Forslag
til lovheimel for ny forskrift om meinerstatning ved pasientskadar
mv.
Det følgjer av pasientskadeloven
§ 4 at erstatning for pasientskadar skal utmålast etter reglane
i skadeserstatningsloven og alminnelege erstatningsrettslege reglar.
Etter skadeserstatningsloven § 3-2 skal meinerstatning fastsetjast
under omsyn til den medisinske arten og storleiken på meinet og
kva dette har å seie for den personlege livsutfaldinga.
Det går fram av forarbeida
til skadeserstatningsloven § 3-2 (Innst. O. nr. 32 (1972–73) og
Ot.prp. nr. 4 (1972–73) side 21) at meinerstatning skal vere ei
særskilt yting for skadelidne som har fått betydelege varige mein,
og ytast utan omsyn til om skadelidne også vil ha krav på erstatning
for økonomisk tap. Formålet er å gi skadelidne «en kompensasjon
i penger for den ulempe det varige men vil innebære for hans livsutfoldelse
og livsnytelse». Utmålinga skulle knytast til tabellverket som var
utarbeidd for yrkesskadeerstatning etter folketrygdloven, men slik
at ein la til ein tredjedel. Korleis erstatninga nærare skulle reknast
ut, blei bevisst overlate til rettspraksis.
Ordlyden i skadeserstatningsloven
§ 3-2 kan tyde på at erstatninga skal fastsetjast skjønnsmessig
og individuelt. Ut frå rettspraksis er utmålinga i dag i vesentleg grad
standardisert og objektivisert, basert på skadelidne sin grad av
medisinsk invaliditet og gjenståande statistiske levetid. På same
måte som systemet for yrkesskadar har utgangspunktet vore at «betydelig»
skade ligg føre ved eit medisinsk mein på minst 15 pst. og at skaden
er «varig» når meinet varer i minst ti år. Etter gjeldande rett
er det likevel eit visst rom for individuell og skjønnsmessig tilpassing
av erstatninga.
Tabellane i forskrift
21. april 1997 nr. 373 om menerstatning ved yrkesskade som er fastsatt
med heimel i folketrygdloven § 13-7 (invaliditetstabellen), gir
føringar for korleis ein reknar ut meinerstatninga ved pasientskadar.
Standardiseringa består i at alle som har ein bestemt skade eller
sjukdom, får fastsett den som same prosentvise medisinske invaliditet.
Til dømes vil totalt tap av tunge alltid utgjere 45 pst. medisinsk
invaliditet. For skadefølger som ikkje er tatt med i tabellen, blir
invaliditetsgraden fastsett på grunnlag av ei skjønnsmessig samanlikning
med skadefølgene i tabellen.
Ved yrkesskadar blir
årleg meinerstatning fastsett som ein fast prosentdel av grunnbeløpet
i folketrygda (G), som per 1. mai 2019 utgjer 99 858 kroner. Ein
invaliditetsgrad på 45–54 pst. utgjer til dømes 0,25 G. Etter praksis
tar ein ved fastsettinga av nivået på meinerstatninga ved pasientskadar
utgangspunkt i kva utrekning av meinerstatning ved yrkesskadar vil
gi, tillagt ein tredjedel.
Invaliditetstabellen
er i hovudsak utforma med tanke på tilstandar som kan oppstå ved
yrkesskadar. Han er derfor ofte mangelfull og ikkje heilt treffande
ved utmåling av meinerstatning i pasientskadesaker. Invaliditetsgraden
må då fastsetjast på grunnlag av ei skjønnsmessig samanlikning med
skadefølgene i tabellen. Dette gjeld til dømes skadar i fordøyingssystemet,
skadar på kvinnelege kjønnsorgan og smertetilstandar.
Norsk pasientskadeerstatning
(NPE) har for enkelte typar skadar laga ein rettleiande tabell for
utmåling av meinerstatning. Dette er skadar som ikkje er beskrivne, eller
som er mangelfullt beskrivne i invaliditetstabellen. Tabellane er
tatt i bruk av NPEs sakkyndige og lagt ut på heimesida deira.
Det blei foreslått
at departementet skulle få lovheimel til å gi ei eiga forskrift
med nærare reglar om utmåling av meinerstatning ved pasientskadar.
Dagens regelverk er i hovudsak utforma med tanke på tilstandar som kan
oppstå ved yrkesskadar. Det er derfor ofte mangelfullt og ikkje
heilt treffande ved utmåling av meinerstatning i pasientskadesaker.
Heimelen omfattar også forskrifter som fråvik reglane i skadeserstatningsloven.
Høyringa inneheldt
eit utkast til ei ny forskrift om meinerstatning og invaliditetstabell
for pasientskadeområdet.
I dag byggjer utmålinga
av meinerstatning ved pasientskadar delvis på del I i yrkesskadeforskriften,
og delvis på reglar utvikla gjennom praksis for personskadeoppgjer.
Det at ein i forarbeid, juridisk teori og rettspraksis har lagt
til grunn at ein står noko friare ved utrekninga av meinerstatning,
og samtidig argumenterer for at det er naturleg å «se hen til» eller
ta utgangspunkt i yrkesskadeforskriften, har bidratt til usikkerheit
om kva som er gjeldande rett. Invaliditetstabellen i yrkesskadeforskriften
er vidare i liten grad blitt oppdatert i takt med den medisinske
utviklinga. Han er dessutan mangelfull når det gjeld skadar som
oppstår ved pasientbehandling.
