3. Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremma av ein samla komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:
I

I statsbudsjettet for 2017 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

2315

1

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet Driftsutgifter, vert løyvd med …

759 000 000

502

71

Tilskot til midlar til opplæring og utvikling av tillitsvalde (OU-midlar), vert uka med …

4 400 000

frå kr 181 000 000 til kr 185 400 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2017 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av LO Stat, Unio og YS Stat i samsvar med forhandlingsforslaget i vedlegg 1, undervedlegg 1.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2017 blir gjort regulering av lønene mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av Akademikerne i samsvar med forhandlingsforslaget i vedlegg 1, undervedlegg 2.

IV

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II og III, og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter romartal II gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.