Søk

Innhald

1. Samandrag

1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

I proposisjonen legg Kulturdepartementet fram forslag til lov om språk. Framlegget skal erstatte den gjeldande mållova (lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste) og inneheld også framlegg til nye føresegner om språk i Noreg.

Med proposisjonen vil regjeringa leggje grunnlaget for ein offensiv språkpolitikk som omfattar dei språka den norske staten har ansvar for. Eit hovudmål med språkpolitikken er å sikre norsk som hovudspråket i Noreg, som samfunnsberande språk for heile landet, og som forvaltningsspråk i alle sektorar. Regjeringa skal bidra til å verne og fremje samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

Analysen som ligg til grunn for proposisjonen, er at engelsk utgjer eit press mot det norske språket på fleire sentrale samfunnsområde. Derfor er det nødvendig med ei lovfesting av norsk språk og å klargjere statusen for dei andre språka den norske staten har ansvar for.

Proposisjonen er bygd opp i to hovuddelar, ein meldingsdel (punkt 2–10) og ein lovdel (punkt 11–19).

1.2 Språket – kulturberar, identitet og infrastruktur

Norsk er fellesspråket i Noreg. Det er dette språket som i hovudsak blir nytta i forvaltninga, i offentleg tenesteyting, i utdanningssystemet, i arbeidslivet og i det sivile samfunnet. Alle som bur i Noreg, vil på eitt eller anna tidspunkt ha behov for å bruke norsk. Med framlegget til språklov vil regjeringa formalisere og lovfeste statusen til norsk som eit fellesspråk som skal kunne brukast på alle samfunnsområde og i alle samanhengar. Norsk språk har til no ikkje hatt ein slik formell status. Lovfestinga er viktig for å sikre norsk språk ein sterk posisjon i framtida. Samstundes slår ho fast og vørder den kulturelle rikdommen norsk språk utgjer for Noreg og for verdssamfunnet.

Gjennom å meistre fellesspråket får innbyggjarane tilgang til store og små fellesskap, demokratiske prosessar, barnehage, skule, utdanning og arbeidsliv, helse- og omsorgstenester osv. Å sikre kvar enkelt tilgang til eit fellesspråk handlar såleis om myndiggjering, deltaking og demokrati. Det handlar òg om den retten individet har til å kunne ta informerte val og forvalte rettar og plikter for seg og sine.

Det er naudsynt at det norske fellesskapsspråket blir halde i hevd, slik at språket kan vere i bruk på alle samfunnsområde.

Fleirspråklegheit er eit gode både for den enkelte og for samfunnet. Det er eit breitt kulturelt og språkleg mangfald i Noreg i dag. Det vitnar om eit ope samfunn og eit sterkt demokrati, som ikkje berre tolererer, men òg stimulerer til mangfald. Det levande språklege mangfaldet i Noreg heng saman med høg grad av ytringsfridom og toleranse i samfunnet. Språkleg fridom inneber at enkeltmenneske får høve til å uttrykkje seg på førstespråket sitt og på fellesspråket norsk.

Norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk er språk med lang tilknyting til Noreg. Å ta vare på desse språka er ein del av Noregs bidrag til å verne om det kulturelle mangfaldet i verdssamfunnet.

Språkpolitiske mål

Regjeringa legg desse måla til grunn for språkpolitikken i åra som kjem:

Norsk skal sikrast som hovudspråk og samfunnsberande språk i Noreg. I dette ligg det at norsk er eit rikt og levande språk som kan nyttast på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg. Det offentlege skal ta eit særleg ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk.

Bokmål og nynorsk er jamstilte skriftspråk. Språkpolitikken skal fremje reell jamstilling mellom dei to skriftspråka. Det offentlege har eit særleg ansvar for å fremje nynorsk som det minst bruka språket. Dette inneber at situasjonen for nynorsk som mindretalsspråk blir vurdert særskilt, til dømes i politikkutvikling eller regelverksarbeid som gjeld norsk språk.

Noreg er eit samfunn som set fleirspråklegheit og dialektmangfald høgt. Det offentlege skal verne og fremje samiske språk, kvensk, romani, romanes og norsk teiknspråk.

Språkpolitikken er eit sektorovergripande politikkområde og handlar om språk og språkbruk innanfor alle sektorar. Alle departement skal ta språkpolitiske omsyn når dei utformar og gjennomfører eigen sektorpolitikk.

Retten til språk, også minoritetsspråk, er eit grunnvilkår i demokratiet. Innbyggjarane i Noreg skal ha tilgang til språk. Norsk språk er ein av stolpane i infrastrukturen som skal sikre innbyggjarane ytringsfridom.

Det norske språket skal vere eit godt bruks- og kulturspråk som utviklar seg i takt med samfunnet og kunnskapsutviklinga elles. Språkpolitikken skal bidra til at språkbrukarane kan meistre og vere stolte av språket sitt.

Bakgrunn

Ei overordna språklov vart først varsla i St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining. Ein samla familie-, kultur- og administrasjonskomité slutta seg til at det er behov for ei klar lovforankring av språk i Noreg, jf. Innst. S. nr. 184 (2008–2009). Språklov og språkmelding vart også varsla i Meld. St. 8 (2018–2019) Kulturens kraft. Kulturpolitikk for framtida (kulturmeldinga).

Det statlege ansvaret for kulturpolitikken er forankra i infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 sjette ledd.

Innspel og underlag

I 2017 sette Språkrådet ned eit utval som fekk i oppdrag å peike ut område der det trengst ein særskild innsats for å sikre at norsk språk er i bruk på alle samfunnsområde i framtida. Departementet har bruka utvalet sin rapport Språk i Norge – kultur og infrastruktur, i arbeidet med meldinga.