Departementet meiner
at det, ikkje minst av omsyn til dei skadelidne, er viktig at det
er lett å få oversikt over korleis meinerstatning skal utmålast
i pasientskadesaker. Dette taler for å også nedfelle praksis i ei
forskrift. Departementet viser vidare til at ingen av høyringsinstansane
som har uttalt seg, er usamde i at det er eit behov for å revidere
den medisinske invaliditetstabellen.
Helse- og omsorgsdepartementet
og Norsk pasientskadeerstatning er samde i at meinerstatning ved
personskadeoppgjer bør utmålast likt uavhengig av ansvarsgrunnlag,
og at den beste løysinga derfor ville vere ei felles forskrift og
ein revisjon av invaliditetstabellen som i dag blir brukt for heile
personskadeområdet. Departementet vurderer det likevel ikkje som
realistisk å få dette til innan rimeleg tid og held derfor fast
ved at det i pasientskadeloven bør gjevast lovheimel for ei eiga
forskrift om meinerstatning for pasientskadar. Departementet understrekar
at det ikkje er til hinder for at reglane seinare igjen kan samlast
i ei felles forskrift og/eller ein felles invaliditetstabell.
Det overordna målet
med forskrifta er å oppnå likebehandling, at utmålinga av meinerstatning
skal vere føreseieleg for pasientane og gi riktig erstatning basert på
oppdatert medisinsk kunnskap. Fleire av høyringsinstansane legg
til grunn at den nye forskrifta vil innskrenke rettane til meinerstatning
ved pasientskade både i høve til ordninga i dag og i høve til dei
andre ansvarsgrunnlaga. Departementet er ikkje samd i denne framstillinga,
men vil sjølvsagt i det vidare arbeidet med forskrifta gå nøye gjennom
innvendingane frå høyringsinstansane.
Departementet ønskjer
ikkje at utmålinga av meinerstatning skal lausrivast frå den alminnelege
erstatningsretten og skadeserstatningsloven, men ser behov for å
kunne utdjupe korleis utmålinga skal skje på pasientskadeområdet
og å kunne foreslå tilpassingar til pasientskadeområdet. Departementet
foreslår derfor at forskriftsheimelen også skal omfatte reglar som
på enkelte punkt fråvik skadeserstatningsloven.
Det går fram av høyringsnotatet
at departementet ønskjer å nedfelle i forskrifta at den medisinske
invaliditeten som følgjer av ein pasientskade, skal fastsetjast uavhengig
av andre skadar eller sjukdommar (separasjonsprinsippet). Det vil
innebere eit avvik frå det som har vore praksis etter at Høgsterett
i 2015 (Rt. 2015 s. 820) slo fast at meinerstatning i fleirskadetilfella
som hovudregel skal utgjere differansen mellom erstatning for den
samla invaliditeten etter pasientskaden og erstatning for den invaliditeten
pasienten hadde frå før (differanseprinsippet). Det går fram av
høyringsnotatet at bakgrunnen for forslaget er at omlegginga av
praksis har gitt lengre sakshandsamingstid utan at det nødvendigvis
har gitt pasientane høgare erstatningar. Departementet viser til
at det også er foreslått ein sikkerheitsventil slik at meinerstatninga
i særlege tilfelle kan oppjusterast etter at medisinsk invaliditet
er fastsett. Ut over dette inneber forskriftsutkastet i hovudsak
ei vidareføring og presisering av gjeldande rett og praksis.
Brukarorganisasjonane
er bekymra for at forslaget i forskriftsutkastet om at meinerstatning
i fleirskadesaker som hovudregel skal utmålast etter separasjonsprinsippet,
vil føre til at skadelidne vil starte særskilte prosessar om meinerstatning
mot helsepersonell.
Departementet viser
til at det går fram av pasientskadeloven § 4 at lova ikkje er til
hinder for at erstatningskrav kan gjerast gjeldande overfor andre
enn Norsk pasientskadeerstatning, mellom anna helsepersonell. Krav
som kan fremjast etter pasientskadeloven, kan likevel ikkje fremjast
mot staten, regionale helseføretak, helseføretak, fylkeskommunar
eller kommunar.
NPE har opplyst at
det i tida etter høgsterettsdommen har vært lite fokus på inngangsinvaliditet
og bruk av differanseprinsippet frå advokatar som representerer skadelidde,
og at noko av årsaka truleg er at separasjonsprinsippet oftast gir
høgast erstatning. Departementet viser også til at utmåling etter
separasjonsprinsippet etter forskriftsutkastet skal vere hovudregelen,
men at det er foreslått ein tryggingsventil som gir mogelegheit
for å bruke skjønn i utmålinga. Departementet deler derfor ikkje
bekymringa frå brukarorganisasjonane om særskilte prosessar om meinerstatning
mot helsepersonell.
Fleire av høyringsinstansane
er kritiske til prosessen i samband med utarbeiding av høyringsnotatet.
Departementet viser til at Norsk pasientskadeerstatning har opplyst
at fleire av instansane har vore med i referansegruppa for arbeidet
og at utkast til forskriftstekst og tabellar blei lagt fram for
referansegruppa undervegs i prosessen. Formålet med alminneleg høyring
er dessutan nettopp at alle som endringane vil få konsekvensar for,
skal ha mogelegheit til å komme med innspel.