departementet godkjent at staten ved Petoro kan overta 10 prosentpoeng av Maersk sin del, i og med at selskapet har sagt at det ikkje vil tiltre PUD og vil tre ut av løyvet. OED har fullmakt til å godkjenne at Petoro kan delta i overdraging (sal, kjøp, byte) av deltakardelar i interessentskap der ein rettshavar vel å tre ut av interessentskapet og der overdraginga vedkjem SDØE, jf. vedtak XV i Prop. 1 S (2015–2016) og Innst. 9 S (2015–2016).

Det er løyvingsdekning for budsjettkonsekvensane av ovannemnde overdragingar for SDØE under kap. 2440/5440.

Det vil bli fleire overdragingar av deltakardelar til SDØE i utvinningsløyve 435. Petoro og operatøren har ulik vurdering av reservane i Dvalin. På den bakgrunnen legg departementet saka fram for Stortinget, jf. forslag til vedtak II.

Martin Linge

Departementet viser til at i etterkant av framlegginga av Prop. 1 S (2016–2017) har operatøren av Martin Linge-prosjektet informert departementet om ein ytterlegare auke i investeringsanslaget for prosjektet på om lag 3 mrd. kroner sidan førre rapportering. Anslaget for samla investeringar er no 38,6 mrd. kroner, som samanlikna med PUD-anslaget er ein total auke på 10,4 mrd. kroner, der 2,15 mrd. kroner er valutaendringar. Hovudårsaken til auken sidan 2015 er utsett produksjonsoppstart med eitt år til andre kvartal 2018, som følgje av forseinka detaljprosjektering av plattformoverbygget.

Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytte til petroleumsverksemda. Dette gjelder:

  • Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

    • Gullfaks

    • Oseberg Vestflanken 2

  • Fullmakt XIII – Overføring av eigedomsrett mot bruksrett

    • Prosjekt for oppgradering av kapasiteten i Kvitebjørn gassrøyr

  • Fullmakt XV – Overføring og samordning av eigardelar i utvinningsløyve

    • Byrding

Olje- og energidepartementet gav 15. november 2016 samtykke til at Petoro kan delta i forenkla samordning i samsvar med fullmakt XV, pkt. 2 i Prop. 1 S (2015–2016).

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Åsmund Aukrust, Ferhat Güven, Per Rune Henriksen, Anna Ljunggren og Terje Aasland, fra Høyre, Tina Bru, Odd Henriksen, Eirik Milde og Torhild Aarbergsbotten, fra Fremskrittspartiet, Jan-Henrik Fredriksen og Øyvind Korsberg, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, fra Senterpartiet, Marit Arnstad, fra Venstre, lederen Ola Elvestuen, fra Sosialistisk Venstreparti, Heikki Eidsvoll Holmås, og fra Miljøpartiet De Grønne, Rasmus Hansson, viser til de foreslåtte endringene på statsbudsjettet for 2016 under Olje- og energidepartementet.

Komiteen viser til omtalen av statlig deltakelse i gassfeltet Dvalin, og til oppdateringen av Martin Linge-prosjektet, som var varslet i Prop. 1 S (2015–2016) for Olje- og energidepartementet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, viser til omtalen av den statlige deltakelsen i gassfeltet Dvalin og forslag til vedtak i romertall II, og støtter dette. I en tid hvor investeringer på norsk sokkel faller sterkt står vi i fare for å miste nødvendig kapasitet og kompetanse i industrien. Det er likeså fare for at tidskritiske investeringer i felt og infrastruktur ikke blir gjort med tap av ressurser og verdiskapning som resultat.

Flertallet peker på at utbygging av Dvalin-feltet samlet sett vil være lønnsomt for SDØE, og at utbyggingen vil gi kontrakter for mange milliarder kroner til norsk leverandørindustri i en tid hvor denne industrien sliter og mange arbeidsplasser går tapt. Flertallet viser videre til at dette er et gassfelt med ressurser som etterspørres på det europeiske markedet og bidrar til å redusere klimagassutslipp i EU.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet De Grønne stiller seg kritisk til at Staten ved Petoro øker sin eksponering mot oljesektoren ved å overdra eierandeler i Dvalin-feltet. Det er betydelig usikkerhet omkring fremtiden til oljenæringen. Disse medlemmer viser til at alle foreløpige analyser av hva det er rom for av olje og gassutvinning for å holde verden innenfor rammene av Parisavtalens mål – om en temperaturøkning godt under 2 grader celsius og med ambisjon om å hindre en global oppvarming på mer enn 1,5 grader – tilsier at all olje som ikke er funnet bør en la ligge, og at det kun vil være den billigste oljen som det vil være plass til. Disse medlemmer viser til at Det internasjonale Energibyrået senest i november i år i sin rapport «Energy, climate change and environment insights» advarte om viktigheten av å unngå gassfellen, fordi det ikke vil være rom for nytt gassforbruk uten CCS etter 2020.

Disse medlemmer og går imot å øke statens risiko i felt som det ikke vil være rom for innenfor et 1,5 graders-scenario. Disse medlemmer mener Norge bør gå foran i å la kjente oljeressurser bli liggende, i stedet for å fungere som pådriver for å hente dem ut.

Disse medlemmer vil derfor stemme imot II i tilrådingen.

Komiteens tilråding

Komiteens tilråding under I fremmes av en samlet komité.

Komiteens tilråding under II fremmes av komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2016 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1811

Statoil ASA

(NY)

96

Aksjar, blir løyvd med

4 989 000 000

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

12 000 000

frå kr 91 550 000 til kr 103 550 000

22

Flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 60 og 72, blir sett ned med

33 000 000

frå kr 370 984 000 til kr 337 984 000

60

Tilskot til flaum- og skredførebygging, kan overførast, kan nyttast under postane 22 og 72, blir auka med

33 000 000

frå kr 35 000 000 til kr 68 000 000

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar, blir sett ned med

2 000 000 000

frå kr 30 000 000 000 til kr 28 000 000 000

2490

NVE Anlegg

24

Driftsresultat

0

1 Driftsinntekter

-122 000 000

2 Driftsutgifter

117 000 000

3 Avskrivingar

4 800 000

4 Renter av statens kapital

200 000

0

Inntekter

4811

Statoil ASA

(NY)

96

Utbytteaksjar, blir løyvd med

4 989 000 000

4820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

02

Oppdrags- og samarbeidsinntekter, blir auka med

12 000 000

frå kr 88 858 000 til kr 100 858 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat, blir auka med

1 500 000 000

frå kr 62 000 000 000 til kr 63 500 000 000

1 Driftsinntekter

124 400 000 000

2 Driftsutgifter

-31 000 000 000

3 Leite- og feltutviklingsutgifter

-2 500 000 000

4 Avskrivingar

-23 500 000 000

5 Renter av statens kapital

-3 900 000 000

63 500 000 000

80

Renter av statens kapital, blir sett ned med

100 000 000

frå kr 4 000 000 000 til kr 3 900 000 000

5685

Aksjar i Statoil ASA

85

Utbytte, blir sett ned med

4 612 000 000

frå kr 15 382 000 000 til kr 10 770 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne overdragingar til staten ved Petoro som rettshavar i utvinningsløyve 435 i tråd med føresetnadene i proposisjonen.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 9. desember 2016

Ola Elvestuen

leder og ordfører