Søk

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

I samsvar med Grunnlova § 75 bokstav i blir det i proposisjonen lagt fram ei liste over dei pensjonane som gjeld mellombels, og som ikkje blei reviderte av det førre Stortinget.

Det blei i 2021 utbetalt 15 956 253 kroner. I statsbudsjettet for 2022 er det løyvt 16 800 000 kroner på kapittel 611 Pensjoner av statskassen.

1.2 Omtale av ordninga

Pensjon frå statskassa er ei særordning som gjev Stortinget høve til, ut frå ei vurdering av om det er rimeleg, å gi ei pensjonsyting til personar som ikkje har kunna tene opp pensjonsrettar på vanleg måte. Pensjonen byggjer ikkje på rettskrav, lov eller forskrift og blir gjerne omtala som gåvepensjon.

Proposisjonen gjeld lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar. Dei er i hovudsak sjølv borgarar i landet der dei arbeider.

Lokalt tilsette ved norske utanriksstasjonar skal sikrast gjennom lokale trygde- og forsikringsordningar, jf. Utanriksinstruksen.

Dei aller fleste lokalt tilsette er i dag omfatta av lokale ordningar. I nokre tilfelle kan det likevel hende at det ikkje finst lokale ordningar, eller at dei aktuelle ordningane ikkje sikrar dei tilsette tilstrekkeleg. I ein slik situasjon kan utanriksstasjonen søkje om pensjon frå statskassa.

Eventuell yting frå lokal pensjonsordning skal kome til frådrag i pensjonen frå statskassa. Lokale ytingar som blir utbetala månadleg, blir i hovudsak samordna som pensjonar frå norsk offentleg tenestepensjonsordning. I staden for månadlege utbetalingar er det i nokre land vanleg at pensjonen blir betalt ut som eit eingongsbeløp ved pensjonering. Slike ytingar kjem til frådrag i pensjonen ved at tidspunktet for utbetaling av pensjon blir utsett.