1. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Zaineb Al-Samarai, Jette F. Christensen, leiaren Anniken Huitfeldt, Martin Kolberg og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Hårek Elvenes, Trond Helleland, Ingjerd Schou og Michael Tetzschner, frå Framstegspartiet, Per-Willy Amundsen, Hans Andreas Limi og Christian Tybring-Gjedde, frå Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, frå Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken, frå Venstre, Abid Q. Raja, og frå Kristeleg Folkeparti, Knut Arild Hareide, merkar seg at proposisjonen inneheld ei godkjenning av kostnadsramme for fem nye materiellprosjekt: Anskaffing av landbasert transportstøtte, hand- og avdelingsvåpen, bruleggarpanservogn, ingeniørpanservogn og nye kystvaktfartøy.

Komiteen viser til at proposisjonane gjer det klart at lastevognene, som vart anskaffa i perioden 1987–1996, på sikt vil verte borte som ein reell kapasitet utan nyanskaffing. Komiteen merkar seg at Forsvaret i 2014 inngjekk ein rammeavtale med Rheinmetal M.A.N. Military Vehicles (RMMV) i samarbeid med det svenske forsvaret. Rammeavtalen omfattar alle dei variantane og versjonane av lastevogner som Forsvaret har behov for. Forsvaret skaffar 125 køyretøy av dei høgst prioriterte vognene. Desse prosjekta har ei kostnadsramme på om lag 2 600 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar. Leveransane startar i 2018.

Komiteen viser vidare til at Prosjektet 2559 Landbasert transportstøtte skal anskaffe om lag 290 køyretøy i andre avrop på rammeavtalen. Anskaffinga dekkjer ikkje heile behovet Forsvaret har i dag, men er innanfor dei økonomiske rammene som er sette av til prosjektet. Prosjektet har ei tidsramme frå 2018 til 2025, og Forsvaret får i dette dekt dei mest kritiske behova sine innanfor transportstøtte. Det resterende behovet skal dekkjast inn gjennom å vidareføre om lag 500 av dei beste Scania-vognene Forsvaret har i dag. Komiteen viser til at det vert stilt krav om at det vert inngått ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan kontrakten vert signert, og at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 963 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.

Komiteen merkar seg at Prosjekt 4018 ifølgje proposisjonen skal bidra til at Forsvaret får tilfredsstillande hand- og avdelingsvåpen. Anskaffingane vil ifølgje proposisjonen i hovudsak bli gjorde i samsvar med forskrift om forsvars- og sikkerhetsanskaffelser (FOSA), og det vil kunne verte aktuelt å inngå industrielt samarbeid med leverandørar utanfor EØS-området. Komiteen merkar seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 602 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.

Komiteen viser til at Stortinget gjennom si handsaming av Innst. 50 S (2017–2018) til Prop. 2 S (2017–2018) vedtok at Hæren skal ha ein moderne stridsvognkapasitet som eit avgjerande element i den mekaniserte strukturen. Komiteen viser til at Hæren sine eksisterande bruleggarpanservogner er bygde på eit Leopard 1-chassis, noko som gjev lågare vern for mannskapa enn den tyngre og langt meir moderne Leopard 2-plattforma som stridsvognene er bygde på. For mannskapa om bord i bruleggarpanservogner inneber dette auka risiko for tap og skade, då eit støttekøyretøy vil kunne vere eit prioritert mål for ein motstandar. Komiten merkar seg at regjeringa vil skaffe seks bruleggarpanservogner på eit moderne Leopard 2-chassis, samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Komiteen viser til at det i samband med anskaffinga vil verte stilt krav om at det vert inngått ein avtale om forsvarsindustrielt samarbeid med leverandøren innan hovudkontrakten vert signert. Avtalen om industrisamarbeid skal minst ha ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten. Forsvarsdepartementet vil nøye følgje opp at avtalen vert oppfylt. Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 724 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.

Komiteen viser til at Hæren sine eksisterande ingeniørpanservogner er bygde på det aldrande Leopard 1-chassiset, og at det er krevjande å skaffe reservedelar til dei. Komiteen viser til at regjeringa vil skaffe seks ingeniørpanservogner på eit moderne Leopard 2-chassis, samt naudsynt materiell for logistikk og utdanning. Komiteen merkar seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 716 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar, og at det vil verte stilt krav om forsvarsindustrielt samarbeid til minst ein tilsvarande verdi og kvalitet som hovudkontrakten.

Komiteen viser til Innst. 7 S (2016–2017), der Prosjekt 6615 vart auka til tre helikopterberande kystvaktfartøy med godkjent isforsterka skrog, samt at anskaffinga vart forsert med to år. Leveringa av fartøya er planlagd gjennomført i perioden 2022–2024. Komiteen merkar seg at kontrakten vil vart tildelt eit norsk verft, og at kontrakten skal signerast kort tid etter at Stortinget har godkjent prosjektet. Dei nye fartøya er dimensjonerte og isforsterka for dei primære operasjonsområda sine i nord. Komiteen noterer seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 6 810 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, ei avsetjing for usikkerheit samt gjennomføringskostnadar.

