1. Sammendrag

Under programområde 2 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg frå regjeringa om netto auke på 139 mill. kroner grunna meirbehov på 159 mill. kroner til FNs fredsbevarande operasjonar og eit netto mindrebehov på 20 mill. kroner til andre organisasjonar.

Under programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp blir det gjort framlegg om omdisponeringar på til saman 662 mill. kroner. I hovudsak er omdisponeringane mogelege pga. mindre ODA-godkjende asyl- og flyktningutgifter i Noreg enn tidlegare rekna med. Dei ledige midla blir i hovudsak foreslått løyvde til humanitær hjelp til Syria og nabolanda, men og til andre tiltak m.a. i Afrika.

1.1 Programområde 2 Utanriksforvaltning

Kap. 116 Deltaking i internasjonale organisasjonar

Post 70 Tilskot til internasjonale organisasjonar

Denne posten inneheld pliktige kontingentar til internasjonale organisasjonar Noreg er medlem i, og kontingentane blir utbetalt i ulike valutaer, men hovudsakeleg euro og dollar.

Det ligg an til eit tilleggsbehov på 159 mill. kroner til FNs fredsbevarande operasjonar. Dette skuldast overheng frå 2015, som er resultat av FNs treårige syklus for forhandlingar om bidragsskalaen. Dette gjer at betalingskravet i 2016 er 120 pst. samanlikna med eit normalår. Meirforbruket er på totalt 171 mill. kroner, av dette blir 159 mill. kroner budsjettert på kap. 116 post 70 og resterande 12 mill. kroner (ODA-delen/7 pst.) på kap. 170 post 78.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten med 139 mill. kroner.

1.2 Programområde 3 Internasjonal utviklingshjelp

Det blir gjort framlegg om omdisponeringar på til saman 662 mill. kroner innanfor Utanriksdepartementet sin del av budsjettet for utvikling. Ledige midlar skuldast i hovudsak mindre behov til ODA-godkjende flyktningtiltak i Noreg og til kjøp av konsulenttenester.

Det blir foreslått å auke løyvinga til naudhjelp og humanitær hjelp med 500 mill. kroner. Den auka løyvinga vil bli nytta til hjelp i Syria og nabolanda. Dei humanitære behova i Syria og nabolanda er framleis svært store. I Syria har meir enn 13,5 millionar menneske behov for humanitær hjelp og meir enn 6,5 millionar er internt fordrivne. Husly for vinteren, medisinsk hjelp og naudhjelp til kringsette område er dei mest prekære behova på kort og mellomlang sikt. For folk som er på flukt i Irak, er det særleg mat, vatn og husly for vinteren som er naudsynte strakstiltak.

1.3 Forslag til auka løyvingar

Kap. 150 Utviklingshjelp til Afrika

Post 78 Regionløyving for Afrika, kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka med 50 mill. kroner til eit kraftlinjeprosjekt i Uganda og til stabiliseringsfond for Somalia.

Kap. 163 Nødhjelp, humanitær hjelp og menneskerettar

Post 70 Naudhjelp og humanitær hjelp, kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka med 500 mill. kroner.

Kap. 164 Fred, forsoning og demokratitiltak

Post 70 Fred, forsoning og demokratitiltak, kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka med 2 mill. kroner til raftoprisvinnar Yanar Mohammed sin organisasjon Organization of Women’s Freedom in Iraq (OWFI).

Kap. 170 FN-organisasjonar m.m.

Post 76 FN og globale utfordringar m.m., kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka med 15 mill. kroner til auka støtte til UNDPs tematiske fond for konfliktførebygging og tidleg gjenoppbygging (Fredsbyggingsfondet).

Post 77 FNs aidsprogram (UNAIDS), kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka med 20 mill. kroner for auka støtte til tiltak gjennom UNAIDS.

Post 78 Bidrag andre FN-organisasjonar m.m., kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka med 24 mill. kroner.

Kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar

Post 72 Strategisk samarbeid med multilaterale utviklingsbankar og finansinstitusjonar, kan overførast

Løyvinga blir foreslått auka med 51 mill. kroner til nabolandsstøtte for Syria (Verdsbankens MENA Concessional Financing Facility), og støtte til Verdsbankens nye fleirgjevarfond for vatn.

1.4 Forslag til reduserte løyvingar

Kap. 165 Forsking, kompetanseheving og evaluering

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga blir foreslått redusert med 10 mill. kroner pga. mindre behov enn tidlegare budsjettert.

Kap. 167 Flyktningtiltak i Noreg, godkjende som utviklingshjelp (ODA)

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Etter OECD/DAC sine retningslinjer kan enkelte flyktningutgifter knytta til opphald for aysylsøkjarar og flyktningar i Noreg det første året klassifiserast som offisiell utviklingshjelp (ODA). Nye overslag tilseier at dei ODA-godkjende utgiftene på bistandsbudsjettet ligg an til å bli 652 mill. kroner mindre enn tidlegare budsjettert. Det blir i denne samanhengen vist til omtale av flyktningtiltaka i Noreg i proposisjonane til Justis- og beredskapsdepartementet, Barne og likestillingsdepartementet og Kunnskapsdepartementet.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga på posten (kap. 167 post 21) med til saman 652,047 mill. kroner.