Søk

Sammendrag

Merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Datatilsynets årsrapport

I punkt 1 i meldinga går merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Datatilsynets årsrapport for 2021 fram. Årsrapporten er vedlegg til meldinga. I meldinga blir det vist til at Datatilsynet i meldingsåret særleg har prioritert arbeid med saksbehandling og kontroll (punkt 3.1 i meldinga), personvernproblemstillingar knytte til pandemisituasjonen (punkt 1.1 i meldinga), regulatorisk sandkasse for kunstig intelligens (punkt 1.2 i meldinga), internasjonalt samarbeid (punkt 1.4 i meldinga) og personverntematikk knytt til skole, barn og unge (punkt 1.3 i meldinga). I tillegg har Datatilsynet hatt andre vesentlege aktivitetar i 2021, slik som arbeid med informasjonssamfunnstenester og annonseindustrien («ad tech») (punkt 1.5 i meldinga).

Det blir i meldinga vist til at prioriteringane mellom anna er baserte på desse punkta i hovudstrategien til tilsynet:

  • Å arbeide for ein meir rettferdig maktbalanse mellom individet og kommersielle/offentlege aktørar.

  • Å fremme personvernvennleg digitalisering, innovasjon og utvikling.

  • Å vere eit kompetent, fleksibelt og framtidsretta tilsyn.

I punkt 2 i meldinga går merknader frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport for 2021 fram. Årsrapporten er vedlegg til meldinga. I kapittelet er blant anna følgjande tema omtalte: talet på saker, vedtak og møte, personopplysningslova 2018, koronapandemien, saksbehandlingstid, vedtak som rettleiing, tema for sakene (bl.a. kameraovervaking, personopplysningar i arbeidstilhøve, sletting av søketreff i Google, publisering av personopplysningar på nett), framtidsutsiktene for nemnda, at det er komplekse og krevjande saker, og departementet si vurdering av nemnda sitt arbeid.

I punkt 3 i meldinga er det eit kapittel om administrasjon og ressursar. I punkt 3.1 blir det gitt ein omtale av budsjettet og rammevilkåra til Datatilsynet. Her blir det blant anna gitt ein omtale av bruken av tildelte budsjettmidlar, om leiinga og organiseringa av tilsynet, om saksmengda og tema for sakene (bl.a. personvern i kundeforhold, bruk av helseopplysningar og personvern på arbeidsplassen). Det blir vidare gitt ein omtale av talet på og tema for avviksmeldingar og om auken i talet på vedtak, fordoblinga av avgjerder om gebyr og om auken i krav om innsyn etter offentleglova. I punkt 3.2 blir budsjettet og rammevilkåra til Personvernnemnda omhandla. Det blir gitt ein omtale av organiseringa og leiinga av organet, av sekretariatet og om bruken av budsjettmidlane.

I begge desse kapitla vurderer departementet korleis løyvinga er brukt og oppgåvene er gjennomførte i 2021.