Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om representantforslag om å byggje ny E39–E136 Ålesund–Tresfjordbrua fyrst

Dette dokument

Søk
Til Stortinget

Samandrag

I dokumentet blir det fremja følgjande forslag:

  1. Stortinget ber regjeringa gjennomføre planlegging og utbygging av strekninga Ålesund–Tresfjordbrua som fyrste delprosjektet av ny E39 Ålesund–Molde.

  2. Stortinget ber regjeringa sørgje for at ei reell upartisk utgreiing av andre kryssingsalternativ over Romsdalsfjorden vert gjennomført. Dette gjeld spesielt eit oversjøisk alternativ ved Romsdalsaksen.»

Ein viser til dokumentet for ei nærare utgreiing om forslaga.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Jone Blikra, Kirsti Leirtrø og Nils Kristen Sandtrøen, frå Høgre, Trond Helleland, Erlend Larsen og Charlotte Spurkeland, frå Senterpartiet, Geir Adelsten Iversen, Geir Inge Lien og leiaren Erling Sande, frå Framstegspartiet, Morten Stordalen og Frank Edvard Sve, og frå Sosialistisk Venstreparti, Mona Fagerås, viser til representantforslaget og statsråden sitt svarbrev av 22. mars 2022. Brevet følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre og Senterpartiet, viser til at Samferdselsdepartementet avgjorde konseptet for strekningane Breivika–Digernes og Vik–Molde i 2014. Fjordkryssinga er det mest kompliserte elementet i prosjektet, men samstundes er det denne delstrekninga som gjer størst samfunnsøkonomisk nytte. Fleirtalet viser til at dette vil leggje store føringar på val av løysingar og trasear på land. Det er derfor viktig med god kontroll på fjordkryssinga før ein startar planlegging av strekningane på land.

Fleirtalet viser til at for strekninga Digernes i Ålesund kommune til Vik i Vestnes kommune bad Samferdselsdepartementet Statens vegvesen om å gjere ei tilleggsutgreiing før ein kunne gjere eit konseptval. Utgreiinga vart lagd fram i 2018, og Samferdselsdepartementet avgjorde konseptet i 2019.

Fleirtalet viser til at Statens vegvesen held på med reguleringsplanen for strekninga Ørskogfjellet–Vik i Vestnes kommune. Statens vegvesen held også på med kommunedelplanar for strekninga frå Digernes i Ålesund kommune til Ørskogfjellet i Vestnes kommune. I ein kommunedelplan er det vanleg å greie ut fleire traséar og løysingar innanfor konseptet som er vedteke. Vidare er eit forprosjekt for strekninga Breivika–Digernes i gang for å finne løysingar som tek i vare drikkevasskjelda Brusdalsvatnet.

Fleirtalet viser til at Statens vegvesen legg opp til at det blir vedteke, eit finansieringsopplegg for den nordlegaste delen av E39 Ålesund–Molde først. Eit finansieringsopplegg for resten av strekninga vil bli utarbeidd så snart reguleringsplanar for denne strekninga er vedtekne.

Flertallet viser til at utvikling av strekningen E39 Ålesund–Molde med den fergefrie fjordkryssingen Møreaksen er et viktig prosjekt fordi det gir betydelige reisetidsreduksjoner og et utvidet bo- og arbeidsmarked. Flertallet understreker at det er gjort et viktig arbeid med å optimalisere prosjektet siden forrige NTP. Arealbeslaget er redusert, samtidig som kostnaden er redusert og nettonytten har økt. Bunnpunktet i tunnelen planlegges også nå høyere enn tidligere, noe som vil gi mindre energibehov og reduserte klimagassutslipp. Prosjektet er prioritert for oppstart i første seksårsperiode og forutsatt fullført innenfor NTP-perioden.

