Innstilling frå næringskomiteen om representantforslag om ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Bakgrunn

I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa seinast innan utgangen av 2022 kome tilbake med eit framlegg til ein handlingsplan for styrkt tryggleik i fiskaryrket, bygt på ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida (ein nullvisjon).»

Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Karianne B. Bråthen, Per Vidar Kjølmoen, Sverre Myrli og Solveig Vitanza, frå Høgre, Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland og Lene Westgaard-Halle, frå Senterpartiet, Hans Gunnar Holand, Jenny Klinge og Per Olav Tyldum, frå Framstegspartiet, Sivert Bjørnstad og Terje Hansen, frå Sosialistisk Venstreparti, fung. leiar Torgeir Knag Fylkesnes, frå Raudt, Geir Jørgensen, frå Venstre, Alfred Jens Bjørlo, og frå Miljøpartiet Dei Grøne, Rasmus Hansson, syner til Dokument 8:86 S (2021–2022) om ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida.

Komiteen ser på initiativet som viktig og prisverdig. Tryggleiken i fiskaryrket har blitt betre dei siste tiåra, men framleis har fiskaryrket høvesvis fleire dødsfall enn om lag alle andre yrke i Noreg. Det er ikkje ein situasjon samfunnet kan slå seg til ro med.

Komiteen er samd med forslagsstillarane i at ein nullvisjon krev eit langsiktig, systematisk og målretta arbeid av alle aktørar som påverkar tryggleiken til sjøs, og vil måtte gjennomsyre alt ein gjer når ein dei neste tiåra skal vidareutvikle dei norske fiskeria.

Komiteen syner også til at fiskeri- og havministeren i brev til komiteen, dagsett 18. februar 2022 (brevet er lagt ved innstillinga), stiller seg bak initiativet, men ønskjer å vurdere ein nullvisjon for heile fiskerinæringa til sjøs, på lik line med det ein har i vegtrafikken. Statsråden opplyser i sitt svarbrev at Sjøfartsdirektoratet før sommaren 2022 skal utarbeide eit fagleg grunnlag for kva ein nullvisjon på dette området bør innehalde, og korleis han skal følgjast opp, for å vurdere kva tiltak som vil vere mest verknadsfulle. Statsråden vil etter dette forankre ein nullvisjon i Stortinget på eigna måte.

Komiteen merkar seg også at framlegget om ein nullvisjon for omkomne fiskarar på havet får tilslutnad i innkomne høyringsinnspel. Komiteen merkar seg særskilt høyringssvaret frå Norges Fiskarlag, som støttar initiativet og i tillegg gjer grundig greie for korleis næringa i samarbeid med styresmaktene har arbeidd målretta med å redusere talet på ulukker og dødsfall i næringa sidan 1980-talet fram til i dag, og framleis ønskjer å delta aktivt i eit slikt arbeid.

Komiteen viser til at havet gjennom årene har blitt en sikrere arbeidsplass, fordi det har vært satt stort fokus på sikkerhet og blitt gjort flere nødvendige tiltak. Men det er fremdeles svært viktig å fortsette og arbeide målrettet for at havet skal være en sikker arbeidsplass.

Komiteen viser til statsråd Bjørnar Skjærans brev til komiteen datert 18. februar 2022 (vedlagt innstillingen) om at regjeringen har gitt Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å få fram et faglig grunnlag for hva en nullvisjon på dette området kan innebære, og hvordan dette kan følges opp. Arbeidet skal skje i tett samarbeid med næringen.

Komiteen viser til at det er viktig for arbeidet med en nullvisjon at det er forankret i faglige råd. Derfor vil komiteen påpeke at regjeringen nå sammen med partene skal arbeide fram et grunnlag for konklusjoner.

Komiteen stiller seg positive til ein nullvisjon i næringane til havs, og ser fram til at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med ei slik sak på eigna måte, slik statsråden har gjort greie for i svaret sitt.

Komiteen merkar seg at både statsråden og høyringsfråsegner frå Norges Fiskarlag, Redningsselskapet og andre stiller seg positive til initiativet til og ideen om ein nullvisjon i fiskeria.

Komiteen viser til at det i svaret frå statsråden går fram at det nå er sett i gang eit arbeid med å lage ein nullvisjon i fiskeria, og at departementet òg vil vurdere ein nullvisjon for heile næringa til sjøs. Vidare at Sjøfartsdirektoratet før sommaren 2022 skal utarbeide eit fagleg grunnlag for kva ein nullvisjon bør innehalde, korleis han skal følgjast opp m.m. Statsråden opplyser òg at han vil kome tilbake til Stortinget med saka med ei nærmare forankring av nullvisjonen.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Raudt, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne, viser til at det er gode signal frå statsråden, og fleirtalet vil følgje saka tett vidare.

Et annet flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, viser til Dokument 8:86 S (2021–2022) om en nullvisjon for tap av liv på havet. Dette flertallet støtter målet i representantforslaget og deler ambisjonen om at havet skal bli en enda sikrere arbeidsplass.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne viser ellers til innhaldet i representantforslaget og fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa seinast innan utgangen av 2022 kome tilbake med eit framlegg til ein handlingsplan for styrkt tryggleik i fiskaryrket, bygd på ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida (ein nullvisjon).»

Komiteens medlem fra Rødt støtter målet i representantforslaget, og visjonen om at ingen skal dø på havet. Fiskeryrket er et av de farligste yrkene vi har, og det trengs tiltak for å øke sikkerheten til folk som jobber til havs.

Dette medlem vil vise til at tidligere regjeringer har gjort kutt i velferds- og sikkerhetsordninger i fiskerinæringa. Dette medlem vil vise til Rødts alternative statsbudsjett for 2022, hvor Rødt foreslo å sette av midler til å reversere kutt i velferdstilskuddet, og i støtte til sikkerhetsopplæring for fiskere.

Velferdstilskuddet som tidligere regjeringer kuttet i, sørger sammen med finansiering fra fiskernes egne organisasjoner, for drift av velferdsstasjoner langs kysten, og er et viktig tilbud for kystflåten. Dette medlem håper å få støtte for å styrke ordninger for å bedre velferd og sikkerhet på havet i kommende budsjettbehandlinger.

Forslag frå mindretal

Forslag frå Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa seinast innan utgangen av 2022 kome tilbake med eit framlegg til ein handlingsplan for styrkt tryggleik i fiskaryrket, bygd på ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida (ein nullvisjon).

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen blir fremja av medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Raudt.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 8:86 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Olve Grotle, Linda Hofstad Helleland og Lene Westgaard-Halle om ein visjon om at ingen fiskarar skal omkome på havet i framtida – blir ikkje vedteke.

Oslo, i næringskomiteen, den 29. mars 2022

Torgeir Knag Fylkesnes

Alfred Jens Bjørlo

fung. leiar

ordførar