Språkrådets femte språkpolitiske statusrapport Språkstatus 2017 inneheld ein gjennomgang av status for dei språkpolitiske måla.

Departementet har motteke over 50 skriftlege innspel til meldingsarbeidet. Saman med høyringssvara til framlegg til ny språklov utgjer innspela eit viktig kunnskapsgrunnlag for meldinga. Innspela og høyringssvara vitnar om eit stort engasjement for språk og språkpolitikk. Så godt som alle innspela og høyringssvara er positive til språklova og ser behovet for å styrkje språkpolitikken med nye tiltak.

Konsultasjon med Sametinget

Departementet har konsultert Sametinget om tiltak i proposisjonen som kan påverke samane direkte. Sametinget har i tillegg fått høve til å gje innspel til arbeidet med proposisjonen. I konsultasjonane er det konstatert semje om omtalen av gjeldande politikk, gjeldande rett for samiske språk og framlegget til føresegner i språklova som gjeld samiske språk.

Tematiske avgrensingar

Departementet gjer nærare greie for kvifor meldingsdelen ikkje behandlar spørsmål om samiske språk og nasjonale minoritetsspråk i like stor grad som norsk språk. Samisk har ein sjølvsagt plass i ein heilskapleg språkpolitikk, og i lovdelen blir det greidd ut om samiske tilhøve i samband med framlegg til føresegner som omfattar samiske språk og tilhøve. I framlegget til språklov får nasjonale minoritetsspråk lovfesta status.

Proposisjonen er avgrensa til dei språka som staten Noreg har eit ansvar for, og omhandlar difor ikkje nyare minoritetsspråk i Noreg.

1.3 Språksituasjonen

Punkt 3 i meldingsdelen i proposisjonen gjev innsikt i korleis språksituasjonen i Noreg kan skildrast ut frå omgrep som domenetap og språkskifte m.m. Det å ta omsyn til mindretalet blir peika på som ein del av dei verkemidla det liberale demokratiet har for å sikre mindre bruka språk.

Noreg har frå gamalt av vore fleirspråkleg. Noreg har ratifisert Europeisk pakt om regions- eller minoritetsspråk, som forpliktar den norske staten til å verne og fremje seks språk: nordsamisk, lulesamisk, sørsamisk, kvensk, romani og romanes.

Norsk teiknspråk er ikkje omfatta av dei internasjonale konvensjonane som Noreg har slutta seg til, men brukarane av norsk teiknspråk har rettar som er sikra av staten.

I tillegg til desse språka, som Noreg har eit særskilt ansvar for å ta vare på, finst det ei lang rekkje nye innvandrarspråk i Noreg.

For norsk språk generelt er det fagleg grunnlag for å seie at den reelle trusselen er domenetap, ikkje språkdød. Omgrepet domenetap blir nytta om situasjonar der eit språk blir fortrengt av eit anna (større) språk innanfor ulike domene. Det kan vere domene i tydinga samfunnsområde, til dømes offentlege domene som politikk, religion, arbeidsliv, medium og utdanning. Når engelsk vinn stadig sterkare innpass medan norsk blir trengd tilbake, står vi overfor faren for slike domenetap.

I den grad domenetap «smittar» frå eitt samfunnsdomene til eit anna, kan eit fullverdig norsk språk vere truga. I desse tilfella snakkar ein om språkskifte. Språkskifte refererer til den prosessen der eit språk tek over for eit anna språk som førstespråk. Språkskifte er ei utfordring i fleirspråklege samfunn. Språkskifte inneber at minoritetsspråklege, som samtidig er tospråklege, går over til majoritetsspråket.

Ser vi spesielt på utsiktene for norsk skriftkultur, er det eit problem at nynorsk har ein så mykje veikare posisjon enn bokmål. Nynorsk er det minst bruka språket sett i høve til bokmål, og nynorsk og nynorskbrukarar er utsette for mange av dei same mekanismane som tradisjonelle minoritetsspråk og minoritetsspråkbrukarar når det gjeld diskriminering.

Sjølv om det har vore eit sentralt språkpolitisk mål å hindre målbyte frå nynorsk til bokmål, har ein ikkje lukkast med å bremse denne utviklinga.

Språkleg mangfald er viktig for demokratiet. Det representerer kulturell rikdom og kan motverke politisk einsretting. Skal vi halde på det språklege mangfaldet, må språkbrukarane vere medvitne om verdien i språket sitt. Språkleg medvit trengst for at eit språk skal stå imot ytre press. Derfor er det ei viktig språkpolitisk oppgåve å bidra til å styrkje den språklege identiteten og sjølvkjensla til språkbrukarane. Særleg dei minst bruka språka er under press. Staten har eit særleg ansvar for dei minst bruka språka.

Å utvikle politikk i eit demokrati vil også handle om å ta mindretalsomsyn gjennom til dømes kvotereguleringar og særordningar. Språka må sikrast, slik at dei kan brukast på så mange samfunnsområde som mogleg. Ei slik særbehandling eller positiv diskriminering av mindre bruka språk kan bidra til at språka overlever på lang sikt.

Norsk skal vere det samfunnsberande språket i Noreg, og mellom anna derfor er den norske språkpolitikken tufta på prinsippet om at alle som oppheld seg i Noreg over tid, skal kunne lære seg og ta i bruk norsk språk.

