Søk

Sammendrag

Finansdepartementet legg fram meldinga om statsrekneskapen for 2021.

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2020 til 2021 og overført løyving frå 2021 til 2022. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Det er lagt vekt på å forklare avvik mellom budsjett og rekneskap for 2021. Budsjettutviklinga gjennom 2021 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2021–2022) Ny saldering av statsbudsjettet 2021. Året 2021 har som 2020 vore eit utfordrande år med store konsekvensar for norsk økonomi, personar og verksemder. Kraftfulle finanspolitiske verkemiddel knytte til koronapandemien er førte vidare, og det er i saldert budsjett 2021 og gjennom året budsjettert med eit oljekorrigert underskot på nivå med 2020. Til tross for eit stort oljekorrigert underskot, dekt med overføring frå Statens pensjonsfond utland, syner fondet eit overskot i 2021. Det kjem mellom anna av rente- og utbyteinntekter i fondet og ein kraftig auke i netto kontantstraum frå petroleum som følgje av historisk høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021. Kapitalen i Statens pensjonsfond utland auka med 1 448 mrd. kroner i 2021.

Rekneskapen og denne meldinga speglar statens ut- og innbetalingar og balanse til og med 31. desember 2021, i tråd med prinsippa for føring av statsrekneskapen, sjå kapittel 4.4.

Kapittel 1 gjer greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalte. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Ein viser til meldinga for nærare omtale.