Søk

Sammendrag

Helse- og omsorgsdepartementet gjer framlegg om at departementet får fullmakt til å gjere endringar i basistilskot, driftstilskot og folketrygdrefusjonar for legehjelp, psykologhjelp og fysioterapi frå 1. juli 2022. Endringane for legehjelp og psykologhjelp vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med Den norske legeforening og Norsk Psykologforening. Endringane for fysioterapi vert gjorde på grunnlag av forhandlingar med dei tre fysioterapeutorganisasjonane Norsk Fysioterapeutforbund, Norsk Manuellterapeutforening og Privatpraktiserende Fysioterapeuters Forbund. Endringar i refusjonstakstane blir fastsette i forskrifter. Forhandlingane med dei nemnde organisasjonane er enno ikkje avslutta.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget med framlegg om eventuelle løyvingsendringar.

Basistilskot, driftstilskot og takstar for legar, psykologar og fysioterapeutar vert fastsette for perioden 1. juli til 30. juni påfølgjande år.

Tingingane med Den norske legeforening og staten, KS og dei regionale helseføretaka om basistilskot, driftstilskot og takstar for tidsrommet 1. juli 2022–30. juni 2023 tok til 20. mai 2022. Tingingane mellom fysioterapeutorganisasjonane og staten og KS om driftstilskot og takstar starta 25. mai. Tingingane om driftstilskot og takstar mellom Norsk Psykologforening og staten og dei regionale føretaka starta 20. mai. Ingen av desse forhandlingane er avslutta. Partane held fram tingingane med sikte på å nå fram til avtalar i løpet av juni.

Spørsmålet om eventuelle endringar i utgiftene til kommunar, regionale helseføretak og folketrygda frå 1. juli 2022 på bakgrunn av forhandlingane med Den norske legeforening, Norsk Psykologforening og fysioterapeutorganisasjonane kan ikkje leggjast fram for Stortinget til handsaming i vårsesjonen. Regjeringa gjer difor framlegg om at det blir gitt fullmakt til å gjere endringar i budsjetta til dei regionale helseføretaka, trygderefusjonane og løyvingane til kommunane som følgje av forhandlingane, samt endra forskrifter. Løyvingssakene vil bli lagde fram for Stortinget seinare.