1.4 Sektorspesifikt ansvar for språk

Ein av grunnane til at norsk står så sterkt i det norske samfunnet, er at språket blir bruka i barnehage, skule, offentleg sektor, rettsvesen, næringsliv, akademia, frivillig sektor og trussamfunn, i tillegg til i heimen. Punkt 4 gjer greie for korleis regjeringa vil styrkje den sektorovergripande språkpolitikken. I framlegget til språklov blir offentlege organ pålagde ansvar for norsk språk, samiske språk, dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk. Ei slik lovfesting av språkpolitikken som sektorovergripande må følgjast opp med verkemiddel for å sikre at lova blir etterlevd. Punktet gjer greie for korleis det språkpolitiske ansvaret skal følgjast opp.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kulturdepartementet legg fram ei språklov som slår fast det ansvaret offentlege organ har for å bruke, utvikle og styrkje norsk, å bruke, utvikle og styrkje samiske språk etter reglane i samelova kapittel 3 og å verne og fremje nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk.

  • Kulturdepartementet vil lage ein rettleiar for språkleg sektoransvar. Føremålet er å bidra til heilskapleg implementering av språkpolitikken.

  • Rettleiaren skal vere til hjelp for departement og relevante statlege verksemder med å lage språkplanar og -rutinar for etterleving av språklova. I planane skal dei overordna språkpolitiske prinsippa konkretiserast i sektorpolitikken.

  • Språkrådet vil vere eit sentralt verkemiddel for oppfølging av språklova. I framlegg til språklov er Språkrådets oppgåver og ansvar knytt til rådgjeving, rettleiing og tilsyn lovfesta.

  • Kulturdepartementet vil med jamne mellomrom og på eigna måte rapportere til Stortinget etter sentrale indikatorar som viser status for språksituasjonen i Noreg og resultata av den sektorovergripande språkpolitikken.

1.5 Språkdimensjonen i kulturpolitikken og mediepolitikken

Språk er vår fremste kulturberar og eit kulturobjekt i seg sjølv. Kunst og kultur er ytringar med samfunnsbyggjande kraft. I mange kunst- og kulturuttrykk står språket sentralt i ytringa.

Punkt 5 dreier seg om språkdimensjonen i kultur- og mediepolitikken og gjer det klart at politikken på desse områda må utviklast vidare med ein revitalisert språkdimensjon. Nokre kulturpolitiske tiltak er eksplisitt språkpolitiske, som tilskot til språkorganisasjonar og ordbokarbeid. Mange andre kulturpolitiske tiltak har også ein vesentleg språkpolitisk dimensjon, til dømes litteratur, arkiv, scenekunst, bibliotek og presse- og mediestøtte.

Kulturdepartementet vil føre ein aktiv kulturpolitikk som samtidig vernar og fremjar norsk, samiske språk, norsk teiknspråk og dei nasjonale minoritetsspråka. Det inneber å styrkje norsk i ein språkleg kvardag som er meir og meir dominert av engelsk. Det inneber vidare å sikre dei mindre bruka språka som Noreg har ansvar for, slik at kulturstøtteordningar ikkje automatisk endar med å støtte det mest bruka språket. Endeleg inneber det å identifisere og vurdere tiltak for å fjerne eventuelle utilsikta hinder for bruk av norsk som finst i kultursektoren.

Departementet meiner det er viktig å sjå på ordningar og tiltak utan eit eksplisitt språkleg føremål for å finne ut om dei har utilsikta språklege verknader. Når ein språkpolitisk dimensjon blir tilført kulturpolitikken meir eksplisitt, er det for å sikre at ordningane bidreg til å jamne ut konkurransetilhøva mellom engelsk og norsk på alle plattformer, og at tiltaka i tillegg verkar utjamnande for tilhøvet mellom nynorsk og bokmål, og mellom norsk og samisk.

Kulturdepartementet ventar at kultursektoren og mediesektoren bidreg til å formidle kultur- og språkuttrykk som spring ut av mangfaldet vi har i Noreg, inkludert norsk teiknspråk.

I ei tid med raske og omfattande endringar i konkurransen på mediemarknaden og i publikums medievanar er det viktig å syte for at befolkninga møter norsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk når dei brukar media.

Det betyr at omsynet til språk må vurderast særskilt i arbeidet med tiltak og ordningar på feltet.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Når Kulturdepartementet går gjennom lovgjeving, støtteordningar og andre verkemiddel, skal ein samtidig sjå om det finst hinder for bruk, utvikling og produksjon av kulturuttrykk på norsk – både bokmål og nynorsk – og på samiske språk.

  • Kulturpolitikken skal bidra til å verne og fremje dei nasjonale minoritetsspråka og norsk teiknspråk.

  • Regjeringa vil sikre at verkemiddelapparatet bidreg til utvikling og produksjon av norsk- og samiskspråkleg innhald på dei kunstarenaene som er utfordra av ein global marknad.

  • Kulturdepartementet vil i dei samanhengane der det er naturleg, vere tydelege på det språkpolitiske ansvaret sektoren har.

  • Kulturdepartementet vil ha fokus på kva kulturpolitikken har å seie for den språklege utviklinga.

  • Kulturdepartementet vil kome tilbake til aktuelle språkspørsmål som gjeld musea i den varsla stortingsmeldinga om museumspolitikk.

  • Kulturdepartementet vil setje i gang eit arbeid som skal sjå på korleis dei kulturpolitiske, kunnskapspolitiske og næringspolitiske måla på litteraturfeltet kan oppfyllast endå betre i framtida. Arbeidet skal utformast i samarbeid med involverte departement.

  • Regjeringa har varsla at ho vil kome med eit høyringsforslag om at norske og utanlandske tilbydarar av audiovisuelle bestillingstenester (strøymetenester) skal forplikte seg til å investere ein viss del av omsetninga si i norskspråklege audiovisuelle produksjonar. Tiltaket vil kunne føre til at fleire kjelder bidreg til finansieringa av norskspråklege filmar og seriar.

