Søk

Bakgrunn

I dokumentet blir følgjande forslag fremja:

  1. Stortinget ber regjeringa syte for at dei strenge miljøkrava som gjeld ved nye vasskraftutbyggingar i dag, blir lagde til grunn når Røldal–Suldal-konsesjonane blir reviderte.

  2. Stortinget ber regjeringa syte for ein ny gjennomgang av heile Røldal–Suldal kraftanlegg og vassdraget frå høgfjellet til Suldalsvatnet med sikte på å byggje om og oppgradere anlegget for å utnytte vatnet på ein meir berekraftig måte, med langt betre natur- og miljøomsyn.

  3. Stortinget ber regjeringa syte for at manøvreringsreglementet for vasskraftanlegget blir oppdatert i tråd med innspela frå kommunestyret i Ullensvang.

  4. Stortinget ber regjeringa leggje til grunn at dei nye kompensasjonsvilkåra for vertskommunane og grunneigarane for Røldal–Suldal kraftanlegg skal byggje på føresetnadane og lovnadane gjennom vedtak om heimfall etter 60 år, slik som Stortinget gjorde i 1962.»

Ein viser til dokumentet for nærare omtale av forslaga.