Flertallet minner om at valget av løsning for kryssing av Romsdalsfjorden har fulgt vanlig prosedyre, og at konseptet som går under navnet Møreaksen, er valgt. Hovedregelen er at man skal ha en vedtatt overordnet utredning (KVU/KS1) for å få innpass i Nasjonal transportplan. Konseptet for kryssing av Romsdalsfjorden ble utredet i 2010/2011, og regjeringen vedtok trasévalget i 2014. Videre har det vært lagt til grunn at prosjektet som hovedregel skal ha en vedtatt kommunedelplan for å kunne plasseres i første seksårsperiode. Det er vedtatt reguleringsplan for fjordkryssingen (Møreaksen), og reguleringsplaner for Vik–Ørskogfjellet og Julbøen–Bolsønes er til behandling. I tillegg jobbes det med nødvendige avklaringer for de øvrige delene av strekningen E39 Ålesund–Molde.

Flertallet viser til at E39 Ålesund–Molde har vært utredet flere ganger, sist høsten 2021, da Samferdselsdepartementet ba Statens vegvesen gjøre en tilleggsutredning. Kunnskapsgrunnlaget for alle de ulike alternativene for kryssing er dermed nylig oppdatert og gjennomgått, og Statens vegvesen har igjen konkludert med at løsningen som ligger i Nasjonal transportplan 2022–2033, er den beste.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at Møreaksen under fjorden også vil påverke miljøet negativt. Berekningar frå Lastebileigarforbundet viser at 240 vogntog i døgnet vil medføre 2 230 tonn CO2-utslepp frå Møreaksen. Ved ferjedrift vil utsleppa vere 0 tonn CO2 og ved Romsdalsaksen 1 034 tonn. Med andre ord har Møreaksen ein negativ miljøeffekt som vil motarbeide dei nasjonale klimamåla.

Desse medlemene viser til at over Romsdalsfjorden går det fire store heilt nye elferjer som har nullutslepp. Kapasiteten her er ikkje utfordra og kan aukast med enda ei ny ferje sett inn i sambandet om nødvendig. Dette er både billig og miljøvennleg.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet viser til at trafikken frå Ålesund til Molde går langs ulike strekningar der E136 frå Ålesund via Vestnes og vidare opp Romsdalen mot Bjorli og grensa mot Innlandet er den mykje omtalte «eksportvegen» i Møre og Romsdal. Møre og Romsdal fylke er Norges største eksportfylke målt pr. innbyggjar og står for ein svært stor del av næringstrafikken i landet.

Desse medlemene peiker på at frå Ålesund til Vestnes og Tresfjordbrua og vidare opp Romsdalen går store delar av næringstrafikken frå søre, indre, ytre, nordre Sunnmøre og frå Ålesunds-området. I tillegg kjem det meste av næringstrafikken frå Molde og Kristiansund-regionen via Åfarnes–Sølsnes og fv. 64 til Åndalsnes og vidare opp E136 Romsdalen. På strekninga E39/136 Ålesund/Moa til Digerneset er ÅDT på over 11 000 bilar i døgnet og i området lenger sør inn mot Moa 20–25 000 bilar i døgnet. Vidare går trafikken mot Sjøholt, der trafikken spreier seg mot Fjord og Stranda kommune og Geiranger-området, som har svært stor trafikk spesielt om sommaren. Desse medlemene viser til at ÅDT her er om lag 7 200 bilar i døgnet. Vidare over Ørskogfjellet er ÅDT om lag 4 500 bilar i døgnet. Trafikken deler seg derifrå vidare mot Molde via ferjestrekninga Vestnes–Molde over Romsdalsfjorden, med ein ÅDT på om lag 2 250 bilar i døgnet. Desse medlemene viser til at planarbeidet har stått stille i dette området, der det er vedteke å dele opp planarbeidet i ulike strekningar. Den viktigaste strekninga som også har størst trafikk – mellom Moa og Digerneset – er utsett på ubestemt tid.