  • Kulturdepartementet vil fortsette å støtte opp om det viktige arbeidet som organisasjonar og institusjonar på språkfeltet gjer for å skape positivt engasjement for språk.

1.6 Språk og teknologi

Punkt 6-9 i proposisjonen omtalar fire strategisk viktige domene for å sikre norsk språk som samfunnsberande: Teknologien, grunnopplæringa, forsking og høgare utdanning og språkvitenskapen.

Ein føresetnad for at norsk skal kunne vere eit samfunnsberande språk i åra som kjem, er at språket blir bruka i digitale produkt og tenester. Regjeringa vil derfor satse på infrastruktur som sikrar at språkteknologiske produkt fungerer på norsk. Vidare må ein sikre at det finst språklege grunnlagsressursar (data) som slike produkt byggjer på.

Målet til regjeringa er å leggje til rette for at alle – også samiske språkbrukarar – skal kunne ta del i det digitaliserte Noreg. Som for andre språk representerer digitalisering både moglegheiter og utfordringar for dei samiske språka. Samisk språkteknologi blir også omtala i komande melding til Stortinget om samisk språk, kultur og samfunnsliv, som skal handle om digitalisering. Kommunal- og moderniseringsdepartementet leiar arbeidet med meldinga.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Regjeringa ønskjer å leggje grunnlaget for ein digital infrastruktur for norsk språk.

  • Arbeidet med å byggje opp grunnlagsressursar for utvikling av språkteknologi på bokmål, nynorsk, norske dialektar og samisk skal halde fram.

  • Arbeidet med å etablere gode og trygge rutinar for avlevering av språkdata skal halde fram.

  • Nasjonalbiblioteket og Språkrådet skal arbeide vidare med å gjere ressursane i Språkbanken kjende for utviklarar og bestillarar. Dette omfattar å gjere ressursane i Språkbanken synlege i offentlege portalar for opne data, som Data Norge og Felles datakatalog.

  • I samsvar med føringane i Meld. St. 27 (2015–2016) Digital agenda for Norge og i strategiane som regjeringa har lagt fram for digitalisering av offentleg sektor og for kunstig intelligens, forventar regjeringa at offentlege verksemder held fram arbeidet med god informasjonsforvaltning og deling av data.

  • Kommunal- og moderniseringsdepartementet har forsterka informasjonsforvaltningsmiljøet i Digitaliseringsdirektoratet med ressursar som skal mogleggjere eit nærare samarbeid med Nasjonalbiblioteket og Språkrådet om strategiar for å sikre at offentlege språkressursar kan nyttast til språkteknologiske føremål. Dette kan mellom anna omfatte rettleiing i kva som kan reknast som språkressursar, og arbeid for å sikre avlevering av slike språkressursar til Språkbanken.

  • Regjeringa vil arbeide for at fleire forskingsdata kan gjerast tilgjengelege for språkteknologiføremål.

  • Regjeringa vil utforme standardformuleringar til bruk i offentlege kontraktar for å gje offentleg sektor rett til språkressursane som kjem ut av omsetjingstenester og andre språktenester.

1.7 Språk i barnehage og grunnopplæring

Språket er den viktigaste nøkkelen inn i store og små fellesskap i det norske samfunnet. Barn i barnehagen og elevar i grunnopplæringa skal få oppleve, bruke og utforske språket og utvikle språkleg medvit.

Regjeringa har gjennom fleire prosjekt og satsingar lagt vekt på at alle barn og elevar skal få stimulering og støtte til språkutvikling og språkopplæring slik at dei får like moglegheiter til deltaking i leik og læring, eit godt utbytte av opplæring og utdanning og like høve til å bli aktive samfunnsborgarar og deltakarar i demokratiet. Norskopplæring for innvandrarar er avgjerande for integrering og deltaking i det norske samfunnet.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kunnskaps- og utdanningspolitikk er viktig språkpolitikk. Barnehagesektoren og opplæringssektoren er heilt avgjerande for at befolkninga får opplæring i norsk, samisk, kvensk eller norsk teiknspråk. Opplæringssektoren står i ei særstilling når det gjeld å sikre norsk og samisk som samfunnsberande språk. Derfor må det takast språkpolitiske omsyn når innhaldet i barnehage, skule og lærarutdanning skal utformast. Særleg viktige er dei språkpolitiske vurderingane, inkludert omsynet til ulike språklege mindretal, når det skal gjerast større systemendringar på feltet.

  • Det skal leggjast til rette for at nynorskelevar og bokmålselevar får eit likeverdig høve til å meistre sitt eige språk.

  • Regjeringa vil sørgje for at dei overordna språkpolitiske prinsippa blir følgde opp i utviklinga av innhaldet i barnehagen, skulen og lærarutdanninga, og vareta prinsippa i norsk språkpolitikk i språkopplæring og språkstimulering.

  • Regjeringa vil utarbeide forslag til revidert opplæringslov. Forslaget byggjer på NOU 2019:23 Ny opplæringslov. Omsynet til dei språklege rettane til elevane vil vere eitt av fleire viktige tema. Oppfølginga vil vere i tråd med dei overordna prinsippa for språkpolitikken slik dei kjem til uttrykk i den nye språklova.

  • Regjeringa vil leggje fram ei stortingsmelding om vidaregåande opplæring i 2021.

  • Regjeringa vil leggje fram forslag til ny integreringslov.

  • Regjeringa tek sikte på å innføre ei plikt for kommunen til å observere og vurdere alle barn før skulestart for å kunne identifisere dei som treng nærare kartlegging av norskkunnskapane sine.

  • Regjeringa vil arbeide for at elevar med innvandrarbakgrunn styrkjer norskferdigheitene sine, mellom anna gjennom meir bruk av tospråkleg fagopplæring med støtte frå løysinga med nettbasert opplæring.