Komiteen viser til at dei gamle anlegga på Haakonsvern orlogsstasjon er mogne for utskifting, og det er behov for oppgradering og utviding av anlegga for å tilfredsstille dagens behov og for å dimensjonere for ei framtidig utvikling av basen. Komiteen merkar seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet med innfrastrukturtiltak er 649 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit.

Komiteen viser til at Stortinget ved handsaminga av Innst. 62 S (2016–2017) vedtok at Evenes flystasjon i skal vere base for Forsvaret sine maritime patruljefly (MPA). Komiteen merkar seg at prosjektet for ny infrastruktur ved Evenes flystasjon omfattar mellom anna etablering av ny høgspent kraftforsyning for å forsterke krafttilførslelen til flystasjonen og etablere ny ringstruktur for straumforsyninga på basen. Det skal òg byggjast eit nytt reservekraftanlegg, leggjast nye røyr for vatn, avlaup og overvatn, verte lagt fjernvarmerøyr og fjernkjølerøyr frå den nye energisentralen som skal byggjast ved Evenes flystasjon, og IKT-infrastrukturen skal verte oppgradert. Komiteen merkar seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 701 mill. kroner medrekna meirverdiavgift og ei avsetjing for usikkerheit. Komiteen viser til at det no har vorte identifisert eit behov for å oppgradere og forsterke ytre område rundt Evenes flystasjon for å hindre utilsikta åtgang av både personell og køyretøy. Konseptet har vidare identifisert ei rekkje andre behov, mellom anna nytt overvakingssystem, oppgradering av den eksisterande hovudtilkomsten og eksisterande alternativ tilkomst til flystasjonen, i tillegg til behov for å etablere eit nytt vaktbygg, post- og varemottak og avfallsstasjon. Komiteen merkar seg at den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 438 mill. kroner medrekna meirverdiavgift, innreiing og ei avsetjing for usikkerheit.

Komiteen merkar seg at Forsvarsdepartementet har gjennomført ei vurdering av anskaffinga av NH90- helikoptera, medrekna juridisk handlingsrom overfor leverandør og status og forventa framdrift i dei pågåande leveransane. Komiteen viser til at NH90-helikoptera skulle ha vorte leverte i perioden 2005–2008.

Komiteen merkar seg vidare at regjeringa skriv at Forsvarsdepartementet er uroa for erfaringane både frå drift av norske NH90-helikopter og frå drift av NH90-helikopter i andre land. Erfaringane så langt viser at NH90-helikoptera er meir vedlikehaldskrevjande, med auka driftskostnader og med lågare tilgjenge enn tidlegare vurdert. Komiteen viser til at regjeringa likevel tilrår å vidareføre anskaffinga med nåverande leverandør med oppdatert leveranseplan.

Komiteen merkar seg at regjeringa i proposisjonen skriv at det i utlysninga til nye kystvaktfartøy er stilt strenge miljøkrav. Ifølgje regjeringa er det i Forsvarsmateriell si vurdering av tilboda lagt vekt på gode tekniske løysingar som i størst mogleg grad tek omsyn til miljøet innanfor dei sjømilitære rammene skipa skal operere i.

Komiteen viser til at innkjøpet av dei nye kystvaktfartøya i prosjekt 6615 Nye kystvaktfartøy er definert inn under artikkel 123 bokstav b EØS-avtalen – produksjon som er uunnverleg for forsvarsføremål, for å unngå at tap av kompetanse og kapasitet truar Forsvaret sitt behov for beredskap og forsyningssikkerheit. For å oppretthalde nasjonal beredskap og forsyningstryggleik er det gjennomført ein nasjonal anbodskonkurranse om byggjekontrakten.

Komiteen merkar seg at den økonomiske ramma for oppgradering (Final Lifetime Extension Programme (FLEP)) av dei avanserte overvakingsflya AWACS E-3A er sett til 1 mrd. USD og omfattar investerings- og gjennomføringskostnadar. Komiteen noterer seg at Noreg sin del av utgiftene er omtrent 140 mill. kroner, noko som vil verte dekt innanfor investeringsramma på forsvarsbudsjettet (kap. 1760 post 45) på same måte som ved tidlegare moderniseringar av flya.

Komiteen noterer seg at regjeringa har vedteke å vidareføre oppfølgingsplanen for veteranar, «I tjeneste for Norge», i ytterlegare to år, og at det tverrsektorielle samarbeidet mellom dei sju departementa vil halde fram. Komiteen merkar seg òg at regjeringa varslar at ho vil vurdere å gje Fylkesmannen ei rolle i å rettleie kommunane som ein del av dette arbeidet.

Komiteen viser til at Riksrevisjonen våren 2017 la fram Dokument 3:3 (2016–2017), «Riksrevisjonens undersøkelse av forvaltningen av forsvarssektorens eiendommer, bygg og anlegg». I rapporten konkluderer Riksrevisjonen mellom anna med at husleigemodellen ikkje har fungert etter føresetnaden om at husleiga skal dekkje dei reelle kostnadane til forvalting, vedlikehald, drift og utvikling av eigedomsmassen. Komiteen noterer seg at regjeringa har sett ned eit utval som skal evaluere utvalde delar av husleigeordninga i forsvarssektoren. Komiteen merkar seg at Forsvarsdepartementet har fått arbeidsgruppa sine forslag til vurdering, og at regjeringa varslar at ho vil kome attende til Stortinget om denne saka.