Søk

Vedlegg - Brev frå Klima- og miljødepartementet v/statsråd Sveinung Rotevatn til energi- og miljøkomiteen, datert 12. februar 2020

Vedlegg
Svar på representantforslag 37 S (2019-2020) om å forvalte bjørnebestanden ut frå riktig tal på bjørn

Eg viser til brev av 30. januar 2020 frå Energi- og miljøkomiteen om representantforslag 37 S (2019-2020) om å forvalte bjørnebestanden ut frå riktig tal på bjørn.

Forslaga som er fremja i representantforslaget lyd:

  • "1. Stortinget ber regjeringen utarbeide en ny tellemetode for bjørneynglinger som viser det reelle nivået på bestanden.

  • 2. Stortinget ber regjeringen gjennomføre en kartlegging av det reelle nivået på bjørnebestanden gjennom en telling."

Som øvste ansvarlege for rovviltforvaltninga, har eg eit klart ansvar for å sørge for at dei overordna rammene for forvaltninga er best mogeleg. Det omfattar at overvakinga er god nok, og at vi får oppdaterte og kvalitetssikra tal på om bestandsmåla blir nådd. Gode oversikter over bestandane er eit viktig premiss for å kunne føre ei dynamisk og føreseieleg rovviltforvaltning. Eg ser det samstundes som viktig å ikkje blande politikk inn i val av metodikk i bestandsregistreringane av rovvilt. Skiljet vi har i dag er viktig for å ha eit objektivt grunnlag for vurderingane som blir gjort.

Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt skal sikre at kartlegginga og overvakinga av rovvilt blir utført på ein best mogeleg måte og likt over heile landet. Miljødirektoratet er ansvarleg for programmet. Rovdata har ansvar for drift av det nasjonale overvakingsprogrammet, samt samanstilling, kvalitetssikring og rapportering av resultata. Eg er trygg på at vi har eit av verdas beste overvakingsprogram for rovvilt, og at vi har gode metodar for overvaking av bjørn. Det er likevel slik at det alltid vil kunne gjerast forbetringar av metodikken.

Fagrådet for Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt består av ekspertar på feltet. I deira mandat heiter mellom anna at dei skal "gi råd til Miljødirektoratet om hvordan Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt kan innrettes på en best mulig måte, slik at resultater som fremkommer er faglig holdbare og i henhold til anerkjent metodikk for bestandsovervåking av rovvilt". Fagrådet skal altså bidra til kvalitetssikring av overvakinga, og vurderer og kjem med anbefalingar om mellom anna innretning på og nyutvikling av metodane som nyttast slik at overvakinga vert optimalisert. Alle som vil kan ta kontakt med Fagrådet.

Trass i at eg meiner det ikkje skal leggast politiske føringar på val av overvakingsmetodikk, vil eg kort kommentere dei to forslaga som er fremja i representantforslaget.

Det fyrste forslaget omhandlar å utarbeide ei ny metode for teljing av ungekull av bjørn. Slik eg forstår bakgrunnen for forslaget, meiner dei som fremjar representantforslaget at dokumentasjon av ungekull kan vere eit alternativ eller supplement til dagens metode med estimering av talet på ungekull av bjørn. Frå rovviltforliket i 2004 vart nettopp dokumenterte ungekull lagt til grunn i vurderinga av måloppnåinga for bjørn. Det er utfordringar knytt til bruk av denne metoden. For det fyrste ligg bjørnar i hi i den perioden av året der sporsnø kan nyttast i overvakinga. Vidare er bjørnar sky dyr, som ikkje vert observert ofte. Dersom binner med ungar likevel vert sett, er det vanskeleg å sjå forskjell på årsungar og fjorårsungar. Erfaring viser at ukritisk bruk av informasjon frå publikum om observasjonar av binner med årsungar kan føre til ei overestimering av talet på ungekull. Vidare er det slik at bjørneungar er utsett for infanticid (ungedrap), der hannbjørnar drep ungar dei ikkje er i slekt med. Dette kan føre til ei undersestimering av talet på ungekull, og vil være ei feilkjelde når ein utover i sesongen skal dokumentere ungekull.

I 2006 vart det sett i gang innsamling og analysering av DNA-materiale frå bjørn i delar av landet, og frå 2009 er dette gjort landsdekkande og gjennomført årleg. Overvakinga gjev oss årleg tal over kor mange bjørnar som minimum har vore innom Noreg i løpet av ein sesong. Sidan overvakinga gjev talet på bjørn, og bestandsmålet er gjeve i tal på ungekull, fekk Det skandinaviske bjørneprosjektet i oppdrag å utvikle ein ny vitskapleg modell for å berekne sannsynleg tal på ungekull ut frå det registrerte talet på binner. Modellen kom i 2010 (Bischof, R. og Swenson, J.E., 2010, Estimating the number of annual reproductions based on the number of female brown bears documented in Norway in 2008 and 2009), og er spesielt utvikla for å estimere tal på ungekull av bjørn i Noreg. Modellen gjer overvakinga uavhengig av informasjon om dokumenterte ungekull. Modellen og resultata frå og med 2008 vart lagt til grunn for Stortinget sitt arbeid med rovviltforliket i 2011. Modellen avløyste den tidlegare metoden med bruk av dokumenterte ungekull, og departementet legg resultata frå denne modellen til grunn for vurdering av om bestandsmålet for bjørn er nådd.

Det andre forslaget omhandlar å gjennomføre ei kartlegging av det reelle nivået på bjørnebestanden gjennom ei teljing. Som det går fram av bakgrunnen til representantforslaget, er dei som fremja forslaget godt kjent med at bjørnebestanden i Noreg i dag vert overvaka gjennom årlege, landsomfattande DNA-innsamlingar. Som nemnt over er dette gjort i Noreg sidan 2009. Feltpersonell i Statens naturoppsyn (SNO) samlar inn DNA-materiale frå bjørn, mellom anna ved sporing på snø, nyleg brukte hi, og ved undersøking av skader på husdyr og tamrein. I tillegg er det godt lagt til rette for at turgåarar, jegerar, næringsutøvarar og andre kan samle inn prøver som også vert ein del av grunnlaget for analysane og resultata. Frå lokalt hald har det i det seinare vore etterspurt informasjon om og resultat frå DNA-analyser gjennom beitesesongen. Frå og med i fjor har Rovdata endra rapporteringa av slike resultat, slik at dette også føreligg gjennom beitesesongen og ikkje berre i den endelege rapporten som kjem i april året etter at prøvene er samla inn.

I bakgrunnen for forslaget går det fram at ei teljing for eksempel vil kunne gjennomførast på snø om våren etter at bjørnane har vakna frå dvale. Her vil eg nok ei gong peike på at eventuelle endringar i overvakingsmetodikk ikkje bør vere basert på politisk fatta vedtak, men at innspel til endringar kan kommuniserast til Fagrådet for Nasjonalt overvåkingsprogram for rovvilt.