  • Regjeringa vil leggje til rette for utvikling av kvalitetskriterium for val av læremiddel i norskfaget.

  • Regjeringa vil styrkje teiknspråk i barnehage og skule gjennom ei tidsavgrensa stimuleringsordning som skal leggje til rette for at barnehagar, grunnskular og vidaregåande skular kan gje opplæring i teiknspråk til ei større gruppe av barn og unge.

  • På bakgrunn av erfaringane frå forsøk vil regjeringa vurdere om teiknspråk skal innførast som valfag i ungdomsskulen.

  • Språkrådet har eit særleg ansvar for å bidra til sektorovergripande implementering av språkpolitikken. Regjeringa forventar at Språkrådet og dei sentrale organa på utdanningsområdet samarbeider vidare om oppfølging av språkpolitikken på opplæringsfeltet.

1.8 Språk i forsking og høgare utdanning

Språk og språkbruk i forsking og høgare utdanning har stor innverknad på språkutviklinga elles i samfunnet. Forskinga utviklar ny kunnskap om verda vi lever i, og dermed ofte nye omgrep. Mykje av det språket vitskapen brukar i denne kunnskapsutviklinga, blir ein del av språket på andre samfunnsområde, til dømes i politisk debatt, medium, næringsliv, kultur og kvardagsliv. Forsking og høgare utdanning er tradisjonelt forbundne med høg sosial prestisje, dette kan også bidra til å auke den innverknaden akademisk språkbruk har på andre samfunnsområde.

At den offentlege debatten går føre seg på norsk, legg til rette for at fleire får høve til å delta, påverke og utvikle kunnskapane sine.

Mindre bruk av norsk i akademisk arbeid ved norske universitet og høgskular skapar ei rekkje utfordringar, som det vert gjort nærare greie for i meldinga.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Regjeringa vil vurdere korleis ein best kan regulere ansvaret for norsk fagspråk som institusjonane har, i forslaget til ny universitets- og høgskulelov, som regjeringa tek sikte på å leggje fram for Stortinget våren 2021.

  • Regjeringa vil vurdere forslaga frå Lieutvalet om særfinansiering av utsette humaniorafag i lys av høyringsrunden og kome med framlegg om tiltak.

  • Regjeringa vil gå gjennom språkstrategiane ved universiteta og høgskulane og vurdere behov for tiltak for å sikre norsk fagspråk.

  • Regjeringa vil gå gjennom tilskotsordninga for læremiddel i høgare utdanning i samråd med Diku og vurdere om det er behov for endringar i lys av den aktuelle språksituasjonen.

  • Regjeringa vil be universiteta og høgskulane bidra til å sikre at masteroppgåver og andre omfattande, sjølvstendige arbeid på dette nivået som ikkje blir skrivne på norsk eller samisk, skal ha samandrag på norsk eller samisk.

  • Regjeringa vil forbetre statistikken for undervisningsspråk og pensumspråk gjennom sentral datafangst.

1.9 Språkvitskaplege disiplinar

Regjeringa vil bidra til å sikre norsk som eit velfungerande og brukande språk no og i åra som kjem. Befolkninga skal ha god tilgang til oppdatert og kvalitetssikra kunnskap og informasjon om rettskriving og språk, basert på solid dokumentasjon av den språklege tradisjonen og av korleis språket blir bruka i samtida.

Forsking og utdanning innanfor fagfelta leksikografi, namnegransking og terminologi handlar såleis ikkje berre om å sikre norsk språk som kulturobjekt, men om å leggje til rette for effektiv kommunikasjon innanfor alle samfunnsområde, til gode for alle innbyggjarane i Noreg. Faga har med andre ord direkte nytteverdi for det norske språksamfunnet. På same måte som andre infrastrukturtiltak vil språklege infrastrukturtiltak kunne bidra til meir samarbeid, vekst og effektivisering.

Dei leksikalske faga har fått fornya og forsterka samfunnsrelevans i kraft av å vere kjerneressursar for gjennomføringa av det digitale skiftet. Språkteknologi er eit fag i møtepunktet mellom lingvistikk og informatikk. Utvikling av språkteknologi på norsk med høg kvalitet er avhengig av at det finst datalingvistar med solid kompetanse i norsk språk.

Samfunnet har behov for ordbøker, terminologi og andre språkressursar i digital form og med kvalitetssikra innhald. For at desse ressursane skal kunne utviklast, må det finnast fagmiljø ved norske høgare utdannings- og forskingsinstitusjonar som kan syte for kompetanse, metodar og arbeidskraft på alle dei leksikalske fagfelta. Desse institusjonane må utvikle ei fornuftig arbeidsdeling og fruktbare samarbeidsformer. Til saman er dette ein sentral del av det samfunnsoppdraget norsk språkforsking har i det norske språksamfunnet.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Kunnskapsdepartementet og Kulturdepartementet vil i samarbeid med Universitetet i Bergen leggje til rette for utvikling og drift av Termportalen ved Universitetet i Bergen. Tiltaket skal bidra til å styrkje arbeidet med utvikling og formidling av norsk fagspråk i UH-sektoren og å gjere norskspråkleg terminologi tilgjengeleg for samfunnet elles.

  • Kulturdepartementet tek sikte på framleis støtte til ordbokarbeid med utgangspunkt i dei fire verka Bokmålsordboka og Nynorskordboka, Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok.

  • Kulturdepartementet vil framleis leggje til rette for oppdatering og utvikling av Bokmålsordboka og Nynorskordboka etter at revisjonsprosjektet er avslutta, slik at ordbøkene frametter kan oppdaterast jamleg, ikkje med store prosjekt for avgrensa periodar.

