Søk

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, leiaren Dag Terje Andersen, Eva Kristin Hansen og Magne Rommetveit, frå Høgre, Svein Harberg og Bente Stein Mathisen, frå Framstegspartiet, Hanne Dyveke Søttar, frå Senterpartiet, Nils T. Bjørke, frå Sosialistisk Venstreparti, Freddy André Øvstegård, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til grunnlovsframlegget om at det berre er norske statsborgarar som skal reknast med som grunnlag for utrekninga av mandat ved stortingsval.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Sosialistisk Venstreparti, gir ikkje si støtte til grunnlovsfamlegget. Forslagsstillarane viser til at det berre er norske borgarar som kan verte valde til stortingsrepresentantar, og berre norske borgarar som kan røysta ved stortingsval. Forslagsstillarane meiner at det på dette grunnlaget er prinsipielt gale at personar utan røysterett ved stortingsval påverkar mandatfordelinga mellom distrikta.

Fleirtalet meiner at vårt representative demokrati inneber at Stortinget skal representera alle faktiske innbyggjarar i landet, ikkje berre norske statsborgarar eller dei som har røysterett.

Fleirtalet vil difor avvisa grunnlovsframlegget slik det også vart gjort då spørsmålet vart handsama i 2016. Då saka den gong vart debattert, vart det nettopp understreka frå fleirtalet si side at vårt representative demokrati inneber at Stortinget skal representera alle innbyggjarar, ikkje berre norske statsborgarar, berre dei med røysterett eller berre dei som hadde røysta på valdagen.

Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, og uavhengig representant Ulf Leirstein, viser til at bare norske statsborgere kan velges til Stortinget etter Grunnloven og at bare norske statsborgere har stemmerett ved stortingsvalg. Disse medlemmer mener det er prinsipielt feil at personer uten stemmerett ved stortingsvalg skal påvirke mandatfordelingen mellom valgdistriktene bare fordi de er bosatt i Norge. Dette er en demokratisk uheldig inkonsekvens i Grunnloven som bør rettes opp. Utregningsgrunnlaget for mandatfordelingen til Stortinget bør derfor være de som har stemmerett ved stortingsvalg.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

«Dokument 12:38 (2015–2016) – Grunnlovsframlegg frå Per Olaf Lundteigen og Helge Thorheim om endring i § 57 femte ledd (utanlandske borgarar skal ikkje reknast med ved mandatfordelinga til Stortinget) – bifalles.»

Komiteens medlem fra Senterpartiet vil understreke at Senterpartiet prinsipielt støtter forslaget og mener at antall stortingsrepresentanter i hvert valgdistrikt skal beregnes på grunnlag av forholdet mellom antall norske borgere og areal på den ene siden, og hele rikets antall norske borgere og areal på den andre siden.

Dette medlem viser til at dette er et spørsmål som er til vurdering i Valglovutvalget og vil derfor, i respekt for arbeidet i Valglovutvalget, likevel ikke støtte forslaget.

Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti er sterkt kritisk til dette grunnlovsforslaget, fordi det fratar en vesentlig andel av menneskene som bor i Norge, representasjon på Stortinget. Dette medlem viser til arealtillegget i utregning av mandatfordeling og mener at dersom størrelsen på valgkretser skal kunne ha betydning for mandatfordelingen, så må også antallet innbyggere kunne ha betydning, selv om noen av innbyggerne ikke er statsborgere. Dette medlem mener at en stortingsrepresentant er representant for alle i sin valgkrets, også de som ikke har stemmerett ved stortingsvalg. Derfor vil dette medlem anbefale å ikke bifalle forslaget, og mener videre det er et uverdig forslag.