Forslag frå mindretal

Forslag frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa utarbeide eit program for å redusere vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Programmet skal skissere ein opptrappingsplan for fylkesvegvedlikehald med forslag til finansieringsmodellar og organisering som skal gje auka vedlikehald og etterslepsreduksjon på fylkesvegnettet.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa forlengje kompensasjonen til å dekke kostnadane som følgje av tunneltryggleikforskrifta til 2024.

Forslag 3

Stortinget ber regjeringa etablere eit kompensasjonssystem for ekstraordinære hendingar på fylkesvegnettet.