  • Kulturdepartementet vil støtte Det Norske Akademis ordbok (NAOB) vidare, slik at kontinuiteten i prosjektet blir sikra. Samtidig ønskjer departementet å sjå satsinga på dei statleg finansierte ordbøkene meir samla og langsiktig. Derfor ser departementet det som tenleg at NAOB knyter seg nærare til ordbokarbeidet som departementet finansierer ved Universitetet i Bergen. Målet er å hente ut gevinstar ved at dei ulike verka dreg vekslar på kvarandre, og å bidra til eit sterkare leksikografisk fagmiljø. Kulturdepartementet vil be Universitetet i Bergen og Det Norske Akademi for Språk og Litteratur samarbeide om ein plan for korleis prosjekta kan samordnast. Departementet krev ikkje ei umiddelbar omstilling, men ein plan som rettar seg tydeleg mot målet om å skape fagleg meirverdi og å sikre samfunnet god tilgang til språkleg dokumentasjon og ordbøker.

  • Ordbøker og ordbokverk som er bygde opp heilt eller delvis for offentlege midlar, bør gje opplysningar om kva som er offisiell rettskriving. Regjeringa ønskjer at Norsk Ordbok og Det Norske Akademis ordbok følgjer gjeldande offisiell rettskriving i oppslagsord, og at eventuell rettskrivingsvariasjon for grunnform og bøygde former blir vist med same status. Eventuelle former utanfor gjeldande offisiell rettskriving må markerast.

  • Regjeringa vil arbeide for å fremje utvikling av norsk terminologi gjennom å omsetje standardar og å gjere omsett terminologi tilgjengeleg.

1.10 Norsk teiknspråk

Punkt 10 omtalar situasjonen for norsk teiknspråk som prekær. Språket har ei brukargruppe med eit spesielt utgangspunkt og er under press.

Teiknspråk er fullverdige språk og må ikkje sjåast på som hjelpemiddel for menneske med nedsett funksjonsevne. Teiknspråk er fullt utvikla språk med eigne grammatiske reglar og eigen setningsbygnad. Dei blir oppfatta visuelt (ved hjelp av synet) og uttrykte gestuelt (ved hjelp av synlege rørsler med hendene, andletet og overkroppen). Dette skil teiknspråk frå talespråk, som blir oppfatta auditivt (ved hjelp av høyrselen) og uttrykte vokalt (ved hjelp av stemma).

Regjeringa vil verne og fremje norsk teiknspråk som kulturberar og del av det norske språklege mangfaldet. I framlegget til ny språklov får norsk teiknspråk status som det nasjonale teiknspråket.

Teiknspråkbrukarar har rett til å lære, møte og bruke språket sitt. Eit sentralt språkpolitisk mål må derfor vere å gje så mange som mogleg tilgang til norsk teiknspråk. Det er ikkje ei ulempe for døve og høyrselshemma barn å lære teiknspråk. Tvert imot gjev det dei tilgang til fellesskapen av teiknspråklege og alle teiknspråklege arenaer. For mange i denne gruppa vil også norsk teiknspråk vere den einaste reelle sjansen til å få eit fullt utvikla språk.

Prioriteringar og vidare oppfølging

  • Regjeringa meiner det trengst ein brei gjennomgang av teiknspråkfeltet og vil derfor setje ned eit offentleg utval som skal levere ein NOU. Målet er å leggje grunnlag for eit meir heilskapleg bilete av norsk teiknspråk og behova til språkbrukarane og leggje til rette for ein god sektorovergripande språkpolitikk også på teiknspråkfeltet. Dette arbeidet skal bidra til å synleggjere den teiknspråklege minoriteten. Det er viktig at teiknspråkbrukarane er godt representerte i arbeidet. Ein viktig dimensjon ved arbeidet vil vere å sjå på tilgang til teiknspråk som ein grunnleggjande menneskerett.

  • For å styrkje kvaliteten og kapasiteten på utdanning for teiknspråklærarar held regjeringa fram med å løyve midlar til studieplassar til utdanning innan teiknspråk ved OsloMet – storbyuniversitetet. Frå 2023 vil det bety ei samla styrking på 40 studieplassar.

  • Regjeringa har òg løyvd midlar til utvikling av norsk teiknspråk som masterfag i grunnskulelærarutdanningane for trinn 1–7 og trinn 5–10 og utvikling av eit emne i praktisk-pedagogisk utdanning i teiknspråkdidaktikk.

1.11 Språklova som tiltak

Punkt 11 i proposisjonen gjer greie for korleis framlegget til språklov er å forstå som fundament i ein aktiv språkpolitikk.

Føremålet med lovproposisjonen er å styrkje alle delar av det norske språket. Hovudmålet med språkpolitikken er å sikre norsk som hovudspråket i Noreg, som samfunnsberande språk for heile landet og som forvaltningsspråk i alle sektorar. At vi har to likeverdige og jamstilte norske skriftspråk, er ein verdi i seg sjølv, og språklova legg i tillegg vekt på mindretalsomsynet i eit demokratisk og fleirspråkleg samfunn. Staten får såleis eit særskilt ansvar for å verne og fremje nynorsk, samiske språk, nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Dette skal bidra til meir rettferdige vilkår for bruk av små språk andsynes dei større språka.

Framlegget til språklov følgjer opp språkmeldinga (første del av proposisjonen) som det viktigaste tiltaket. Departementet understrekar at lovfestinga er eit verkemiddel for å bidra til at det offentlege sikrar språka på systematisk vis. I tillegg til ny lov trengst også andre tiltak, slik det er gjort greie for i meldingsdelen.