Desse medlemene viser til at trasévalet for strekninga Digerneset–Ørskogfjellet ikkje er klar. Strekninga vidare frå Ørskogfjellet til Vik, med arm vidare på E136 til Tresfjordbrua, har ein planprosess som no ligg ute til høyring. Planprosessen møter stor motstand lokalt – befolkninga og mykje av næringslivet ynskjer ikkje Møreaksen. Det er også betydeleg lokal motstand mot å leggje ny E39 gjennom Molde by. Sjølve fjordkryssinga er planlagd med firefeltsveg i ein svært djup undersjøisk tunnel og med ei høg bru over Julsundet. Desse medlemene viser til at det her skal brukast fleire titals mrd. kroner på firefelts veg, på ei strekning som har ÅDT på om lag 2 300.

Desse medlemene peiker på at derimot er vegstrekninga frå Moa til Digerneset, med over 11 000 bilar i døgnet, utfordrande med smal veg og låg fart. Vidare er det store utfordringar med vegen som i dag går gjennom Sjøholt sentrum, som ikkje har ein god nok standard for ein stor og viktig europaveg, verken for innbyggjarane som bur der, eller for næringslivet. Vegen vidare over Ørskogfjellet har store utfordringar der ein berre har planlagt krabbefelt på Ørskog-sida som no vert bygd ut, men der traseen vidare til Tresfjordbrua og Vestnes ikkje er godt nok planlagd.

Desse medlemene meiner at Statens vegvesen må prioritere planarbeidet og bygging av vegstrekninga mellom Ålesund og Vestnes/Tresfjordbrua fyrst. Ein vil då kunne ha tilstrekkeleg tid til ei grundig, samfunnsnyttig og upartisk utgreiing av Romsdalsaksen for kryssinga av Romsdalsfjorden. Sjølve fjordkryssinga må bli siste prosjekt og hastar ikkje.

Desse medlemene viser til at EU sitt vegdirektiv seier at nye vegar skal leggjast utanfor byområde. Statens vegvesen sine planar for Møreaksen er ikkje i tråd med dette direktivet og heller ikkje med EU-kravet om at nye vegar skal byggjast flatast mogleg. Dette er for å hindre unødig høg drivstoffbruk og hindre store utslepp til det beste for miljøet. Europavegar i byområde reduserer også bukvaliteten.

Desse medlemene viser til at Stortinget ved fleire anledningar har fått seg førelagt prioriteringar av Møreasken i ulike planar og i NTP, som sist vart lagd ved protokollen i Stortinget. Likevel er det på sin plass å peike på at dette prosjektet ikkje har kome langt i planprosessen, og at det ikkje er gjennomført KS2 og vidare kvalitetssikring. Desse medlemene meiner dette ikkje er ei forsvarleg sakshandsaming av eit prosjekt til fleire titals milliardar kroner, som verken har eit vedteke eller godkjent endeleg traseval.

Desse medlemene fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa gjennomføre planlegging og utbygging av strekninga Ålesund–Tresfjordbrua som fyrste delprosjektet av ny E39 Ålesund–Molde.»

«Stortinget ber regjeringa sørgje for at ei reell upartisk utgreiing av andre kryssingsalternativ over Romsdalsfjorden vert gjennomført. Dette gjeld spesielt eit oversjøisk alternativ ved Romsdalsaksen.»

Forslag frå mindretal

Forslag frå Framstegspartiet:
Forslag 1

Stortinget ber regjeringa gjennomføre planlegging og utbygging av strekninga Ålesund–Tresfjordbrua som fyrste delprosjektet av ny E39 Ålesund–Molde.

Forslag 2

Stortinget ber regjeringa sørgje for at ei reell upartisk utgreiing av andre kryssingsalternativ over Romsdalsfjorden vert gjennomført. Dette gjeld spesielt eit oversjøisk alternativ ved Romsdalsaksen.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga vert fremja av medlemene frå Arbeidarpartiet, Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til representantforslaget og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Dokument 8:143 S (2021–2022) – Representantforslag frå stortingsrepresentantane Frank Edvard Sve, Morten Stordalen og Sylvi Listhaug om å byggje ny E39–E136 Ålesund–Tresfjordbrua fyrst – vert ikkje vedteke.

Vedlegg

Vedlegg finnes kun i PDF, se merknadsfelt.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 10. mai 2022

Erling Sande

Geir Inge Lien

leiar

ordførar