Punktet slår også fast at lovframlegget er inspirert av internasjonal språkrett, der språkvern er eit viktig demokratisk og kulturelt grunnprinsipp. Retten til å ytre seg på sitt eige språk og aksept for språket som ein integrert del av nasjonal kultur og tradisjon heng saman med ei plikt for staten til å halde språket i hevd og å gjere språket tilgjengeleg i samfunnet.

Vidare orienterer dette punktet om høyringa av lovframlegget som departementet gjennomførte hausten 2019. Hovudsynspunkt frå høyringa er refererte, men elles er synspunkta frå høyringsinstansane omtala i dei aktuelle punkta i dokumentet.

Proposisjonen inneheld òg eit lovforslag for å rette opp ein inkurie i lov av 16. juni 2017 nr. 50 om Likestillings- og diskrimineringsombudet og Diskrimineringsnemnda § 10 fjerde ledd.

1.12 Føremål, definisjonar og verkeområde for lova

Punkt 12 i proposisjonen slår fast at føremålet med lova er å styrkje norsk språk på alle samfunnsområde og i alle delar av samfunnslivet i Noreg, og å sikre at offentlege organ tek ansvar for å bruke, utvikle og styrkje norsk språk, jf. § 1 Føremål. Med «norsk» er meint både bokmål og nynorsk, i tale og skrift.

Dei ulike reglane i språklova sikrar bruk, utvikling og styrking av norsk språk slik: Offentlege organ vil bruke norsk på ein måte som tener føremålet i lova når dei etterlever reglane om bruk av nynorsk og bokmål. Offentlege organ vil utvikle norsk når dei til dømes tek ansvar for å ha norske namn som følgjer offisiell rettskriving, og når dei skriv eit klart og mottakarretta forvaltningsspråk. Offentlege organ vil styrkje norsk når dei fremjar mindretalsspråket nynorsk og held fram med å bruke norsk som hovudspråk i den sektoren dei representerer.

Dei skal også bruke, utvikle og styrkje samiske språk slik det går fram av samelova. I tillegg skal offentlege organ verne og fremje nasjonale minoritetsspråk og norsk teiknspråk. Departementet føreslår å delvis innlemme fylkeskommunane inn i dei pliktreglane i mållova som i dag berre gjeld for statsorgan. Det er elles lagt opp til at språklova skal ha tilsvarande verkeområde som offentleglova.

Framlegg til forskrift om unntak frå pliktreglane i språklova vil bli sendt på alminneleg høyring.

Delar av språklova gjeld òg for munnleg språkbruk, jf. til dømes framlegget til §§ 4 til 6. Pliktreglane i §§ 12 til 18 gjeld likevel berre for skriftlege dokument i det offentlege, og desse reglane er i hovudsak ei vidareføring av reglane i mållova i dag.

1.13 Språka i Noreg

Punkt 13.1 i proposisjonen drøftar forslaget i § 4 om å lovfeste statusen til norsk språk slik at det blir nasjonalt hovudspråk.

Sjølv om norsk språk hittil saknar ein klar rettsleg status uttrykt i lovs form, kan norsk språk likevel kallast offisielt språk, ettersom denne termen ofte blir bruka om språk som i kraft av vedtak eller sedvane har rettsleg status som offentleg administrasjonsspråk i eit land. Administrasjonsspråket er ofte identisk med majoritetsspråket i landet. At språket er offisielt, tyder då at staten har nærare definerte plikter og språkbrukarane nærare definerte rettar til å bruke dette språket i ulike former for språkleg kommunikasjon.

Forslaget vidarefører jamstillinga mellom bokmål og nynorsk.

Punkt 13.2 drøftar forslaget i § 5 om å slå fast status for samiske språk som urfolksspråk i Noreg. Den særskilde stillinga som samiske språk har i nasjonalt lovverk, gjer at departementet tilrår termen «urfolksspråk» om den nasjonale statusen samiske språk har i Noreg.

Punkt 13.3 drøftar forslaget i § 6 om å slå fast status for kvensk, romani og romanes som nasjonale minoritetsspråk. Det dreier seg både om å sikre ein viktig del av kulturgrunnlaget for dei nasjonale minoritetsgruppene sjølve og å yte eit norsk bidrag til å sikre språkmangfaldet i verda. Forslaget slår fast at kvensk, romani og romanes har like stor verdi som bruksspråk og kulturarv som norsk har.

Punkt 13.4 drøftar forslaget i § 7 om å slå fast status for norsk teiknspråk som nasjonalt teiknspråk. Forslaget slår fast at norsk teiknspråk er likeverdig med norsk, både som kulturuttrykk og som språksystem. Norsk teiknspråk er ein del av den norske kulturarven og det språklege mangfaldet som det offentlege har ei plikt til å verne og fremje.

Punkt 13.5 drøftar forslaget i § 8 om å lovfeste ein rett til å få bruke svensk og dansk i skriv til norske styresmakter. Forslaget inneber samtidig at norske styresmakter skal kunne svare på norsk.

1.14 Klart språk og rettskriving

I Noreg finst det ikkje noko generelt rettsgrunnlag for å stille krav til det offentlege om å uttrykkje seg klart og forståeleg.

Punkt 14.1 i proposisjonen drøftar forslaget i § 9 om krav til bruk av klart språk i det offentlege. Paragrafen lovfestar eit ansvar for å kommunisere klart og språkleg korrekt på ein måte som er tilpassa mottakaren. God språkleg kvalitet må til for å sikre den statusen norsk skal ha som forvaltningsspråk, samfunnsberande språk og nasjonalt hovudspråk. Kravet om bruk av klart språk i det offentlege gjeld også samiske språk.

Punkt 14.2 gjer greie for forslaget i § 10 om å slå fast ei plikt for offentlege organ til å bruke offisiell rettskriving. Det slås også fast at statsorgan skal ha namn som finst på norsk, men er ikkje til hinder for at statsorgan kan ha namn på engelsk og andre framandspråk i tillegg.

1.15 Språkvedtak og pliktreglane i lova

Punkt 15 i proposisjonen drøftar paragrafar som i hovudsak er ei vidareføring av gjeldande mållov. I punkt 15.1 gjer departementet greie for forslaget om å vidareføre reglane i mållova som seier at fylkeskommunar og kommunar kan krevje at statsorgan brukar eit visst skriftspråk i brev til fylkeskommunen eller kommunen. Sjå lovforslaget § 11 første ledd.

Punkt 15.2 gjer greie for forslaget om å forenkle reglane for utrekning av fleirtalsspråk innanfor tenesteområdet til eit regionalt statsorgan. Regelen i forslaget seier at det skal eit absolutt fleirtal av bokmåls- eller nynorskkommunar til for at eit regionalt statsorgan skal ha plikt til å bruke berre det eine skriftspråket i til dømes allment tilgjengelege dokument. Sjå lovforslaget § 12.

Punkt 15.3 gjer greie for reglane for veksling mellom bokmål og nynorsk i regionale statsorgan. Forslaget i § 13 er å skjerpe reglane, slik at det til dømes blir kvotefesta at også regionale statsorgan må bruke minst 25 pst. av det eine skriftspråket i allment tilgjengelege dokument. Denne regelen har til no berre sentrale statsorgan hatt plikt til å følgje. Fylkeskommunen blir etter forslaget omfatta av krava om å veksle mellom bokmål og nynorsk dersom dei sjølve har definert seg som nøytrale fylke utan eit spesielt skriftspråk som sitt språklege identitetsmerke.

Punkt 15.4 gjer greie for forslaget i § 14 om å vidareføre reglar i mållova om krav til at statsorgan lagar visse dokument til enkeltadressatar på bokmål og nynorsk samtidig. Forslaget er også at lova pålegg statsorgan å lage dokument som er meinte for skulebruk, på begge skriftspråk – av omsyn til nynorskelevar som møter lita støtte for skriftspråket sitt i samfunnet.

Punkt 15.5 grunngjev forslaget om å vidareføre reglane i mållova om at statsorgan skal skrive til enkeltpersonar og enkeltkommunar på det skriftspråket personen eller kommunen har valt. Etter forslaget skal også regelen gjelde for fylkeskommunar, som ikkje har hatt ei slik plikt før. Sjå lovforslaget § 15.

Punkt 15.6 formulerer på nytt og moderniserer reglane i mållova om at det er ei personleg tenesteplikt å bruke bokmål og nynorsk i skriftleg arbeid. Reglane blir justerte og gjorde gjeldande også for fylkeskommunane. Sjå § 16. Organet skal kunne krevje at dei tilsette brukar bokmål og nynorsk når føremålet er at organet skal etterleve reglar om bruk av bokmål og nynorsk. Organet skal syte for å ha den nødvendige skrivekompetansen som skal til. Det går fram av reglane at organet kan frita medarbeidarar frå krava til å bruke bokmål og nynorsk dersom dei ikkje har gjennomført sidemålsopplæring. Reglane blir gjort gjeldande også for fylkeskommunen.

Punkt 15.7 drøftar kva klageretten etter språklova inneber. Departementet etablerer ein tydeleg klagerett i språklova § 17 for dei tilfella statsorgan bryt reglar om å utferde dokument som til dømes førarkort, skattekort, vitnemål, statsborgarbrev og liknande. Departementet føreslår å presisere kva effekten av klage etter lova er. Departementet føreslår ei eiga føresegn i § 18, som gjev språkorganisasjonar rett til å påpeike brot på reglane overfor eit statsorgan, sjølv om saka ikkje vedkjem dei sjølve.

1.16 Språkrådet

Punkt 16 og 16.1 i proposisjonen inneheld framlegget om å lovfeste Språkrådets oppgåver.

Verksemda i Språkrådet er i dag forankra i vedtekter fastsette av Kulturdepartementet 6. april 2017.

Lovforslaget § 19 gjev Språkrådet ansvar, mynde og oppgåver. Ansvaret blir direkte knytt til reglane om det særlege ansvaret offentlege organ har for språka lova femner om, og til dei meir spesifikke reglane i §§ 11 til 18.

Språkrådet blir med dette sett på som eit verkemiddel for at lova blir etterlevd, og får heimel til å føre tilsyn og å rettleie. Dette sikrar at Språkrådets arbeid blir forankra i lov, og at Språkrådet får eit mandat for arbeidet som er tydeleg for Stortinget, forvaltninga og samfunnet.

Punkt 16.2 gjer greie for ein heilt ny regel i språkregelverket, nemleg at Språkrådet kan be om opplysningar frå tilsyns- og rettleiingsobjekt. Sjå lovforslaget § 20. Dette er ei viktig kontrollføresegn som effektiviserer til dømes tilsynsarbeidet.

1.17 Iverksetjing, overgangsreglar, endringar i andre lover

Punkt 17 inneheld dei reglane som er føreslåtte for iverksetjing og oppheving, og overgangsreglar.

Departementet gjer framlegg om at språklova skal gjelde frå den tida Kongen fastset. Frå same tid vil mållova bli oppheva.

1.18 Økonomiske og administrative konsekvensar

Punkt 18 inneheld ei utgreiing av dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovframlegget.

Framlegget til språklov er utforma slik at det ikkje skal påføre det offentlege eller andre samfunnsaktørar nemnande økonomiske og administrative byrder ut over det som følgjer av gjeldande rett, medrekna folkerettslege plikter.

1.19 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

Punkt 19 inneheld merknader til dei enkelte paragrafane.